På skattejakt

17. juli 2015

I dag vakna vi eigentleg til «innever», vind og bygever, grått og trist.

Men trauste vestlenningar har då både  regnkle og støvlar med seg på ferie, så vi kledde oss i hyre og satte kursen for båt, og ekspedisjon «Skattejakt tur».

blogg 17 juli 1

Helgeland har så mykje holmar og skjær, så langt auget kan sjå, og her rek det inn både det eine og det andre som havet spyttar på land.

Det var slikt vi skulle finne, hemmelege skattar, kråkesølv og narregull 😉

Laurits starta båtturen på fanget mitt, men høyrselvern på hovudet og ei ganske  bleik mine.

Han avslutta i baugen på båten , med Georg som sjåfør ilag med pappa.

blogg 17 juli 7

Det er berre heilt utruleg å sjå kor han no kose seg i båt, så lenge han har høyrselvern på vel å merke.

Vel ute på holmane begynn vi å leite.

Alt der ute vert jo skattar, frå eit bein frå eit eller anna dyr, til ei flaske med zalo som har drive i land.

blogg 17 juli 5

Gutane vandra rundt, Laurits lett nynnande på ein eller annan julesong, men begge to på og på utkikk etter ein eller annan skatt som kunne dukke opp!

Eg undrar meg stadig over kor «på» mine born kan vere sjølv om dei ser ut som dei vandrar i heilt andre tankar på heilt andre planetar!

Og kor dei kose seg der ute!

Eg fekk meg ein påminnar og at det enklaste kan ofte vere det beste.

Det treng ikkje alltid å koste skjorta for å få ei oppleving ein seint vil gløyme.

Og eg fekk meg og ein påminnar om at data tek mykje tid, teknologi i det store og det heile stele mykje tid,frå meg og, ikkje berre gutane.

Det var godt å berre gå på holmane i dag å spekulere litt…

blogg 17 juli 4

Vi fekk sjå eit yrande dyreliv der ute og.

Nærkontakt med i ørn som letta sin mekige venger i det vi kjørte forbi med båten, det var et flott syn <3

Gutane har jakta på von, eit  lite gnagardyr som lagar hol og tunellar i marka, ein kan sjå det her ute at det er fullt av hol i marka der vonen har vore.

Dei var jo hellig overbevist om at det var ei «myyys»- eller mus, som vi andre dødelege ville ha kalla det.

Men kven bryr seg? Hund er hund liksom ;);)

Og eg må og seie at det er rimeleg sært å kjøre båt langt utover og plutseleg sjå ein rein, majestetisk med store horn, midt oppå ein holme.

Han var ikkje heilt aleine altså, det var nokre fleire med han.

Fekk dessverre ikkje tatt bilete av den, vi kjørte litt for fort.

Så, kva spekulerte unge lovande Larsen på der ute på holmane i dag skal tru?

Veit de, eg har nok heilt sikkert lest litt for mykje krim siste 20 åra, for eg gjekk faktisk å spekulerte på  kor utruleg godt desse holmane kunne passe ein skikkelig blodig og spanande kriminal roman.

«Kven er den mystiske gule skapningen som plutseleg dukkar opp på holmar på Helgelandskysten?? Er det nokon som går att etter eit skipsforlis? Eller kan det ha noko med den einsame hytta midt på øya å gjere…»

blogg 17 juli 3

 

blogg 17 juli 2

 

Hehe, kanskje eg må skrive den ferdig ein gang?? 😛

Det er i alle fall sjelero i finne i godt lag på slike holmar:)

Og skattar fekk vi nok av 🙂

blogg 17 juli 6

 

Ynskjer de alle ei fantastisk flott helg <3

 

Kanskje skal de på skattejakt og?

 

<3<3 Ragne Beate