#Hashtag tom

25. august 2015

Ein ganske så vanleg dag. Tidleg oppe, frukost og matpakkar, ein og annan diskusjon om tyske fly sitt virke under 2 verdskrig og kvar- akkurat kvar-Titanic sank.

Legge brede på eit par bøker til guten på 10.

Han spør om han kan få fare ned på skulen nokre minutt før han pleier.

«Mamma, eg har ein avtale, me skal sparke fotball før skulestart, vi avtala det i går»

«Så herleg normalt» tar eg meg sjølv i å tenkje, mens eg gjer han ein stor klem og går til glaset for å sjå når han suse nedover vegen på sykkelen sin.

Eg gjere alltid det, ser etter han når han fer, veit ikkje kvifor, det har berre blitt slik.

Gutane gjere seg klar til taxien, Georg sånn passe stressa då han har lisser, mens broren har borrelås, og tenk visst Laurits kjem før han ut i taxien?

Eg tek på guten skoa eit par minutt før eg veit den kjem, Laurits er opptatt med noko lego, han gjer seg katten i kva broren seier eller gjere.

Georg er kjempenøgd!

Laurits putlar etter syngande på ein «Micha Macha» song- på russisk høyrest det ut som.

Eg føl dei til taxien, får kos og must med begge to, og vinkar dei av garde.

«Ha ein fin dag venane mine, kjempeglad i dykk».

Så ruller Caravella over Måløybrua, med meg bak rattet, 1.5 time med 90 tallsmusikk – godt å syngje litt –vere glad de ikkje høyrde meg.

Fremme- mista ferja med 5 min- BOMBE!

Sit på ferjeleiet med boka «Rausehetens grenseland» i handa. Forøvrig ei fantastisk bok!  Anbefale den på det sterkaste.

blogg 25 august 1

Men eg klare ikkje konsentrere meg, tankane flyg.

Eg tenkje på skulen, på korleis borna mine har det, på kampar vi har tatt med systemet for å kome dit vi har komt, eg tenkje på kor avsindig glad eg er i borna mine, og at eg uansett vil kjempe deira sak, liten som stor.

Og eg tenkje på val. Gjere vi det rette med å prøve ritalin eller ikkje.

Trur folk at vi foreldre berre  hive oss på?

At folk trur vi foreldre stappar i borna våre sentralstimulerande medisin, mot ADHD eller for den del angst og depresjon, berre sånn heilt utan vidare.

Trur dei det?

Tankane kverne- ferja kjeme.

«Skjerp deg Ragne!» skjenne eg på megsjølv. Kvar tid starta du å bry deg om kva andre tenkjer?

«Sånn ca alltid eigentleg»- svare eg meg sjølv.

På BUP møter eg to kjekke damer, eine lege, andre ho som utreda gutane.

Vi snakke litt om laust og fast og kjem så inn på medisin, typar og bivirkningar.

«Ja, for de ynskjer å prøve medisin?» spør legen.

Eg kjente eg stoppa opp eit augneblink.

Nesten som ein ut av meg sjølv greie.

Vil vi eigentleg det???

«Ja» svara eg.

« Eg ynskjer at borna mine skal få mogelegheit til å vise sitt potensiale»

blogg 25 august 2

Og etterpå var eg tom.

Heilt tom.

Ikkje sliten, ikkje lei meg, verken deppa eller sur.

Bare tom.

Eg las tidligare i veka ein artikkel om at det var bekymringverdig at 70% av foreldre visste kva som er rett for borna sine.

Eg vil heller seie at det er bekymringsverdig at 30% ikkje veit det, då må vi gjere noko med samfunnet vårt, slik at folk kan bli trygge att!

Å vere foreldre betyr å måtte tenkje, måtte veie for og imot, måtte ta stilling, følje opp og ta vurderingar undervegs.

Ein hiv seg ikkje berre på..

I morgon kjem ein ny dag, ein ny æra ,ei spanande tid..

Til det må eg ladde..

I kveld skal eg vere ein stolt #hashtag tom.

blogg 29 april 3

 

<3<3 Ragne Beate