Blir det nokon gong betre?

29. juli 2015

I kveld skal eg skrive mitt fyrste «skyte meg sjølv i leggen» blogg innlegg, utan tvil.

Utan å utlevere for mykje så har vi vore med på mykje rart med gutane våre på den tida dei har vore ein del av livet vårt, og eg hugsar for nokre år sida, når det verkeleg kokte som verst, at eg tenke- vil det her nokon gong verte betre?

blogg 29 juli 2

Eg snakka med foreldre som hadde eldre born med autisme , og dei sa :

«Joda Ragne, bare slapp av! Når dei vert så og så store så vert det betre»

Så vart mine større, og eg følte eigentleg at ingenting endra seg eg då, og holdt dermed på mitt.

«Ingen endring, sånn som det her blir det nok berre, hold stilt de andre-de anar ikkje kva de snakkar om»… osv osv…

Typisk Ragne Beate, staaste dama i NATO, har ho bestemt seg for noko så vert det sånn gitt!

Men, veit dokke kva, som vi seie her heime som eg bur, eg har tatt feil.

Eg har skote meg sjølv i foten.

Det kan bli betre, og grunnen svært enkel..

Vi lære vegen ilag <3

Vi som foreldre er blitt flinkare til å forstå, og borna dei utvikle seg, i kvar sitt tempo, men a likevel med pil oppover.

Utfordringa blir ikkje borte, den har bare endra seg.

Den har endra form, den har endra karakter og den har endra farge på ein eller annan måte.

Kanskje frå heilsvart til mørkeraud?

blogg 5 juli 1

Utfordringa som var meir fysisk før, er nok blitt meir psykisk, med det meine eg at ein har vorte meir sjølvstendig på nokre plan, men misser forståinga på andre.

Gutane, iallefall ein av dei stille og meir spørsmål til eige liv no, noko som ikkje førekom før.

Ein kan berre gløyme å vere sjenert, spørsmåla som kjem ,alt mellom himmel og jord, det kan få ein full sjømann til å rødme..

I alle fall eg 😉

Men svara må ein, for det konkrete kan ein ta i, det abstrakte det legg vi på is.

Forståing og innsikt har gjort vår kvardag betre, men det krev sin mann å oppretthalde det, slik at ein ikkje misser undervegs.

Utfordringa vert annerleis dess eldre borna blir, her heime merke vi ikkje så mykje til det, fordi vi har vår dag rimelig «lina og strukturert», og ergo kjem reaksjonane når vår kverdag kjem utav system.

Men eg ser jo sjølv at mens andre born på same alder er i rivande utvikling , så er mine eigne i si eiga utvikling- avviket der er stort- om ein samanligne med dei som er jamaldringar.

No gjere ikkje eg det lenger, eg orke ikkje!

Eg orke ikkje utsette meg for det, og kvifor skal eg gjere det?

Kvifor skal eg pine meg gjennom ei samanlikning som aldri vil verte reel for oss uansett?

Eg skjite i det for å seie det på godt norsk!!

Blir det betre?

Ja, eg trur no det kan blir det, om ein klare å sjå det den vegen.

Ikkje alltid, det vil alltid vere periodar som ikkje er bra- periodar som er så hinsides at du bare har lyst til å hyle!

Det vil og vere periodar der ting går så bra at du lure på om du skal klype degsjølv i armen og vakne frå ein eller annan draum..<3

Det vil aldri bli som alle andre sitt, og du vil alltid måtte yte max, akkurat der vert det kanskje ikkje lettare sånn sett, sida dei vi ikkje skal samanlikne oss med har utfordinga med å gje slepp på ein heilt annan måte enn oss, som må trene på å klare å gje slepp, og ruste våre born nok til å kunne få lov til å gje slepp, om de skjønar kor eg vil?

Uansett, slik er ditt liv blitt.

blogg 29 juli 1

 

Kanskje vi skal prøve å ta livet slik det kjem? – Eg skal i alle fall prøve, eg lovar <3

 

<3<3 Ragne Beate