Eit lite varsku til skulestart.. ei lita tue kan velte eit stort lass..

12. august 2015

Å kjære vene, nokre dagar har ein bare lyst skal gå over av segsjølv! Er det lov å seie sånt?

Innrømme at nokre dagar berre er totalt ubrukelege, og skal fortast mogeleg puttast i «eg nektar å hugse på denne dagen» fila i hardisken?

Eg trur vi alle har slike dagar eg !

Vel, eg har ein sånn dag i dag. Ingenting er bra nok, ingenting er gagn i so vi seie her eg bur, ingenting vert slik vi hadde tenkt oss det.

Heldigvis veit eg grunnen, vi nærmar oss med stormskritt ein ny overgong- den vanlege kvardagen- skulestart.

Blogg 12 april 2

Mine gutar kan oppfattast som negative og mutte, om ein ikkje skjønar kva dei prøve å formidle.

Og dei operere alltid med ein plan A-B-C-D og somoftast ein  heilt til Å plan.

For eksempel, er det for meg skyfri himmel, men ein kan sjå dis i horisonten, så er  ikkje himmelen skyfri- då er det ein sky det.

Sky kan bety mykje- det kan komme regn.

Ved regn kan ein bruke ein paraply.-Plan A

Men, her vi bur kjem jo ofte ein sky med vind, og då funke ikkje paraply det skjønar jo alle, så da har ein jo støvlar og regnjakke-plan B

Regnar det VELDIG masse så må ein kanskje til med ei regnbukse og-plan C

Sanninga er at eg HATAR både paraply, regnbukse og regnjakke så eg held med inne- Plan D

Men eg veit at mamma vil at eg skal gå ut, og det er ikkje sikkert at det begynner å regne, men eg kan heller ikkje seie at det ikkje begynne å regne, så eg tar i alle fall på meg støvlane når eg MÅ ut- Plan E

Osv osv osv..

Slik held vi på, scenario for scenario.

blogg 20 mars 3

I sommar hadde vi forøvrig ein heilt ny oppleving, då hadde vi hatt overskya ver i nesten 2 veke, og plutselig, mens vi kjøyre innover fjorden så ser vi ein liten flik av ein blå himmel.

Då høyre eg frå baksetet: «mamma, sjå der er ein blå sky!Kan det regne av den og??»

Eg har brukt skyeksempelet litt før veit eg, men det illustrere så godt kor mine sine heile vegen vil trygge segsjølv, vere sikker på alle eventualitetar som mogeleg KAN komme.

For de skjønar, eg opplevde det litt tidlegare i sumar at eg har missa ein ting.

Mine sine skal byrje i 2 klasse.

Dei har same klasse rom, same grupperom, same personalet stort sett, same klasse, same ordning med taxi i det heile tatt : «same prosedure as last year»

Eg var heilt trygg på at her var vi i forkant og hadde alt under kontroll.

Så vil ikkje gutane på skulen, og dei er lei seg.

Ikkje sint, ikkje utagerande, berre lei seg.

Eg set meg ned ilag med dei, forklare med rolig stemme om alt som vente dei på skulen, og at alt er akkurat slik som når dei forlet det.

Då kjem det:

«Men mamma, vi har aldri vore 2 klassingar vi»

Å herlighet! Her snakke vi lyskraftverk over mamma sitt hovud!

At eg ikkje hadde tenkt på det!

Kva er eigentleg å vere andreklassing?

Kva har dei hørt frå andre denne sumaren tru de?

Vi vaksne er kanonflinke med å snakke med born på denne måten:

«Næmmen, no er de jammen blitt stor gutar altså, 2 klassing og greier, ja no blir det andre boller!»

Eller

«2 klasse ja, ja no skal de jammen få lov til å lære masse rart altså, nye bøker og veit de»

Eller

« Tenk kor masse rart de skal få lov til å oppleve no då store gutar, tida går jammen fort altså- snart er de komfirmantar å greier»

Eg skriv det her som eit lite varsku, ei oppleving eg har hatt, som kanskje kan hjelpe både de som foreldre og de som skal ta i mot borna våre når dei kjem på skulen på måndag.

Kva tenkjer dei? Kva har dei oppfatta? Kva kan vere vanskeleg?

Det kan vere noko så lite som å skifte klassetrinn, det kan vere genseren som klør, eller skoa som er for små..

Eg er heldig, eg fant ut problemet FØR skulestart, slik at vi kan besøke skulen og gjere oss trygg før vi starte.. ikkje alle kan det..

Lytt.. bli overraska- bli forfæra og lær..

blogg 17 mai 2

Det vart eg.

 

<3<3 Ragne Beate