Hausten- den beste årstida, med fordelar og ulempe

1. september 2015

I dag vart eg vekt av Georg i halv 5 tida, han kjem gledestrålande inn på soverommet mitt, med redningselskapet capsen sin godt plassert på hovudet og utbryt:

«Mamma, veit du kva? No er det haust»- på ein nynorsk som nynorskens far hadde vore stolt av å høyre.

blogg 1 september 1

Han er opptatt av det, at nynorsken skal uttalast korrekt, akkurat slik som vi les det i skulebøkene 😉

Pertentlighet er ein dyd.

Personleg så elskar eg hausten. Den flotte litt kalde tida, der ein kan gå i fjellet utan å få sene betennelse av å peive vekk fluge rundt hovudet heile tida, eller møte krypdyr av ymse slag som han her eg møtte før i sumar.

blogg 1 september 4

Okay, eg skal innrømme at han kompisen her møtte eg på ein treningstur på asfalt, han låg å koste seg attmed kvitestripa, og eg holdt faktisk på å trakke på han, sida eg var særs i mi eiga verd, med ein eller annan opphypa 90 talls song på øyret  og i god driv.

Men det er i alle fall eit bevis på at dei finnast i marka og!

Heldigvis ikkje på hausten, då stikk han av,går i hi.

Ein annan ting er fargespelet i naturen, haustfargane er så nydelege, kombinasjonen av raudt, grønt og det brune, just love it!

Også syns eg det er koseleg med mørkare kveldar, levande lys, te og seriar på tv.

Og akkurat no innsåg eg at eg faktisk må ta meg ei runde igjennom reflexvest skuffa og sjekke om vi må oppgradere noko av sortimentet.

Og ikkje minst, vi slepp å snakke om sumaren som aldri kom, hehe 🙂

Hausten har dog ei bakside.

Den heite omgangsykje, magafare, farrang, spysykja, rennjaskjeta.. kjært barn har mange namn.. eller.. kjært var nok neppe rette ordet her..

Lat oss vere ærleg, det er noke skjit å få i hus!

Og saman med ein annan kjent aktør-nemlig lus- kan ein kjenne lusa på gangen (mohahahahahahaha) , omgangsykja kjem når skulane starta.

Og vi har fått svineriet i hus.

Det verste for mine sine med autisme når dei vert sjuke er at det er noko dei ikkje skjøner, noko som skjer i kroppen som dei ikkje har kontroll på, og dei vert redde.

Eigentleg er det jo ikkje så rart at dei blir det, vi snakkar jo om born som MÅ ha kontroll på livet sitt for å få det til å funke.

Eg er veldig obs på å fortelje dei etter eit uhell eller oppkast at det her er noko som vil gå over,og at mamma er her og passe på.

Trygghet er så viktig for alle born, og spesielt born som ikkje skjøne kva som skjer.

For tanken på å vere sjuk,og redselen for å ikkje bli frisk, er verre enn det å faktisk vere sjuk i seg sjølv.

Meirarbeidet det tek eg.

I skrivande stund luktar eg ei blanding av klor og sprit.

blogg 1 september 2

Eg vil presisere teknisk sprit.

Huset luktar svømmebasseng.. i alle fall delar av det.

Georg reagerer veldig på det, då han ikkje skal ha symjing før i morgon, og det skal ikkje lukte symjehall heime.

Nei vel, min venn, det skjit mamma i (haha, tog du den) her skal basseluskane DØ!

Om det hjelp det veit eg ikkje, men det er i alle fall vel verdt forsøket..

Du går der og vaskar, det rumle i magen, du kjenne deg litt uggen, har faktisk litt vondt i hovudet og.

blogg 1 september 3

Er det kloren?

Er det middagen frå i går?

Nakken har skrangla litt, så hovud verken kan komme derifrå..

Er det tanken på å få spysykja??

Vi får vel berre  vente å sjå…

 

I mellomtida så trur eg at eg tar ei ekstra runde over badet eg 😉

 

Ha ein flott tysdag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

Ps: 48 timar heime frå siste oppkast-så kanskje slepp vi at halve landet ligg iløpet av hausten 🙂