More than just words..

13. september 2015

«Ei lita tue kan velte eit stort lass»

Har de hørt det ordtaket før?

Vel- ord kan velte ein situasjon, som tilsynelatande såg heilt fin ut.

Ordet kan velte situasjonen på den måten at du sit att etterpå, men skjegget i postkassa, og eit stort spørsmålsteikn over hovudet ditt, og undre-kva gjekk gale?

Ord er makt.

blogg 25 juni 2

Og er det noko vi foreldre som har born med autisme veit, så er det at om noko ser ut til å gå bra, så hold vi klokleg munn, og ber til høgare makter om at det ikkje skal komme ein eller annan kommentar frå eit eller anna hald, som velte heile opplegget, og legg ballen dø.

Er det virkeleg så sårbart?

Svaret er ja.

Kvifor er vanskeleg å forklare, og veldig situasjons avhengig.

Men lat meg prøve å kome med eit eksempel.

« Du skal bort saman med familien din, og i staden for å ha på deg dei vanlege kleda du pleie å gå med, som joggebukse og hettegensar, så er det påkrevd litt finare kle, i ditt tilfelle vel mor di å leggje fram ei dongribukse i type blå, og ein gensar utan hette.

Foreldra dine jobbar iherdig med deg for at du skal ta på deg desse kleda. Klok av skade, så begynne dei fleire dagar i førvegen.

Dei motar deg opp, snakkar til deg om kor fin og flott du er i desse kleda, dei skyr bevist ord som «vaksen» eller «moden» eller «intelligent» då dei veit at du assosiere desse orda med noko som sett krav- som igjen utløyse stress.

Dei fokusere heller på kor godt kleda sit på deg, at fargen er fin til augene dine, at dei går kanonbra til joggeskorne som dei fekk på deg for 3 veke sidan, etter same prosessen.

Dei motar deg i det heile tatt opp.. steg for steg, time for time, med mål om at den svarte joggebuksa som virkeleg har sett sine betre dagar, skal få kvile seg i dag.

Jo, kjære lesar, selvfølgeleg kunne foreldra berre sendt bornet sitt av gårde i den joggebuksa og ikkje brydd seg.

Men sanninga er at bornet bryr seg. Bornet skjønar at det er annerleis når det kjem i jogge bukse og ikkje i kle som dei andre har.

Gløym aldri at eit born med autisme er like lite konfortabel med å vere annerleis som det eg og du er.

Dei ynskje å vere som alle andre, dei ynskje å få innpass.

Tilbake til bukse og genser jobben.

Vi ser fredag, og det nærme seg avreise.

Foreldra  dine har overbevist deg om at du ser heilt fantastisk ut!

Og er ikkje reint lite stolte heller, og rørt.

Det er stort å sjå gullet gå ut av huset med nye klede.

Trur meg, det er STORT!

Men dei sit begge med ein angst i magen.

«Vil det kome nokon kommentar?»

Dei har informert og fortalt, men dei er ikkje trygge.

Ingen veit betre enn de kor lite som skal til.

Du sitt å kikar ut av vindauget, mamma ser litt stjålent på deg i speilet, er det noko teikn til misnøye?

Ingenting, du virkar superhappy, og klar til det som skal skje.

De når destinasjonen, og går inn.

Og foreldra dine ser at alle reagere.

Men ingen seier noko..

Klumpen i magen er stor, men den avtar.. det går 10 min…15 min..

Kanskje går vi klar?

Så kjem det plutseleg frå ein av gjestane:

«Sei meg, har du fått deg nye klede eller? Vore på cubus?»

 Det går 2 sekund, og det smell i ei dør!

Også reiser familien heim.»

18 mars 3

 

Set eg det her på spissen no?

Nei, eg gjere ikkje det.

Eg kunne brukt mykje hardare skyts, men eg tenkjer at det enklaste er som oftast det beste.

Ja,vi er så sårbare som familie, borna våre er så sårbare for ytre stress, på fokus rundt sin person, og borna våre kan og reagere slik på ein enkel kommentar.

Difor spør eg:

Må ein alltid kommentere?

Kva så om joggebuksa er bytta ut med dongri?

Kanskje kunne tanken forblitt tanken og ikkje blitt til eit ord?

 

«You say it best when u say nothing at all»- synge Ronan Keating.

 

Det hende at han har heilt rett!

blogg 24 feb

 

Ha ein flott sundag<3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

  • Inger-Ann

    Mange ganger burde det heller telle at denne gangen, denne eine ellee eineste. Da gikk det! Og være super stolt!! Det gikk, en så lenge.. Og ja det er en bragd!!! Eg er stolt på deres vegne..Det tar så inderligt masse av tid og energi.. Tusen takkk, forat du tar tid!! DET betyr alt!!!