«Hangups»

12. september 2015

God kveld alle sammen, eller «heiiiaaaa bloggen» ;);)

Det var vel omtrent så rosa som min blogg noken gong kjem til å bli.

Eg går rett på. I dag vil eg snakke om «hangups».

Veit eg har nevnt før i eit blogginnlegg om at autistiske born ofte kan gå i «hakk», og i dag skal eg utvide og forklare litt meir korleis eit slikt «hakk» eller «hangup» er – for oss.

«Hangups» er ikkje eit fagbegrep, det har eg funne på heilt aleine- trur eg i alle fall.

Eg har i alle fall ikkje lest det ordet før i den sammenhengen som eg no skal skrive om, men om det er eit rett ord på rett setting, så konge! Då er eg meir intelligent enn eg trudde! Haha!

Nei, tilbake til «Hangups».

En «hangup» er en heilt vanvittig facinasjon og opplevelse av ein spesiell ting.

blogg 12 september 2

Eg personleg definere ikkje desse «hangupsa» som sær interesser.

Særinteresser for meg er meir fysiske, som legobygging, eller synking av båtar, som varer over lange perioder, årevis faktisk.

Det eg kallar «hangups» er ting som oppstår, som er kjempeintense der og då, ofte over eit lengre tidsrom, men som så plutseleg berre sluttar, og blir bytta ut med ein annan «hangup».

Mogeleg fagfolk kalle det særinteresse, men det gjere ikkje eg-i min blogg.

Vi har ein slik «hangup» no her heime med oss.

Det er då kalla, hold dykk fast:

LOTTO!

(*egkjennerdetvrirsegihjarterotamibarevedåtenkepålotto*.com)

Eg har eigentleg begynt å få eit ganske så ambivalent forhold til Lotto.

For det fyrste så høyre eg ikkje om anna enn Lotto for tida.

Vi snakke om Lotto, vi mase om Lotto, vi drøymer om Lotto.

Og er de klar over at Lotto, det er faktisk ein mogelegheit tirsdag, onsdag ,fredag OG lørdag!

Mm… de er maaaange sjangsar!

Problemet er at vi aldri vinn!

Ikkje så mykje som ein ussel 50 lapp klare vi å haie inn på kupongane våre, og det er forferdeleg vanskeleg for gutane mine å skjøne.

Og her dele eg sjølvsagt deira skuffelse og frustrasjon.

Eg kan heller ikkje for mitt bare liv skjøne kvifor ikkje VI klare å få dei 7 rette tala inn slik at vi vinn hovedgevinsten.

Etter pompel og pilt sitt begrep er det jo kjempelett.

«Mamma-skal vi tippe no? Vi må berre finne dei rette tala!»

Og logisk nok så går vi jo inn og ser på trekninga for sist gang det var lotto på Ipaden.

Frustrasjonen er kjempestor når ein innser at dei tala var førre gevinst og at tala som gjer gevinst ikkje syner før etter klokka 8 på lørdagen, og då har jo vi allereie levert inn kupongen.

Det her er svært vanskeleg å forstå.

Same som også er svært vanskeleg å forstå er at mamma ikkje berre kan la gutane tippe lotto, då det er 18 års aldersgrense, og det er jo ikkje før i 2025 at vi er 18!

(men ja, dei har jo fått lov å krysse av ein kupong , det har dei)

blogg 5 september 3

Er dei spillegal?

Nei nei nei!! På ingen måte!!

Kva er lotto? Lotto er tal! Tal er spanande! Og det kjem med rullande kuler, noko som og er heilt fantastisk!

Og kven ynskjer ikkje å mache tall frå tv mot tall ein har på ein kupong?

Mine born er svært logiske.. Det er feilen med å ha feil tal som er feilen, ikkje at ein ikkje vinn pengar.

Ei annan ting som også er svært viktig er å få med seg eit Lotto kort heim!

Det må vere eit lottokort med 350 kr på-5 ukers –med joker.

blogg 12 september 3

Ja eg snakkar sjølvsagt om dei korta som ein har på matbutikkane , der du kan bare levere eit kort i kassa og så får ein kupong like etter kvitteringa 😉

Heldigvis er den lokale nærbutikken sine folk nokre fantastiske skapningar som let borna få med seg eit sånt kort heim i ny og neJ

Vi snakkar om «save the day» stemning i heimen når vi kjem heim med eit slikt.

Utruleg lite som skal til for å redde ein dag, berre litt forståing <3

«Hangups» tar veldig mykje tid, det tar krefter psykisk, da du heile tida må parere, forebygge og prøve å tone ned.

Eg opplev at å tone ned er viktig, kontra særinteresse som også må tonast ned på ei side, men som også kan brukast positivt som forsterkar.

Lotto er ikkje noko ein kan bruke som positiv forsterkar- og ikkje søren om vi vinn heller.. som sagt.

blogg 12 september 1

I kveld er gutane med mormor og morfar, vi skal i konfirmasjon til guten vår som bor med sin mamma ( ja, min stesønn, men eg hatar slike begrep, eg ser på han som min som alle dei andre)og dei skal vere der, sida dei ikkje takle slike selskap endå.

Dei reiste med 2 nerf, 2 lotto kort med 350 kr-5 ukers-med joker, og kvar sin kupong, sjøl om dei ikkje var 18 år, det blir dei jo i 2025.

Mormor og morfar lovde at dei skulle få lov til å sjå lotto trekninga i kveld, sida dei var hos dei, og det var laurdag, og dei skulle kose seg.

Eg nyt stillhet, og lagar oste suffle.

Vel vitande om at i morgon, når dagen derpå kjem, utan gevinst, så kjem det gledesstrålande frå to skjønne gutar:

 

«Mamma, har du hugsa å tippe extra?»

 

blogg 14 augst 2

 

GOD HELG!!!

 

<3<3 Ragne Beate