Krav, kom å treng deg på-her skal du motstand finne.

17. august 2015

Eg har med lettare vantru, ein god dose provokasjon og ei heil haug med «ristande hovud og høglytt fnysing» fulgt debatten som har rast siste tida om at vi foreldre må lene oss meir til forskning, og ikkje berre forhalde oss til intuisjon og magekjensle.

Veit de, eg er så inderleg glad eg ikkje er fyrstegongsfødande i Herrens år 2015.

Krav ,krav, krav, krav, krav.. menneskje skapte krav!

Eg las eit innlegg på nett i dag tidleg om at ein ikkje skulle spørje borna kva dei har gjort i ferien, fordi ein ikkje skulle skape eit klasseskilje mellom dei som har dårleg råd og dei som har god råd.

Og at det kunne verte mobbing av det.

Då spør eg:

Når vart det fundamentalt gale med ein heime ferie?

Kvar datt eg av lasset?

Og kven har i så tilfelle ansvaret for desse haldningane?

Foruten om ein tur på besøk til bestemor og bestefar så har vi faktisk vore heime heile ferien.

Vi har no kosa oss vi!

blogg 17 august 1

Fiska har vi gjort, vi har sykla masse, vi har bada i hagen, spist is, gått på fjellet.

Sett «Over Hekken» så mange gonger på Netflix at eg kan replikkane utanatt, saman med andre seriar .

Vi har krype opp i sofaen ilag, med pledd og berre vore til, og vi har på den andre sida krangla so fillene fauk, og gjeipen har vore langt ned på knea.

Den kranglinga  vil ein forresten aldri snakke om i ein ferie- ein kranglar vel ikkje når ein går oppå kvarande i en 3-4 veke, eller 8 som vi har gjort-gjere vi vel?

Vi har vore ilag.

blogg 19 april 1

Eg undrast over fenomenet med å setje krav i samfunnet som er så urealistiske at ein må oppmoda om at born ikkje skal få lov til å fortelje om ferien sin.

For kven set standarden for kva som er ein «betegna god ferie», er det vi vaksne eller er det borna?

Og kven seier at alle på død og liv må vere lik?

Fråtek ein ikkje born ei stor gledje ved å  ikkje kunne fortelje som sine opplevingar, når ein set standarden ved at ein må ha vore på noko ekstra avegant for at ein skal kunne fortelje om det.

No set eg det på spissen her, og eg gjere det med vilje, for å få fram poenget mitt.

Kunne det vore ein ide å heller starta med:

«Du er du og du er god nok akkurat som du er?»

Fattig, rik, tjukk eller tynn, du betyr noko fordi du er du!

Det DU har gjort i din ferie er verdifullt, vi ynskjer å høyre om det du har gjort på, om du har vore på Kreta eller på Hardangervidda, eller heime.

Nei, eg forsvare ikkje eit klasse skilje, og eg veit kor mange born som er fattige i Noreg, og det er ein særs vanskeleg situasjon, og noko vi må ta tak i.

Men kanskje vi kunne byrje ved å sete fokus på opplevinga, og ikkje prisen?

blogg 17 august 2

 

Kva tenkje de?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • Renate

    Så sant!!!!!!

    For nåkre år sida var vi til Kristiansand og var i dyreparken, kjørte om Gol på vei heim og bada og div…
    D blei fort nåkre tusenlappa…. ikkje berre nåkre faktisk…..
    Vi var vekke nesten 14 daga….
    Etter vi kåm heim fra ferie var vi nåkre daga på hytta til svigers.
    Dette er ei hytte av den gode hyttemodellen.
    Ikkje straumlause og ikkje vatn og med den gode gamle utedoen! !
    Og den ligg 10 min fra huset vårt….

    Når ongane kåm på skulen og skulle fortelle om kvar dei hadde feriert so va d verken dyreparken eller bading som blei snakka om…
    Det dei fortalte om det var hytteturen i morkadalen som ikkje kosta oss meir enn bensinen på bilen…..
    Men det er nok dei minna som sit lengst i ett barnesinn ?

  • Gunn

    Spørs kven som har kosa seg mest. Dei som har våre på overfylte turist-maskiner i det varme syden, eller gutane dine, som har fått søkt Titanic 2 -10 ganger om dagen. Ferie er vel å gjere noko du likar og kosa deg med. Heimeferie er sterkt undervurdert.