«Titt titt her er eg, ser du meg eller ser du ein brukar?»

11. august 2015

 

«Eg kjem seglande inn i det norske systemet ganske så ung eg. Ikkje aleine, mange har gått vegen før meg, mange har også hatt same namn som meg, eller iallefall som fyljer meg.

Autisme.

Nokre har og hatt Asperger syndrom har eg høyrt. Dei skal visst ha det så mykje lettare enn oss andre med autisme. Eg  veit at det er ein  heilt feil påstand, kvifor skal dei ha det så mykje lettare fordi det heiter Asperger syndrom og ikkje Infantil autisme?

Asperger syndrom er like mykje autisme det som anna autisme.

«Titt tiiiiit! Her er eg, ser du meg eller ser du navnet autisme?»

Navnet måtte eg få, det var ingen veg utanom det.

Og rett var det jo og ,for den del, autismen var jo ein del av  meg, vore det heile vegen.

Det var jo difor mamma og pappa vart så bekymra, difor språket mitt ikkje heilt kom som det skulle, og eg gjorde merkelege rare ting.

Og mamma leste seg opp, men ho gløymde aldri meg, like viktig for ho er det at eg skal få vere den eg er.

Inne systemet vart eg kategorisert som «autisme utan psykisk utviklingshemming».

Også eit anna namn, eg veit forresten at mamma syntes det er eit vanskeleg namn å bruke. Nemlig «Brukar».

Altså, lat med oppsummere. Eg er altså ein «Brukar med autisme utan psykisk utviklingshemming».

«Tittiiiiit!!Eg er her!!!!ser du meg???»

Eg skal vere i systemet lenge i ein eller annan form, det har visst mamma og pappa forsona seg med, og mamma ho mase noko infernalskt heile tida om kompetanse heving har eg høyrt.

Eigentleg har eg lurt litt på kvar ho ville ha starta?

«Tiiiiitiiiiiit venen min, eg vil at du skal bli sett !!»

Mamma ynskjer at diagnose skal meir omgis med ordet fungering, kvar du har høg fungering, og kvar du har lav fungering.

Med dine utfordringar, som er godt beskrive i ein diagnosemanual i botn, men med eit blikk mot deg som  menneskje, ikkje «Brukaren med autisme utan utviklingshemming».

Kva er dine styrkjer?

Kor ligg dine svakheiter?

Kva kan vi forvente?

Kva skal vi unngå?

Korleis reagere du på omverda, treng du sånn eller treng du slik.

Justeringane, venen min, dei små grepa som kan gjere livet ditt så aldeles mykje betre om du berre blir sett!

For mamma vert du aldri noko anna enn det kjæraste ho har, men ho vil at «Bruker med autisme utan utvikling hemming» vert til:

«Tiiitiiiit , der var du ja, skal vi gå inn og gjere noko kjekt ilag ?»

 

Ho ynskjer at du skal bli sett for den du er.

 

Diagnose i botn- verdighet og funksjon i fokus <3

 

<3<3 Ragne Beate

blogg 13 mai 3