«Lille speil på veggen der, kor i Noreg er det best å vere?»

31. august 2015

Eg kjenne eit behov i disse val tider, der ein framleis kranglar om søndagsåpe butikkar, og klarar å spare inn ein time på eit tog frå Bergen til Oslo, og komme med eit spørsmål eller to.

Eg nevnte det tidligare 8 mars, på kvinnedagen, om dei enorme forskjellande som finnast i Noreg når det gjeld hjelp til born med spesielle behov.

Blogg 8 mars 3

Det kan faktisk bunne ut tilslutt kvar i landet du er busett på tidspunktet du vert mamma og pappa, for å sikre at bornet ditt skal få den helsehjelpa det treng.

Tenk på det! I lille Noreg!

Betalar vi skatt til same statskasse?

Er vi innbyggarar i same land, eller har Finnmark blitt ein eigen stat, og Sogn og Fjordane ein annan, også sit dei i Oslo og skal prøve å administrere statane frå sitt eige perspektiv?

Sjølvsagt litt mykje av problemet i kommune økonomien, til og med eg skjønar jo det!

Men,  korleis kan det forsvarast at ein familie i ei kommune får avlastning- kanskje fordi det går av barnevern budsjettet, mens ein anna familie i ei anna kommune ikkje får den avlastninga dei så sårt treng fordi det ikkje finnast rom for det på det kommunale budsjettet?

Fordi overføringane til ei allereie bunnskrapa kommune er for små i henhold til behovet?

Eg brukar avlastnings eksempelet til mykje ,eg veit det, men avlastning som fungerar er verkeleg det som kan vere med på å halde ein familie med store omsorgsbehov oppe. Og hugs, avlastning kan vere så mangt. Det treng ikkje vere besøksheim, avlastning kan vere støttekontakt, hjelp til vask i heimen, det kan vere timar på ein ride leir osv osv.. Men felles for tiltaka er at det har ei meget viktig prevantiv virkning på at foreldre blir kronisk utslitt.. de veit, strikken..

«Ragne- det her er lovpålagde tjenestar»  er det sikkert mange som tenkjer no.

Jau, det veit eg.

Men teori og praksis er to vidt forskjellige ting- og det er økonomien som rår.

blogg 5 april 1-1

Ei annan ting som også frustrere meg volsomt er kvar skillet går imellom kva som er eit kommunalt ansvar og kva som skal inn under NAV?

Foreldre med born med spesielle behov blir kasta frå instans til instans:

«Nei, dessverre dette er  ikkje eit kommunalt ansvar»

«Beklager, vi kan ikkje sjå at NAV kan hjelpe de med denne saken, den ligg på eit kommunalt nivå»

Regleverket er vanskeleg å lese, skjøne og ikkje minst korleis det blir tolka og satt ut i livet.

Samstundes sit det masse familiar rundt om kring i landet og treng hjelp.

Nei ,ikkje reine pengar.

Men hjelpetiltak som er tilpassa deira konkrete familiære behov.

Jo, eg skulle veldig gjerne ynskje at ein kunne ta ein kvar familie med autistiske barn innunder ein mal.

Då hadde ein i alle fall fått lagt eit opplegg slik at alle som trengte hjelp ville bli fanga opp og fått det.

Kor mykje hadde vi kunna spart, både kommuner, stat og ikkje minst personlige skjebne, om familiar hadde fått hjelp før strikken ryk?

blogg 31 august 1

Men verda er ikkje så enkel. Verda er langt i frå  så enkel..

I valkampen no fokuserast det på barn og unge i henhold til skule, og kjempeflott er det!

Men eg har endå ikkje høyrt ein tøddel om korleis hjelpe dei sårbare borna som dett utanfor vår A4 norm- og familiane deira.

Korleis kan vi bestrebe at alle som treng hjelp får det? Uavhengig av kvar dei bur i landet?

Nye reglar? Den berømmelege kompetansehevinga? Pengar?

Eg veit ikkje, eg veit berre at skal ein få ei endring, må ein i alle fall diskutere problemet.

Og den diskusjonen saknar eg..

blogg 30 juni 2

Kva tenkjer du?

 

<3<3 Ragne Beate