Om det her med å være ein «dum» forelder.

30. juli 2015

God kveld i stua 🙂

I dag har gutta boys vore på avlastning ein 4-5 timar med to superkjekke jenter.

Den eine er ny, jobba berre eit par mnd, den andre har steppa inn som ferie vikar, men har jobba med eine guten vår for nokre år sida.

Det er så kjekt å sjå kor glade borna er når dei kjem heim, og har opplevd noko anna enn å berre gå rundt føtene til mamma og pappa.

Sjølv om dei slit med å formidle kva dei har gjort, så kan ein sjå i augene deira at dei har hatt det fint.

Då har mammaen det godt og <3

I dag har eg vore tiltakslaus og lat.

Haha, ja tenk det, turbotrollet kan også ha slike dagar.

Eg og mannjen har sett på «Game of Thrones» på dvd, lagt på sofaen og drukke kaffi og spist sjokolade.

blogg 30 juni 1

Avogtil trengs det slike dagar, eg burde heilt sikkert vore flinkare til å gjere slikt, men eg får skryte dei dagane eg får det til då;)

Eg har og sitte og smurfa litt på nettet, lest nyhende og vasa igjennom ein del som vert posta på Facebook.

Så kjem eg over ein eigentleg meget god artikkel- om born som blir overbeskytta.

Om foreldre som ikkje taklar at borna har det vondt, og som rusher til med ein einaste gong det er noko som går i mot dei, for å ordne opp og fikse ut.

Å kalle det ein form for omsorgsvikt tykkjer nok eg er å dra det litt veeel langt, men eg er open for at forfatterar bruke slike samanlikningar for å få fram poenget sitt, ein treng avogtil litt hard skyts for å bli hørt.

Samtidig som eg les den artikkelen om desse overbeskytta borna, så kjem mine eigne heim.

Begge i fyr og flamme over ein flott dag, og begge med eit ynskje om ein is.

Eg sa nei.

Det var ikkje lenge til vi skulle ete, og eg syntes at dei skulle vente med den isen til etter at vi hadde spist.

Raseri sjølvsagt, og med klar beskjed: «Mamma, du er dum!»

Då slår det meg- sjølvsagt med artikkelen i mente.

Har vi foreldre gløymt å vere dumme?

Dumme sett frå eit borns synspunkt, der ein sett foten ned å seie nei.

Er vi så opptatt av å tekke borna våre, berge dei frå den «store stygge verda» at vi gløymer den rolla vi faktisk har?

Rolla som oppdragar, vegvisar og mentor for de kjæraste vi har?

Eg må seie at eg sjølv avogtil  nok går litt i den overbeskyttar rolla for mine.

Vandt som eg er til å vurdere for og i mot- ulempe mot lempe, stress vs ikkje stress osv.

Ofte i bloggen min har eg brukt ordet «kaste dei til ulvane».

Eg vurdere heile tida eg om ulveflokken er stor eller liten, om mine kan klare å vere med og kanskje strumple litt, men alikevel ha eit utbytte, eller om eg bør skjerme, avlyse , halde oss heime.

Valga kan vere kjempevanskelige!

Eg vil jo at mine skal mestre, men korleis skal eg klare å la dei mestre når det inni meg skrike ei stemme som seie at eg ikkje må utsette dei for nederlag!

ALDRI UTSETT DEI FOR NEDERLAG- RAGNE – IKKJE GJERE DET, DET GJERE VONDT!

Dei har jo utfordringane sine, dei må vernast…

Vel, velkommen til den virkelege verden kjære deg Fru Larsen.

For livet fungerar ikkje slik.

Jakob på 10 vil gå på ein smell her i livet, om du vil eller ikkje.

Same vil tvillingane.

Eine utan autisme- dei to andre med.

blogg 30 juni 2

Det er ikkje eit steikje støv eg kan gjere her i verda for å unngå at borna mine vil møte motstand, nederlag eller oppleve å ikkje bli forstått.

Eg kan overbeskytte dei til eg blir grøn i anletet, men verda vil slå tilbake alikevel!

Så, tilbake til å vere dum.

Eg trur dumme foreldre får trygge born.

Eg trur at born som oppleve både nederlag og mestring blir rusta til å vere med i det samfunnet som faktisk eksisterer utanfor stovedøra di.

Og eg trur born som har foreldre som passe på, utan å sy puter, kjem seg lenger enn langt.

Å verte såra eller skuffa er ikkje det same som å verte mobba.

Men ein skal sjølvsagt vere obs.. for balansen er og blir hårfin.

Ja, det krevs å vere ein dum forelder.

blogg 30 juni 3

Men herlighet, er det ikkje verdt det???

 

Kor steikje «dum» er  eigentleg du?

 

<3<3 Ragne Beate

 

  • Mamma-Jane

    Hei…om det er lov å sei, så er det godt å høyra at fleire enn meg
    er «dum». 🙂 Har ein gut på 18 år , Barne autisme. Vi har også samme tanker som du skriver over, nederlag og meistring gjør barna våre meir rusta for livet utenfor stovedøra. Så då får vi bate være «dum» og ta dei kampene som kommer når vi setter foten ned. Ha ein fin dag.