«Du treng eit nytt passord»

5. august 2015

Hallo verd, kvardagen kallar!

Då mine vener er det berre 10 dager att av  ferien og kvardagen kjem tilbake til oss.

I år kjenne eg på at vi har hatt den beste ferien nokon gong.

Om det har med at borna er blitt eldre eller foreldra blitt smartare kan sjølvsagt diskuterast, men ein kan leggje til at god tilretteleggjing,lav forventing og eit basseng i hagen har hjelpt betraktelig på ein eller så vermessig begredeleg sumar.

Bassenget er heldigvis vedfyrt 🙂

Også har eg lært noko anna nytt denne sumaren.

Passord på diverse spelplattformer er aldeles ikkje bare bare!

Mine gutar har dilla på Minecraft, det har dei til felles alle 5.

blogg 5 august 1

Eg skjøne ikkje ein tøddel av heile greiene, men eg får dagleg påta haudet fullt i:

*Vi spele med mods i dag

*Vi valgte å spele utan mods

*MAMMMAAAAAAAAAAA…..det lææææggggga!!!

* Zooooombiieeee!!!Neeeeiiiiiiiiii!!

*Ikkje stjel kullet mitt din sopp..

Osv osv..

Eg har sjølvsagt satt meg inn i den pedagogiske biten (kremt) av spelet, nei no lyge eg, eg har ikkje det, men eg har faktisk lest at Minecraft ikkje er av det verste å spele , då ein faktisk må bruke hjerna litt på det 🙂

Stort sett går det her heilt supert!

Heilt til mamma- igjen sjølverklært idiot- presterte å logge av son på 10 år frå Minecraft, da ho skulle skru av maskina..

Og vi visste ikkje passordet vi visstnok..

Det her var berre begynnelsen på ei lang lang historie, eg skal prøve å gjere den kort.

Vi prøvde å logge inn- med alle mogelege passord- gikk ikkje.

Vi prøvde å sende gløymt passord til epost adresse?

Gikk kanonbra! Vi fekk beskjed om at passord er sendt til registrert epost.

Hvilken var det no igjen?

Var det min? Pappa sin? Mamma sin gamle? Kanskje storebroren sin? Eller- var det ikkje storebror som til vanleg bor hos sin mamma som lagde den til?

Vi ringe- han har ikkje fått noko mail..

Svette sile, stresset kjem sigande, eg kjenne eg begynne å bygge opp et stort raseri for både spel og maskin.

Ferie.

Guten på 10 nærer et synleg «hat» for sin udugelege mor som ikkje berre kunne ha latt spelet vere, så HAN kunne ha gjort det slik han pleide..

Eg kan ikkje klandre han på det.

Enda på visa vart tilsutt at eg sletta heile skjiten og kjøpte spelet på nytt.

Dei best anvendte 170 kr eg nokon gong har brukt!

Så skal vi finne brukar namn og passord.

Eg insisterar på at det passordet må vere lett å hugse, og eg skal vere med på lage det.

Det var ikkje berre berre du!

Fyrst så måtte vi ha store og små bokstavar, med eit og anna tall i det passordet som eg skulle lage som skulle vere så sjukt lett å hugse.

Også var det brukar namn.

Der var jo alle tatt!

Altså hallo , eg trudde at «fiskepinne» utan tvil måtte gå igjennom på fyrste forsøk, men den gong ei du!

Då trengte eg ei pause, etter pulsen å døme var eg tett på innlegging.

Etter ein flott tur på fjellet, med mykje bråkete musikk på øyret, kunne eg igjen etter nokre timar ta fatt på utfordringa, og vi fekk det til.

Eg kan love dykk alle at både brukar namn og passord sit fast!

Legg ved eit bilete til dykk.

Diverre litt fæl språkbruk ,men eg trur de skjønar poenget..

(det er mogeleg eg øvde litt sjølv aleine på desse orda då eg var på tur, men det treng vi ikkje å snakke så mykje om  😉 )

blogg 5 august

I dag skulle eg sjekke ein post frå NAV.. der måtte det bank id til, ikkje berre min id.

Det viste seg at min bank id var sperra.

I rest my case…

 

Ha ein fantastisk onsdag!

 

<3<3 Ragne Beate