Undring

28. august 2015

Åh ! Eg har sagt det så mange gonger før ,men eg seie det gjerne igjen.

Berre eg kunne skjøne verda de lev i.

Forskjellen mellom vår verd og dykkar.

Kor mykje vi kunne ha lært kvarandre..

blogg 17 august 1

I staden så føle eg av og til at vi er i ein boksering, på kvar vår kant av center.

Einaste forskjellen er at vi ynskjer ikkje å skade kvarandre, vi berre sirklar rundt, testar ut grenser,  men prøve å nå center ilag.

Kan mamma gjere sånn i dag kanskje?

Eller er det dagen for å berre late det vere?

Kan vi teste ut mamma i dag, er ho klar for det?

Skjønar ho no at vi er slitne, eller at vi er redd?

Fange ho opp signala, eller må vi gjere noko meir for å få ho til og skjøne?

Vi går ikkje med guarden oppe i vår sirkel..

Men putting puzzle pieces together

Men vi testar ut.. eit skritt fram ..to skritt tilbake.. eit skritt fram .. to skritt tilbake..

Mamma løfte av og til guarden, men ikkje mot oss.. men mot den andre sirkelen som vi også er ein del av.. den offentlege sirkelen..

Vi slepp å forholde oss til den endå.. det er mamma sin jobb det..

Vi i vår familie har også eit anna mysterium.

Det heiter ikkje autisme.. det heiter tvillingar- einegga tvillingar..

Den verda får mamma  heller ikkje innpass i.

For den er berre vår<3

Endå kan mamma sjå at vi kommunisere, mellom oss, det var mykje meir tydeleg før, men det er tilstades endå.

Georg som kan fortelje mamma kva Laurits treng, utan at Laurits har ytra eit ord.

Dei små tinga mellom de to, nesten usynlege.. men a likevel der..

To tett i tett.. finn kvarandre uansett.

Anten i ein sofa eller på golvet med lego.

Så til de grader forskjellige- men a likevel så lik <3

Mamma sit på sidelinja og observere.. ser så mykje som berre er så herleg normalt at ho eigentleg har mest lyst til å byrje å grine!

Takk og lov at de har det<3

Takk og lov for at de får lov til å dele det hemmelige, det uhandgripelige, det som er tvilling sjela mellom dykk <3

Autismen skilje de på mange måtar, gjere de nok meir ulik enn de hadde vore om ikkje..

Difor betyr det endå meir at de har det de har.

Hemmelegheit- samhald

Det mamma aldri får ta del i..

 

Mammas undring  ,tvilling og autisme <3

blogg 28 august 1

God helg <3

 

<3<3 Ragne Beate