Skulevegring- vi må tørre å snakke om det.

20. august 2015

 

August er komen, skulane har starta. Dei håpefulle er kledde i nye klede, ny sekk, penal med anten Mancherster United,Liverpool,prinsesser eller Pony, håret er kjemma og greidd.

Mamma og pappa er letta, dei lengtar etter kvardag og rutiner, sjølv om ferien var heilt topp!

Dei håpefulle gler seg til å finne att vener, komme i gang med skulegongen igjen, kjekke opplevingar, meistring i fleng.

Dette er per def det vi ser på som normalen. I Noreg er det pålagt at alle born SKAL ha 9 årig grunnskulegong.

Og det er vel utenkjeleg at bornet ditt ikkje skal gå på skulen?

Barne skule-ungdomskule- vidaregåande- høgskule og ut i ein god jobb.

Alle foreldres håp og ynskje.

blogg 20 august 1

Vel..

Blogg innlegget mitt i dag er via til ei anna gruppe med foreldre.

Foreldra som har sine håpefulle heime. Foreldra som har kjøpt inn same klea, sekken står klar, dei lengtar på same måte som dei andre foreldra på kvardag, og ynskjer over alt på denne jord at den håpefulle skal få oppleve leik og mestring!

Foreldra som hadde kasta seg sjølv til ulvane to gong for dag, om berre bornet kunne klare å gå på skulen. Evne å takle å gå på skulen. Mestre å klare å gå på skulen. Om dei berre kunne greie det..

Eg skreiv tidligare i eit blogg innlegg at eg ville skrive litt om skulevegring ved eit seinare høve.

Skal eg vere heilt ærleg med dykk så har eg utsatt det, eg har vegra meg for å skrive om det, rett og slett fordi det er eit forferdeleg vondt tema å skrive om.

Og igjen, så vil eg påpeike at eg skriv kun som mamma.

Skulevegring trengs kompetent kompetanse. Den har ikkje eg. Det eg har er erfaringar, følelsar og opplevd makteslausheita.

Eg vil prøve å formilde for de i dag korleis det er. Eg håpar at skule personell tar seg tid til å lese, for det er ikkje så enkelt som det ser ut.

Å oppleve at bornet ditt ikkje meistrar å gå på skulen er for foreldre forferdeleg vondt.

Og det er her ein verkeleg får kjensla av at bornet ditt er annerleis.

Det som er mest vanskeleg er at det kan vere svært krevjande å avdekke kva som gjere at ditt born ikkje maktar å gå på skulen.

Nei, eg snakkar ikkje om skulk , eller «eg trur eg har 38.02 i feber eg i dag mamma, LES: Eg har matteprøve og gadd ikkje lese i går fordi det var mykje kjekkare å vere ute med vener», eg snakkar om dei borna som ikkje EVNER å gå.

Ja, det kan starte med skulk, det kan det, men ein og annan slendrian dag er ikkje skulevegring.

Som forelder hiv du deg i super mamma outfit umiddelbart og begynne å sondere terrenget.

blogg 20 august 2

Er bornet mitt mobba?

Er tilretteleggjinga rett?

Kan det vere angst eller depresjon?

Er det konflikt med lærar?

Osv osv… de ser teikninga. Men ofte så finn ein ikkje svar.

Bornet med sin autisme kan ikkje svare på det… Ein kan sjeldan svare på noko ein ikkje sjølv skjønar..

blogg 3 juni 2

Skulen på si side må jo aksjonere når slik skjer.

Det er dei pliktige til.

«Det er jo berre å kome, så ser vi kva som skjer»

Mange foreldre har fortalt meg at dei blir møtt med det.

Eg tolke det som at skulen ynskje å hjelpe men ikkje veit korleis.

Den verste eg har blitt fortalt er:

«Det er DI plikt å få bornet på skulen, det bør ikkje vere så vanskeleg så mykje ressursar som de har fått til disposisjon»

Nei, det har ikkje hendt meg.. men det er heilt sant det eg skriv.

Tenk deg at du kjem med bornet ditt.

Du har lagt ned TIMESVIS med tid i forkant for å forberede, du har grått deg i søvn, sto opp 0400 dagen det skal skje, for å vere heilt sikker på at ikkje noko i heile den vide verda skal gå gale.

No skal vi klare det!

Skulen står klar til å ta i mot.

Du legg alt til rette, og får bornet med deg.

Kjem deg til skulen, bornet går ut, men eit eller anna skjer, og det berre raknar.

Du ane ikkje kva.

Sa du noko gale? Sa assistenten noko gale?

Kva skjedde?

Og du reiser heim med uforetta sak.

Det er vondt. Punktum.

Eg må prøve å avslutte på vetig vis, blogg innlegg skal ikkje vere så lange 🙂

Eg har ei bøn:

«Kjære rektorar, lærerar, vernepleierar, assistentar og alle andre som jobbe med barn med utfordingar.

Eg skjønar, meir enn de trur , kor vanskeleg ein skulevegring kan vere. Og , det kan sjå ganske annerleis ut enn dei faktiske forhold er.

Og ikkje minst. Det er ikkje løgn at ein kanskje ikkje veit kvifor det vert skulevegring. Det er ikkje ein enkel sak å avdekke!

Eg ber de om å samarbeide med heimen så langt det lar seg gjere, same ber eg heim om.

Lytt til foreldra, kva dei oppleve. Ta til dykk det dei seier om rutiner, om behovet for tryggleik, om behovet for skjerming , og at ein kan trenge kjende mennskje rundt seg.

Samtidig- søk kompetanse! Få inn menneskje som kan det her, dei finnast på kloda, tru det eller ei!»

Og til de som ser at bornet ditt er i ferd med å utvikle ei skulevegring.

TA GREP!

Versåsnill!

Ikkje vent!

Lytt til bornet ditt, ta det på alvor, involver skulen før skulevegringa er eit faktum, og søk hjelp.

blogg 15 juli 1

 

Livet er ikkje alltid slik det ser ut.

 

Gløym ikkje det ..

 

Eit kvart born har rett til å gå på skule- det er opp til oss rundt å klare å gje dei den retten.

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • Gunn

    Åh…. du Ragne….. Hjertet blir ømt og sårt. Håper på lettare dagar for dåkke og gutane i år, og for alle andre i samme situasjon. Ķjempe-klem!

  • Helga Iren

    Sjokket eg fikk då vi fikk servert talmaterialet på denne problematikken på seminaret i Kristiansund sitte fortsatt i. Nokre rapportar sei så «låge» tal som BERRE 28 %, medan andre opererer med opptil 39 % av ASD-befolkninga!!! Problemet er alvorlig stort. Og den generelle kompetansen forskrekkende liten.
    Takk Ragne, for at du tek opp så monge viktige, uviktige, tragiske, komiske, tragikomiske og spennande tema i bloggen din, på din fantastiske flotte måte å skrive på.
    Er så stolt av deg, klem ?

    • ragne

      Takk <3 Ja det er eit viktig tema, eit "undersnakka" tema, og eit tema som generer mykje kjensler og ikkje minst frustrasjon- for alle partar.

      Eg trur vi må stikke fingeren i jorda og seie at her må vi bli betre på samarbeid mellon instansar, og tilrettelegging,tilrettelegging og atter tilrettelegging.

      Og ikkje minst erkjenne ongane sine problem.

      Dei ønske like mykje som alle andre å gå på skulen-dei berre evne det ikkje.