Forventningar- det er så vanskeleg!

28. juli 2015

God formiddag i stua på siste tysdagen i juli 🙂

Eg har innsett ein ting, at nokon sånn der «super blogger» det vert eg aldri..

Bloggen min den vert oppdattert i hytt og pine med jamne og ujamne mellomrom, men slik må det berre vere.

Heilt ærleg, eg trur neppe de er interessert i kva hårprodukt eller solbrille eg brukar, eller kva eg et på skiva mi, eg anar knapt namnet på dei sjølv, så lenge eg ikkje vert blenda av sola, og håret kjennast reint og lukta godt etter ein dusj så er eg nøgd.

(Men berre for å stille nyskjerrigheta dykkar, så et eg to skive med ost og syltetøy kvar morgon ilag med 3 koppar med kaffi-med melk-haha!)

Men, når eg tenkjer meg om så er jo «På randen med Ragne» eit lite bilete på korleis ein kan ha det ilag med autisme- sett frå mi side, og då er det og nødvendigvis slik at ein ikkje alltid verken har tid eller hovud til å skrive noko somme gonger.. og då let eg vere 😉

blogg 28 juli 1

Eg har skrive litt om forventingar før, det gjekk vel meir på mine eigne forventingar om korleis livet skulle vere.

I dag har eg lyst å skrive litt om forventingar , og kvifor det er den store utløysande faktoren i mange tilfeller som gjere at ting skjere seg totalt for borna.

Veit de, forventingar er KJEMPEVANSKELEG!

Kvifor?

Jo, fordi kommunikative evna er så dårleg.

Og fordi born med autisme- i alle fall er mine bygde slik- kun har ein avknapp eller ein på knapp.

Anten er mine born dritforbannja, eller så er dei heilt i hundre og ti.

Dvs.. dei er sjeldan små sur eller små lei seg.

Så kva skjer då med ei forventing?

Ei forventing er jo å sjå fram i tid for noko som skal kome, anten ei gåve, eit reise, kanskje eit bursdagsselskap osv.

Har eg fortalt de om den gongen då gutane våre vart 4 år?

Dei hylte ein heile dag, det var eit leven av ein anna verd, og eg gjekk med tårer i augene heile dagen og tenkte berre at det her må vi få overstått.

Så kom vi til tida då lysa skulle blåsast ut på kaka, sånn i 4-5 tida veit de, det er jo då ein feirar ein bursdag.

Gutane blåste ut lysa på kva si kake, også seie eine guten, med eit hjartens sukk og lettelse:

«Mamma- ferdig bursdag»- og etter det vart det heilt stilt!

Det viste seg at gutane si forventing av ein bursdag var å blåse ut lyset på kaka- ergo hadde eg visst det så hadde eg smokka eit lys på skievene deira klokka 0500 om morgonen og vore ferdig med heile greia!

blogg 13 mai 2

Andre forventingar skapar og frustrasjon og ikkje minst angst.

Som når ein er blitt lova ein ting- ein gong.

Kva er eigentleg «ein gong»- er det 2 dagar til? 4? kanskje 10?

Ein går i hakk.. gutane går i hakk.

I staden for å vente, så vert frustrasjonen større og større, maset vert verre og verre, ein får ikkje svar, ein får ikkje riktig svar, ein skjønar ikkje når tid.

Ballen rullar og rullar og rullar.

Nei, eg seier ikkje at born med autisme skal få alt dei peikar på, eg seier berre at når dei har fått ei forventing i hovudet sitt, og ikkje har fått eit klart svar på korleis denne forventinga skal gjennomførast , så klare ikkje dei fortelje deg korleis det er oppe i hovudet deira, og ergo går ein inn i ein ond sirkel, der mykje kan bli misforstått!

Eg har gått på mang ein smell der sjølv, før eg skjønte at forventingar faktisk var ein av dei følelsane, om ein kan kalle det det, som er vanskeligast og tolke- for dei.

Den er og vanskeleg å tolke fordi born med autisme og slit med å lese anletet ditt.

Kombinasjonen kan verte fatal.

Og her er eit typisk tilfelle der bornet blir stempla som vanskeleg, uoppdragent eller i verste tilfelle som ufin.

Når sanninga er at dei har ei forventing om noko som skal skje, som er så ustrukturert og uforutsigbart for det at det kokar over i topplokket.

 

Tenk over om du skulle på Lady Gaga konsert, og du forventa full trøkk, også viste det seg at Lady Gaga var en gammal man med stokk som song sjømannsviser og rapa mellom kvar linje.

 

Hadde du vore litt skuffa og en semule ferbandet sjølv då?

blogg 28 juli 3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • Marianne

    Og når vi tenker på hvor vanskelig det er for oss å tolke deres forventninger, tenk på hvor vanskelig det er å tolke andres forventninger til dem!

  • Karianne

    Forventninger er vanskelig, til store anledninger som bursdag og ferie, så lager vi kalender og teller ned til det som skal skje. Hjelper til med å holde orden på dagene.. Litt i alle fall.