Eg har med lettare vantru, ein god dose provokasjon og ei heil haug med «ristande hovud og høglytt fnysing» fulgt debatten som har rast siste tida om at vi foreldre må lene oss meir til forskning, og ikkje berre forhalde oss til intuisjon og magekjensle.
Veit de, eg er så inderleg glad eg ikkje er fyrstegongsfødande i Herrens år 2015.
Krav ,krav, krav, krav, krav.. menneskje skapte krav!
Eg las eit innlegg på nett i dag tidleg om at ein ikkje skulle spørje borna kva dei har gjort i ferien, fordi ein ikkje skulle skape eit klasseskilje mellom dei som har dårleg råd og dei som har god råd.
Og at det kunne verte mobbing av det.
Då spør eg:
Når vart det fundamentalt gale med ein heime ferie?
Kvar datt eg av lasset?
Og kven har i så tilfelle ansvaret for desse haldningane?
Foruten om ein tur på besøk til bestemor og bestefar så har vi faktisk vore heime heile ferien.
Vi har no kosa oss vi!
Fiska har vi gjort, vi har sykla masse, vi har bada i hagen, spist is, gått på fjellet.
Sett «Over Hekken» så mange gonger på Netflix at eg kan replikkane utanatt, saman med andre seriar .
Vi har krype opp i sofaen ilag, med pledd og berre vore til, og vi har på den andre sida krangla so fillene fauk, og gjeipen har vore langt ned på knea.
Den kranglinga vil ein forresten aldri snakke om i ein ferie- ein kranglar vel ikkje når ein går oppå kvarande i en 3-4 veke, eller 8 som vi har gjort-gjere vi vel?
Vi har vore ilag.
Eg undrast over fenomenet med å setje krav i samfunnet som er så urealistiske at ein må oppmoda om at born ikkje skal få lov til å fortelje om ferien sin.
For kven set standarden for kva som er ein «betegna god ferie», er det vi vaksne eller er det borna?
Og kven seier at alle på død og liv må vere lik?
Fråtek ein ikkje born ei stor gledje ved å ikkje kunne fortelje som sine opplevingar, når ein set standarden ved at ein må ha vore på noko ekstra avegant for at ein skal kunne fortelje om det.
No set eg det på spissen her, og eg gjere det med vilje, for å få fram poenget mitt.
Kunne det vore ein ide å heller starta med:
«Du er du og du er god nok akkurat som du er?»
Fattig, rik, tjukk eller tynn, du betyr noko fordi du er du!
Det DU har gjort i din ferie er verdifullt, vi ynskjer å høyre om det du har gjort på, om du har vore på Kreta eller på Hardangervidda, eller heime.
Nei, eg forsvare ikkje eit klasse skilje, og eg veit kor mange born som er fattige i Noreg, og det er ein særs vanskeleg situasjon, og noko vi må ta tak i.
Men kanskje vi kunne byrje ved å sete fokus på opplevinga, og ikkje prisen?
Kva tenkje de?
<3<3 Ragne Beate