Entries from juli 7th, 2015



Eit par kvardagsheltar, og eit augeblikk av dei sjeldne <3

posted on: 7. juli 2015

I dag har gutane mine fått ein fantastisk halvtime ilag med Elias, den lisje redningskøyta.

Takka vere ei super jente kalt Jannicke, og kjæresten hennar Tor Erik, som på fridagen sin tok seg tid til å sjøsette Elias og ta gutane med på tur.

Jannicke er leiar av Sjøredningskorpset her i Måløy, og har og tidligare jobba som assistent på tiltaket til gutane mine i barnehagen då dei gjekk der.

blogg 7 juli 1

Vi var begge klar ,eg og Jannicke på at å ta med Georg på Elias båttur på Måløydagane ville vere litt risikosport, då han endå ikkje heilt har skjønt prinsippet med kø kultur, og at det ville bli for mykje folk rundt han, så vi avtala at han heller skulle få ein tur ved ein annan anledning.

At Georg gjekk rett på var eg klar over, han elskar jo redningskøytene over alt , men Laurits imponerte meg storlig i dag!

For berre eit halvt år sidan hadde det ikkje vore sikkert at vi hadde fått guten i båten.

Han har vore redd, engsteleg og aldri vore den som har likt noko særleg å ferdast på havet.

Han ville ikkje i dag heller, han sto lenge og lurte, tett på at du såg kor det bobla over i hovudet på han.

Eg pusha litt, ikkje mykje, men  prøvde å motivere, seie at dette klare han, og at det ikkje ville bli noko ekkel lyd, då han hadde med seg hørselshjerna si-les hørselvern.

Og jammen tødde han ikkje opp!

Eg er berre så stolt av han!

Guten gjekk i båten, og han koste seg <3 Han mestra ilag med broren, som ein likeverdig, det var heilt utruleg stort å oppleve.

blogg 7 juli 2

Og det støtte under det eg alltid har sagt.

«Mine gutar lære, men dei lære i sitt eige tempo»

Og dei skal settjast krav til, sjølv om ein ser at dei er litt usikre, det er forskjell på å hive dei til ulvane , og pushe litt for å sjå om ein kan oppnå meistring <3

Tenk , ein time av livet sitt gav Jannicke og kjæresten hennar gutane mine, for  det som plutseleg vart eit minne for livet <3

Dagen då Laurits gjekk i båt, dagen han kjørde Elias båten, dagen då han var akkurat like flink som broren sin, i broren sitt element..

Slike små augeblikk lev eg for, slike små augeblikk som i dag gjere at eg jobbar vidare uansett kor trøtt og lei eg blir, for eg ser at vi er på veg , på veg oppover.

Det er verkeleg dei små tinga som betyr noko <3

Til Jannicke og Tor Erik, tusen tusen takk !!

 

Eit lite initiativ- ei STOR og UGLØYMELEG oppleving !

blogg 7 juli 5

 

Kanskje dagen i dag er til for å glede nokon for de og ?

 

Ha ein fantastisk tysdag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

«Stimming», ein del av kvardagen.

posted on: 6. juli 2015

God morgon alle saman:)

I dag vakna vi opp til det veret vi er vande med her på Vestlandet, 13 grader, og regn. Einaste som mangle er ein stiv kuling.

Gutane synest det er vanskeleg det her med alle verskifta, og protestane vart store då shorts i dag måtte vike til fordel for genser og bukse.

«Det er tross alt juli, juli er ein sumar mnd, og om sumaren skal ein bruke shorts, tskjorte og solkrem!»- argument søner.

«Det er 13 grader, det regnar, sola er ikkje å sjå, ein kan bli sjuk om ein går med shorts ute no, og vert ein sjuk så kan ein ikkje reise på ferie, og det vert veldig dumt ikkje sant?»- argument mamma.

Falt ikkje heeeeilt i god jord  argumenta mine, men etter å ha sjekka samtlige sine panner, ein gong kvar , og konstatert at ein feber ikkje for augeblikket foreligg, så kunne ein ikkje risikere at den faktisk skulle oppstå heller, eit par dagar før avreise til bestemor og bestefar.

Så vi går for genser og bukse mamma, det er nok lurast det! 😉

Det er sikkert ei meining med at vi står opp tidlig her i huset, ein treng tida om ein skal noko altså.

Blogg 28 2

Men men, ein lite digresjon, det var jo «stimming» eg skulle skrive litt om.

Som før nevt, mange born med autisme slit med sanseforstyrringar, som lyd og lys, men mange born kjem alikevel med mykje lyd.

Mykje lyd og mykje fakter , eller det som vert kalla «stimming», eller sjølvstimulering.

Eksempel på stimming kan vere snurring på ein gjenstand.

Det var ei stund her i huset at alle bilar vart snudd opp ned og ein snurra på hjula i staden for å kjøyre bilen vanleg.

Sentrifugering av klede var også dagens høgdepunkt om ein fekk med seg det.

Førøvrig var i det heile 40 minutt på hurtigvask av klede på vaskerommet ein stor underhaldning, om ein fekk fred til å sitje å sjå på det.

Å snurre seg sjølv rundt sin eigen akse, var og er enda ein aktivitet forbunden med mykje lykke.

Eg har mange gonger sitte å observert gutane mine når dei snurrar.

At dei ikkje svimle, kvalme eller spyr?

Hadde det vore meg som hadde snurra så mange gonger i det tempoet rundt min eigen akse, så hadde eg ikkje vore i stand til å stå på føtene mine.

Borna mine virkar heilt uberørt.

Dei går beine linja etter ein slik snurreøkt.

Når snurrar dei?

Dei snurrar når dei kjedar seg og ikkje er blitt sett i gong med noko, dei kan snurre når dei kjem til utfordringar-for eksempel i skulen- som er for vanskelege for dei, og dei ikkje makte å halde konsentrasjonen, og de kan snurre i sin eigen leik.

Synking av båtar er også ein form for sjølvstimulering som mine born brukar mykje tid på.

Stimming er ein heilt vanleg del av kvardagen til autistiske born.

Ein anna form for sjølvstimulering kan vere «flapping» med hender, her har det vore meir flaksing enn flapping, og lydar.

For autistiske born, både med og utan språk  kjem med mykje lydar, eller tics.

Og ja, det kan drive deg til vanvidd tidvis!

Klikke lydar, svelge lydar, små eller store ule lydar, synging i høglytt frekvens, konstant nynning eller anna form for during, for ikkje å snakke om snøfting- «u name it, we got it» pleie eg å seie!

Og her er det viktig å leggje til: «Borna gjere ikkje desse lydane for å irritere vetet av nærmiljøet sitt!»

Eg opplev i stor grad at dei ofte ikkje er klar over at dei lagar lyd, eller at eg oppfatte lydane dei lagar.

Dei lagar dei til seg sjølve, det virkar som om det er noko som bare «må ut» på ein måte, om de skjønar kva eg meine?

Så er spørsmålet, skal dei få lov til å halde på slik dei vil med stimming?

blogg 5 juli 1

Og no er eg på farleg grunn, då grensa mellom det som går på det faglege er på veg til å bli overskriden, og ikkje minst det at alle born med autisme er så forskjellige, både i funksjons nivå og i mengde av stimming, men eg kan seie korleis eg tenke i alle fall, det er no heilt trygt.

Eg tenke, ut i frå korleis mine born si fungering er, og ikkje minst alder, at eg tåle mykje meir heime enn ute.

Med det meine eg at om gutane nynnar mens dei bygg lego, eller lagar snøftelydar når dei hoppar på trampolina,eller snurrar på kjøkengolvet her heime ,så er det heilt ok!

Det er dog ikkje ok å drive å lage snøftelydar i kassa på Rema 1000.

Eller å lukte på andre sine klede.

Skjønar de poenget mitt?

Å ta vekk sjølvstimuleringa vil eg aldri klare, det er ein del av det å vere autistisk, men ein kan prøve å begrense det i det offentlege rom.

Ein flappande 15 åring på butikken er kanskje ikkje det kjekkaste du vil oppleve, i alle fall ikkje om ein har mogeleghet til å trene på å ikkje gjere det? 🙂

Og ps: Øyeproppar er ein god oppfinnelse, kan også nyttast til vaksne 😀

Håpar det alle får ein flott måndag, og at fenomenet dukkar opp igjen snart, den rare tingen på himmelen som er gul og varm <3

blogg 5 juli 2

 

Er det mykje stimming heime hjå dykk??

 

<3 <3 Ragne Beate

 

 

 

Nettbrett vett og dyrkjøpte erfaringar

posted on: 3. juli 2015

God fredags kveld!

Håper de alle har roa ned etter ei travel veke, kanskje nokon av de har starta på ferie og i dag?

Eg har vore lokalisert på ei trampoline siste dagane ilag med gutane, trur eg kjem til å sjå ut som den veltrente sylfida etter denne sumaren-haha!

Og, i dag fekk eg mannen heim på helgefri! Fantastisk <3

Så dermed innvilga eg meg ein 50 minutters powernap på sofaen, ja tenk, så crazy kan eg altså vere på ein fredags ettermiddag.

Og her startar dagens historie..

Når ein ligg å søv på sofaen, middagskvil, så dett man langt inn i drømmeverda, men alikevel så er man jo sånn halvegs tilstades.

I allefall, eg har gått i koma modus, og blir vekt av eine guten min som spør om han kan få lov til å kjøpe seg ein båt til 7 kroner på spelet han har fått lasta ned frå Google Play.

Spelet var forøvrig gratis, og for ein gut som har eit godt hjarte til båtar så var jo det topp!

Og som i tidligare nevnde blogg innlegg om pausar, så er eit slikt spel ei god pause.

Eg er som sagt passeleg komatøs, og svarar vel ja i ørska, og i same ørska skriv inn passordet mitt, 7 kroner er jo ikkje så mykje.

Og sovnar att..

Det eg derimot ikkje er klar over, men som eg smerteleg er klar over no, er at innstillinga på telefonen min var slik laga at om eg tastar inn passordet på eit kjøp i Google Play, så kan ein handle i 30 minutt etterpå utan å måtte taste inn passordet igjen..

Vel, eg skal fortelje dykk ei sanning.

Eg er no den lukkelege eigar av båtar til ein verdi av ikkje ringare enn 800 kr.

blogg 29 mai 4

Prisen tildelast nok ein gong!

Det vart ein dyr middagskvil for å seie det slik..

Ikkje kan eg klande guten, han prøve seg jo berre slik som alle born ville ha gjort, og han skjønar no ikkje at det kostar pengar heller.

Han kjem seg jo vidare.. med oppgraderingar ..

Eit lite varsku til de andre som og har nettbrett  til borna som er tilknytta Google kontoen sin, ein skal vere litt obs.

 

Dagens moral:

«Les det som kjem med lita skrift når ein opprettar diverse kontoar på internett, i staden for å berre godta å gå vidare»

Det kan lønne seg i lengda!

Eg tenkjer eg skal lage ferdig blomkålsuppa til kvelds, og prøve å ikkje spekulere på kva eg kunne ha brukt dei 800 kronene på..

Det er merkeleg kor mykje ein kan få for 800 kr, når dei plutseleg er borte!

blogg 3 juli 1

 

GOD HELG !!

 

<3<3 Ragne Beate

 

Sumar, Ipad og «tvangsinnlagde pauser»

posted on: 2. juli 2015

God morgon alle saman! Her søv ein ikkje vekk sumarnatta, så i dag vert det eit tidleg blogginnlegg herifrå:)

Kan melde om 18 grader og lett overskya frå øya før Stadthavet like før 0615, gutane er godt fornøgde, det her er akkurat etter vermeldinga på TV2 kl 1850 i går.

Det likar vi, vi likar vermeldingar som stemme.

Verre vart det i går, då det var meldt  sol og sumar, og vi vakna til regn, stiv kuling og ei trampoline som ei lita stund levde sitt eige liv til trass for god bardunering.

Då var det tett på at både Georg og Laurits mista all lit til den meterologiske profesjon.

Det skal ikkje vere enkelt å ta ALT bokstavleg gitt 😉

Men , sola kom den ut på ettermiddagen, så vi klarte å berge både dag og profesjon.

Eg tenkte eg skulle skrive litt om det eg kallar for «tvangsinnlagde pausar» i dag, og kvifor eg brukar IPad i desse pausane.

Eller andre nettbrett, vi  har no eit utval.

Ja, vi har brukt noko mynt på desse duppedingsane, det skal eg ærleg innrømme.

Mine born treng pausar. På skulen kallar dei det «kviletid».

I kviletida på skulen så kan ein ligge på ei matte å høyre på musikk ein likar, ein kan teikne, sjå på ein youtube film på data som roar ned, kort oppsummert, ein aktivitet som gjer borna mogeleghet til å hente seg innatt og ladde seg litt opp før neste aktivitet.

På skulen er slike pausar lett å regulere, ein fyljer ein timeplan, i tillegg til ein eigen oppsatt dagsrytme, og ein har personell som fyljer bornet, som kan vurdere om ein er begynt å bikke over og dermed treng ei pause.

blogg 2 juli 1

Det er lett å gløyme i ein ferie.

At ein framleis treng pause.

Mine born treng pause i løpet av ein dag, men dei evnar ikkje å gje beskjed om det sjølv.

Ehh.. viss ikkje det har gått for langt sjølvsagt! Då høyrer man meget godt at man kanskje skulle ha innført ein liten «tvangsinnlagt pause» nokre minutt før.

Det er ikkje enkelt å avgjere når gutane treng ei pause, men ein vert betre på å vurdere det etter kvart som ein kjem inn i feriemodusen.

Eg høyrer på for eksempel lyd når ein er på trampolina, vandring formålslaust rundt ute, at det plutseleg begynne å flakse bilar i lufta, eller at det kjem repeterande setningar.

«Dette er ein heilt fantastisk reise»- er ei setning frå ein film, som denne sumaren har vore heftig mykje brukt, når den kjem for 10 gongen på rad- då er det tid for pause!

Då brukar vi Ipad.

blogg 2 juli 2

Ja, tenk det! Mine born sit faktisk inne ein flott sumarsdag i sofaen og held på med Ipaden sin.

Og det er ikkje fordi mamma er lat, eller at mamma ikkje har grenser i oppdraginga si, eller at mamma sin generasjon er blitt så til de grader uoppfinnsomme at dei lenger ikkje klarar å aktivisere borna sine, men heller vil ligge ute i sola, lese og sleppe unna plagsomme born.

Om du har slike synspunkt- så foreslår eg at du spør, eg kan love deg at du får eit godt, velbegrunna  svar tilbake.

Eg kan ikkje forklare kvifor ein IPad, og det å bruke Ipaden  har ein beroligande effekt på mine born, men den har det.

Det virkar som at når dei- som oftast uvillig-, må ha ein «tvangsinnlagt» pause, så laddar dei ved å sitte med Ipad.

Om dei ser «Sig og Sharko» på Netflix, ein dokumentar om Titanic, held på med eit eller anna spel, eller sit å googla et eller anna dei lurar på, så slappar dei av.

Ofte treng dei ikkje meir enn 5 minutt, andre gonger kan det gå opptil ein time.

Poenget er at dei får til til å hente seg innatt , tid til å slappe av å finne igjen pusten, noko som gjere dei rusta til å klare litt lenger i vår verd utan å verte frustrert.

Google på Ipad skal eg kome tilbake til ein annan gong, det er eit heilt blogginnlegg i seg sjølv 😉

Den største frustrasjonen vi har hatt med Ipad er når vi ikkje har hatt den-les: «Den er knust og på reperasjon»

blogg 2 juli 3

Vi har vore der ein 8-10 gonger og- bakdelen med slike duppedingsar.

Annerleis liv- annerleis måte å gjere det på.

Respekter pauser, gje borna tid til å hente seg innatt, og korleis foreldra- som kjenner borna best- vel å gjere det, får vere opptil dei 🙂

Og forresten, min «generasjon» er ikkje heilt avdanka endå, i henhold til latskap altså.

Eg har lært meg mange nye ord etter at eg vart mamma til ein som  no snart er 10, berre høyr:

SEFF!

LOL!!

YOLO!

SERR!

OMG!

DE

DLEG!

Og eg har framleis humor 😉

blogg 2 juli 4

Treng dine born ei pause i løpet av dagen??

 

<3<3 Ragne Beate