Kva heiter mannen som bur inni minibanken?

14. august 2015

 

God fredags føremiddag <3

Dagen har allereie vart lenge, litt lenger enn eg  føretrekk, morgon halv 5 er ikkje heilt mi sterkaste side, men er solene mine vakne, så er det berre å innrette seg.

Ein ting er veldig merkeleg. Har de lagt merke til kor få cm av ei 180 cm brei seng, og 210 cm lang, som faktisk blir satt av til deg?

Sjølv om du teknisk sett er det største individet til stades?

(Min mann er på jobb denne veka)

Eg vakna som sagt halv 5, balanserande ute på eine sida av senga, den høgre trur eg, men halve anletet på nattbordet og ein fot dinglande ut forbi.

Hadde eg gjort så mykje som eit host, så hadde eg gått kladais i bakken.

Ved sida av meg ligg to små  gull, tett i tett, og tett inn til meg. Eg trur eg kan estimere at rundt 105 cm av senga på venstre sida låg ubrukt!

Eg baksa meg laus og kom meg over på den sida med 105 cm madrass..heilt åleine.. og slumra… sovna… i alle fall slumra… det tok ikkje lange tida før dei 105 cm madrass som ikkje var i bruk plutseleg var på den høgre sida-ikkje den venstre.

Vi sto opp.

ugle

Å forstå pengar er vanskeleg for ein kvar 7 åring trur eg.

Og det å skjøne at ein ikkje berre kan kjøpe alt ein ynskjer seg er også ein veldig normal ting.

Vi går i «hakk» når vi får eit nei.

Det er forferdeleg vanskeleg å skjøne at nei faktisk betyr nei, og at mamma ikkje kan skjøne at det er omtrent umogeleg å eksistere, leve eller å ha eit godt fungerande kvalitetsliv utan ein «Nerf Powerblaster»-et eller anna.

blogg 14 august 1

Eller ein lego Lastebil til 399kr.

Det er mas, det er argumentering,  vi er til og med så løsningsorienterte at vi kan tilrå parkeringsplassar i ymse delar av sentrum , i tilfelle plassane vi vanlegvis brukar kan vere opptatt.

Alt får å klare å få tak på ein livsnødvendig «Nerf Powerblaster»-et eller anna.

Eg skal ikkje seie at eg ikkje har kjøpt meg fri. Det vil vere å dra ei blank løgn, og løgn kjem ein ikkje lang med her i verda.

Sjølvsagt har eg det!

Men eg prøve å holde stand, og ikkje gje etter for eit massivt mas og gnål, til tross for at det ikkje er enkelt!

Eg har prøvd det såkalla: «Vi har ikkje pengar»-kortet.

*Argument mor: «Mamma har ingen pengar i lommeboka»

*Argument son: «Mamma- vi kan besøke mannen i minibanken»

Det vart som fyljer:

Mamma: «Kven er mannen i minibanken?»

Son: «Mannen i minibanken er han som gjer deg pengar når du stikk inn eit kort»

Mamma: «Det finnast ingen mann i minibanken, og mamma har heller ikkje pengar på kortet sitt»

Son: «Men mamma, kortet ditt er her, og kven gjer deg pengar om det ikkje sit ein mann inni minibanken?»

Mamma: «Pengane går inn på ein konto»

Son : «Kva er ein konto?»

Mamma: «Ein konto er ein plass ein plassere pengar før ein kan ta det ut av minibanken  (Heilt ærleg her sleit eg, korleis forklare ein konto??)

Son: «Tar mannen i minibanken pengar frå ein konto og gir deg?»

Mamma:»DET FINNAST INGEN MANN I MINIBANKEN!!Og dessutan må ein jobbe for å få pengar, og akkurat no er eg heime og passar på dykk, så då kan eg heller ikkje ha pengar på kontoen som eg kan ta ut i minibanken»

Son: «så vi har ingen pengar i minibanken??»

Mamma: NEI!

Son: «HYYYYYYYYYYYYYL»- og etter ei stund.. «Eg lure på kva mannen i minibanken heite…»

blogg 14 augst 2

Det er ikkje rart borna har problem med å skjøne det med kort og minibank, og ikkje minst betaling med kort.

Kva ser dei eigentleg?

Mamma eller pappa på butikk, masse handel, eit kort, ei kode og ok- og etterpå heim.

Dei får ikkje skikkeleg føling med kva pengar og verdi er.

Etter mykje om og men, med teikning og litt sosiale historie så skjønar mine at det ikkje finnast ein mann i mini banken, og så vi tok for oss kalendaren og avtalte ein tur på leikebutikken, litt langt fram i tid ja, men veldig oversikteleg så dei kan krysse av for kvar dag.

På den måten kan ein også kjenne på kjensla av å glede seg, den må lærast den og 🙂

Det er tidkrevjande og heile tida måtte forklare, tolke og leggje tilrette, men ein må gjere det. Tenk om ein skulle gå rundt til ein vart vaksen og tru at det finnast ein mann inni minibanken?

Stå på alle de med tålmod som gull <3

In the end- er det så verdt det <3

 

 

Men putting puzzle pieces together

 

Ha ei riktig god helg <3

 

<3<3 Ragne Beate