Smerter, vanskelig å skilje

22. juli 2015

Då har AS Larsen komt seg heim frå ein kjekk,men dog travel familieferie. Akkurat det trur eg ikkje vi er aleine om.

Borte bra, men heime best er det eit ordtak som seier 🙂

Før eg skriv litt om smerter, så vil eg kome med eit lite hjartesukk.

Eg fattar og begrip ikkje kva folk tenkjer med når dei ferdast langs vegen på E6 i juli.

Ynskjer dei ikkje å kome fram til destinasjonen sin, eller har dei eit morbid ynskje om å ikkje kome fram, og helst ta med seg flest mogeleg på vegen?

Ein ting er utanlandske bobilar som kan kjøyre litt sakte på norsk «krøttarsti E6» (De som har kjøyrt nordover etter Steinkjer veit kva eg meiner), eller bilar med campingvogner som kanskje, spesielt i oppoverbakkar kan sinke litt, men hallo i luken du med mykje motor og tydeligvis er i ei eller anna slags form for midtlivskrise.

SKJERP DEG!

Kor mange minutt sparte du på forbikjøyringa som nesten tok livet av både deg og fleire?

Du skjønar, eg har nemlig SVÆRT verdifull last, og ingen å miste!

Og eg er glad i mitt eige liv og, du skjønar, eg har faktisk mange som treng meg, som kjem til å trenge meg lenge..

Å kjøyre forbi er ikkje ulovlig, men det er strengt ulovleg å ikkje bruke vet, meine no eg!

Dagens sure –uuul  frå Fru Larsen.

blogg 13 mai 1

Det å ha vondt, anten om man har slått seg eller er sjuk har alltid vore vanskeleg for mine gutar.

Eg plar seie at ei flis og eit beinbrot kan vere likestilt, lyden er den same.

Når eg meiner lyd så meina eg dei intense hyla som høyrast herifrå til månen.

Mange foreldre som har born med autisme seier det same, og borna blir framstilt som om dei har ein høg smerte terskel.

Det er godt mogeleg dei har det, men eg opplev og at det som ikkje kan sjåast er vanskeleg å forholde seg til.

Ta for eksempel øyreverk eller haudeverk kontra ei sår på ei hand.

Ein kan jo ikkje sjå øyreverken, men ein kan føle den.

Men korleis føle man noko man ikkje kan sjå?

Og korleis kan ein klare å forklare kor ein har vondt, når ein kjenne ei smerte ein ikkje veit kor kjem ifrå

Eit sår på handa kan ein jo forklare, det er der, det blør ofte og det kvalifiserar til eit plaster.

Eg som mamma må vere veldig obs på endringar hos mine, sjølv om dei no har eit språk som dei kan bruke, for mine klarar framleis ikkje å formidle om dei har vondt eller ikkje.

Endringar i synging, slapphet, adferd osv.

Det kan vere vanskeleg for andre som ikkje opplev det, å skjøne at borna ikkje klarar å formidle, men det er ei sanning vi må ta med oss, som vi må ta hensyn til og som borna treng hjelp med, det som så mykje anna.

Eg pleie å forklare korleis gutane mine har det slik:

«Dei spyr fyrst og forklare etterpå»

Med det meinast at dei har i forkant gått rundt å vert ugne, kvalme, følt seg sjuke, men har ikkje klart å fortelje det, før dei kaste opp..

Då skjønar jo dei kvifor dei har følt seg slik- dei kan sjå det.

Dette med smerte er ein av dei tinga eg synest er vanskeligast med mine sine, fordi eg er så redd for å oversjå noko, eg ynskjer ikkje at dei skal gå rund å ha det vondt!

Så eg passar på, eg går til legen med dei når magefølelsen seier at eg må det, og eg sjekkar heller to gonger for mykje enn ein gong for lite.

 

Det er nemleg mamma sin jobb!

blogg 22 juli 1

 

Har dine born også problem med smerteforståinga?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

  • Helene

    smerte er et relativt og iblandt stort begrep her i huset. Blir enorme høner av mikroskopiske fjær for å si det sånn. Varme og kulde er også et tema her. Føler han det? Han har språk, så det står ikke på det- men merker ikke kulde/varme virker det som.
    Disse bil-tullingene du beskriver er det jammen nok av- jeg blir helt sjokkert over hvordan folk leker med sitt eget- og ikke minst andres liv i disse ferietider. Skremmende!

  • Marit

    Ja, dette er vanskelig. Min gutt lager ikke mye bråk av ting som åpenbart må ha vært vondt, han kan ha digre blåmerker på beina uten at noen av oss vet hvor de kom fra. Hvis han slår seg gir han umiddelbart uttrykk for at noe er vondt, men så er det over på bare sekunder. Jeg tolker det som at han ikke driver med «sosial skriking» – mens vi andre ofte sutrer litt ekstra for å få oppmerksomhet, trøst og kanskje en bestikkelse, så er han ferdig med en gang den umiddelbare smerten er over.

    Det vanskeligste er usynlige ting – øreverk, magevondt etc. Vi har mange ganger mistenkt noe sånt uten å ha sjanse til å undersøke. Det er veldig sårt! Jeg tenker liksom at om han hadde lært å bruke noen ord så ville det hjulpet, men slik dere forklarer det så hjelper kanskje ikke alltid ordene heller…skal ikke være lett, dette.