Stemningsrapport frå jubileumskonferansen

17. september 2015

Hei alle saman!

Og gratulerer med dagen alle medlemmar av Autismeforeningen i Norge<3

blogg 16 september 1

I dag er På Randen med Ragne sin Ragne ei lukkeleg, stolt og glad dame:)

Eg vil starte dagens blogg innlegg med å skryte vilt og hemningslaust av sentralstyret, kontoret og eventbyrået Sketch, som har tromma i hop ein fantastisk første dag av jubileumskonferansen.

Stolt av de alle!

Eg har dura rundt som frivillig på konferansen og kosa meg max! Alt har stort sett gått på skinner, dog litt dårlig luft i salen, men det skal vel godt gjerast med rundt 360 personer til stades.

blogg 16 september 2

Her avbilda med kjekke Ellen frå kontoret 🙂

(Eg skulle gjerne ha delt fleire bilete til dykk få konferansen, men eg tek personvern alvorleg, og sida det er vanskeleg å knipse bilete utan at andre som kanskje ikkje vil vere med,vert med, så let eg det vere:) )

Ps: Kjekke Ellen gav meg si velsigning 😉

Vi har fått den glede av å høyre på Terje Nærland, som ha snakka om «modeller for å forstå autisme-historisk og fremtidsrettet perspektiv»

Sissel Berge Helverschou som har snakka om «sentrale utfordringer for å oppnå et godt liv med autisme»

Christopher Gillberg, som snakka om «Asperger syndrom , skjult funksjonsnedsettelse og skjulte problemer»+ at han og snakka om «Asperger syndrom,voksenliv og arbeid»

Og vi avslutta i dag med Andrew McDonell sitt foredrag om «God livskvalitet i tilnærmingen til utfordrende adferd».

Eg er heilt overvelda, så eg treng litt tid for å fordøye alt før eg kan skrive mine refleksjonar, her er så mykje å ta tak i, så mykje kunnskap som vi alle kan lære, mestre og forstå.

Men en ting har eg lært i dag, som eg vil dele med dykk med ein einaste gong.

«Gløym ikkje menneskje bak diagnosa, sjå differansane- nyansane- utfordringar, men også styrke- men mest av alt, sjå bornet- sjå «meg»»

 

blogg 27 pril 4

 

No er det straks klar for jubileumsmiddagen, og masse kjekk underhaldning, før ein ny dag gryr i morgon med meir fagleg påfyll!

 

Eg kan ikkje seie anna enn at eg glede meg stort!

Håpe det alle har ein flott torsdag!

 

Til dess… so long:)

 

<3<3 Ragne Beate