Har du tatt praten?

16. august 2015

God kveld alle saman <3

Ei kjekk  men travel helg er over , og vi ser siste dagen i ferien sakte men sikkert gå mot slutten.

3 sekkar står klare, fulle i kle som er sirlig merka med initialar, inne sko, ute sko, andre sko osv osv. Vestlandsbunaden (Les regnkle) er også klar, hausten kjem veit de 🙂 (dog ein lett overgong, sida sumaren eigentleg aldri kom)

Eg satt å smurfa litt på nettet etter middag i dag, og var sjølvsagt inne på Facebook og mysa, og der poppe det opp i hytt og pine, mange forskjellige variantar, men med same bodskap:

«Har du tatt praten?»

Hadde det vore då eg var liten, at ein skulle ta «praten « så hadde det vore snakk om ein heilt annan prat, mest sannsynleg involvert nokre bier og blomster, og ei og anna rødming får anten bodgjevar eller bodmottakar.

Eg har vel eigentleg ei kjensle på at det no vil vere meir merkeleg og ikkje minst sjokkerande for born å høyre historia om blomsten og bia, kontra å faktisk få fortal korleis ein formeire seg.

Vi har da Newton må vete!

Eg snakkar sjølvsagt om praten om mobbing.

blogg 16 august 1

Praten som må takast med dei håpefulle, om eleven som går einsam i skulegarden, eleven som kanskje oppføre seg litt rart, men som alikevel skal takast vare på, at ingen menneskje skal gå aleine, og at ein ikkje skal mobbe!

For det fyrste vil eg seie at eg håpe de tar den samtalen.

Eg har tatt den med alle mine, både dei med og dei utan autisme. For korleis skal mine gutar lære sosiale kodeksar og måtar å vere på om dei ikkje lære korleis ein skal oppføre seg mot andre menneskje?

Mobbing kan vere så mangt, og ikkje minst summen av episodar kan gjere at det ein av eller fleire gjere, kanskje utan å tenkje seg om, kan det vere nok til å velte glaset.

mobbing 16 august 3

No skal det sant seiast at eg tar ikkje den praten berre no, eg  går litt på repeat eigentleg når det gjeld akkurat mobbing.

Ein viktig ting kan aldri takast for mykje tak i, meine no eg!

Men, det som slo meg i dag, når eg satt litt for meg sjølv og mentalt førebudde meg på samtalen eg skal ha med guten vår på 10 når han no skal leggje seg.

Det er fint å snakke på sengekanten- det gir ro, det gir fokus en til en- og det gir mogeleghet for born til å spørje, sjølv om det dei spør om er litt flaut.

Rart kor mykje som kan spørjast om under ei dyne 😉

Ein digresjon..

Altså, eg satt å tenkte ja, og då slår det meg.

«Kor mange arenaer er det ikkje mogeleg for å knekke eit born i dagens samfunn om ikkje foreldre er PÅ?»

Min son har ikkje facebook, tvitter eller instagram endå- sta mor.

Det vil jo komme.

Men, han har skype, steam, minecraft ++++

Alle kjem med chat mogelegheit.

Og ikkje minst vanskeleg å spore, om ein ikkje er streng nok med å kunne gå inn å sjekke.

Og her har ein eit anna etisk dilemma- er det feil å gå inn å sjekke feeden eller chatten på Skype til ein 10 åring?

For å prøve å halde litt kontroll på kva som faktisk foregår i livet hans på nett?

VANSKELEG!!

Eg vil jo stole på borna mine, vil gje dei tillit, men eg vil jo og verne.

Og, eg vil vere den fyrste til å ta tak om ein av mine gjere noko mot andre som ikkje er ok.

Vi er flinke til å dømme andre sine og gløyme våre eigne!

Eg og min 10 åring er blitt einige om at vi med jamne mellomrom skal gå igjennom maskina hans ilag, slik at eg slepp å logge meg på å snoke.

Sjølvsagt kan han slette ting etter kvart om det skulle vere noko- men tillit må starte ein plass, og her gjer eg tillit, og får tillit ved at han vise.

Mobbing er ikkje OK- verken nett eller anna- og det har han fått prenta inn.

blogg 16 august 2

Vi har alle eit ansvar, vere ansvaret ditt bevisst, ikkje berre i kveld, men kvar einaste dag heile året.

Det er ingenting som er så vondt som å bli mobba, hugs det <3

 

Og mens eg er i gong- ei lita stille bøn som eg og spotta på Facebook i dag:

«Ta lusesjekken i kveld de.. så slepp vi kanskje epidemien i september!»

blogg 16 august 4

(eg klør allereie berre ved tanken)

 

Masse lukke til alle i morgon, eg veit der sit foreldre med klump i magen og angst som omtrent sit utan på kroppen, til de sende eg ekstra styrkje og en stor Ragne Beate klem <3

 

<3<3 Ragne Beate