Nei, mogeleg, mogeleg ikkje, kanskje, kanskje ikkje ,veit ikkje.

27. august 2015

Rett opp handa de som sit forran dataen og les blogginnlegg frå den tidvis frustrerte fruen på holmen i vest, som har spurt borna sine om noko, ja, lat oss seie: «kva ynskjer herren til middag?» og får til svar : VEIT IKKJE!

Blogg 28 2

Forøvrig- her trur eg nok alle kjenne seg att, med eller utan autisme i heimen 😀

Eller… om ein ikkje er heilt i svare modus, får eit mimikklaust anlet- har du då ein dårleg dag, kan du sjølvsagt mistolke det som sur- eit kjapt skuldertrekk, ein snuom som garden kunne misunne, og strak marsj til rommet.

Er det ikkje artig vel?

Eller.

Du planlegg bowling! Kjempegreier!

Time og tilrettelegg, finn tid på bowling der det er minst sjanse for at ein skal finne fullt hus.

Forberede gjere du og, snakkar om bowling fleire dagar i forvegen, om kor artig vi skal ha det, at du heilt sikkert kjem til å bli mosa ned i støvlande at dei brilliante borna dine, som kjem te å ha både «strike» og «spare» og alle andre ord som du ikkje kan- og som sjølvsagt blir påpeika at du har feil og ikkje kan.

Ein reiser så på bowling og har det KANONGØY!

Då meine eg heilt konge! Du både ser og høyre at bornea har hatt det heilt fantastisk, og du er så glad inni deg at du juble !ENDELIG!

Entusiastisk set du deg i bilen etterpå og snur deg til avkomma, som og har satt seg inn og fått på seg beltet.

«No har vi hatt det gøy folkens ikkje sant??» med ei stemme full i rørt glede.

«Sikkert» svare steinansikta i baksetet.

blogg 14 augst 2

Med ei entusiasme som kan sidestillast med å kjøyre ein båt frå midt ut i Barentshavet ein eller annan plass, mot ei kai på Finnmarka.

Du ser sjø, sjø, sjø, sjø og sjø.

Du kan sjå ein båt, men sjansen for at du ser hav ,hav og atter hav er større enn at du ser ein båt.

U get the picture?

Forøvrig ja, eg har vert i Barentshavet og sett på havet.

Kaldvattendusj nedover nakken til mamma gitt!

Har eg feila?

Nei!

Det her tok meg lang tid å skjøne, eg måtte snakke med mange foreldre, og ikkje minst med andre som har diagnose autisme før eg begynte å skjøne samanhengen mellom gleda over det som skjedde og kalddusjen til mamma etterpå.

Og ikkje minst, kvifor mine gutar sin bastande NEI er komen litt meir over i «eg veit ikkje» eller sikkert.

Når har man det eigentleg gøy?

Kva er gøy?

Kan gøy vere gøy? Og korleis opplev ein at gøy er gøy? Og kva med om det som er gøy i dag kanskje ikkje er gøy neste gang? Og, kan eg oppleve noko meir gøy ein annan plass enn det eg eigentleg var med på no?

Jada, eg set det litt på spissen, eg trur ikkje mine gutar på 7 år reflektere så mykje som eg skriv her, men eg skriv det slik for at de kanskje skjønar korleis eg opplev det.

«Nei» og «kanskje» eller «veit ikkje» er greie ord å bruke for å skjerme segsjølv.

Nei, betyr jo at ein ikkje vil.

«Veit ikkje» er eit ord som beskriv at ein kanskje eller kanskje ikkje vil noko, men er usikker på om  det eigentleg er noko som passe for seg eller ikkje.

«Kanskje» er litt på same måten som veit ikkje, men eg føle kanskje er eit meir sikkert ord på at eg kan klare å få dei med på noko, kontra veit ikkje som eg tolke som meir usikker.

Kan ein tape på å bruke nei, veit ikkje eller kanskje?

Ja.

Men, eg opplev at mine heller verne enn å prøve, for å så angre i ettertid.

For de skal de berre vete, både skule, fagfolk og de som foreldre.

Mine barn med autisme kan på lik linje med andre born verte kjempelei seg og angre på at dei ikkje vart med på noko.

Type utrøsteleg .. og det er særs vondt i mamma hjertet når det skjer.

blogg 8 april 1

Difor vel eg mykje for mine.

Dei får berre to val, og eg påvirke nok litt tidvis for at dei skal klare å velje sjølve.

Eg  tolkar nei, kanskje eller vil ikkje ut i frå om dagsforma er slik at vi kan pushe litt, eller om det er best å halde seg heime.

Og eg  har lært meg at sjølv om gleda i etterkant av noko er like entusiastisk som ein safari i Barentshavet, så er den der <3

 

Langt der inne, godt gjøymt bak eit :

«sikkert, kanskje veit ikkje kanskje  kanskje ikkje»

blogg 20 mai

 

Ha ein flott torsdag 🙂

 

<3<3Ragne Beate

 

  • Elin

    Gjett om eg kjenne meg igjen!
    Kanskje, veit ikkje og nei – dei mest brukte orda avogtil.

    Her sette du ord på noko eg har tenkt mykje på. Det er sjeldan ein kan innrømme etterpå at det var kjekt, sjølv om mora ser at det er veldig kjekt der og da.

  • Birgit

    Kjenner meg veldig igjen der ja!!!
    -Har du hatt det gøy i dag?
    -Nei!!! (Selv om jeg VET at hun har stooooorkost seg!!)