Takk for at de ikkje gir opp!

18. september 2015

Dag to er over på jubileumskonferansen. Underteikna som sit ved tastaturet er sliten, full av inntrykk, litt klump i halsen og glede seg stort til å sjå att gutane sine i morgon.

blogg 17 august 1

I dag skal eg ikkje skrive om autisme i den forstand, men eg skal ta utgangspunkt i ei dame vi fekk høyre i dag, Ros Jordan, som sjølv har diagnose og som gav oss eit sjeldan innblikk i autismespekterforstyrring- gjennom hennar auge.

«I only know what I am told, og tought or shown»- sa Ros.

«Eg veit berre det eg er blitt fortalt,lært eller vist»

Tenk på det..

Smak på orda..

Kva gjere dei med deg?

Eg skal fortelle de kva dei gjorde med meg, og med tårer i augene :

«Kjære alle foreldre, besteforeldre, pårørande, pedagoger med hjerte av gull, assistenter som står på, engasjerte psykologar, vernepleierar og andre.

Takk for at de ikkje gir opp!

blogg 30 juni 2

Takk for at de dag ut og dag inn kjempar kampar på vegne av eigne eller andre sine born, takk for at du dag ut og inn vaknar med tanken om at

«Kva kan eg gjere i dag som kan gjere livet litt betre for bornet?»

Vit at det nytter, all terpinga , all struktureringa, all masing, alle tårer og den botnlause fortvilinga som du tidvis dett ned i.

Vit at den forskjellen du gjere, krava du sett, måla du drøymer om, men som du  kanskje ikkje når i dag, dei kan du nå om 10 år-20 år-kanskje 50 år.

Ingen garanti, men dei kan komme.

Tenk på det, tenk på jobben du gjere som mamma og pappa. Tenk på kor mykje akkurat ditt engasjement for ditt born er med på å forme bornet til å bli noko det aldri kunne ha blitt- om det ikkje var for akkurat DEG.

blogg 10 juli 1

Same til engasjerte menneskje i hjelpeapparatet, akkurat DU er med på ein prosess saman med oss som har funksjonsnedsetting i familien, mot eit mål.

Eit mål vi ikkje veit heilt kvar er, men som er der framme..

Eg satt med ein stor klump i magen, tårer i augene og vart heilt overvelda når eg faktisk tenkte på den jobben eg har, og den jobben eg har framfor meg.

Ikkje minst kor viktig den jobben e.

For det er den folkens!

Det er faktisk den viktigaste jobben i heile verda!

 « Eg veit berre det eg vert fortalt, lært eller vist»

 Lat oss aldri slutte å jobbe for det gode liv for våre born. Lat oss vere gode vegvisarar, gode førebilete, gje dei utfordringar, lat dei få gå på trynet avogtil, verken vi eller dei daude av det, lat oss repetere til føle vi blir koko.

Lat oss glede oss over dei bittesmå stega <3

 

Lat oss ilag dra lasset på vegen mot det gode liv for våre born som ikkje er akkurat heilt slik som alle andre.

Og, lat oss gjere det med stolthet og stil <3

 

Tusen takk alle kvardagsheltar der ute, eg er utruleg stolt av dykk!

blogg 25 juni 1

 

GOD HELG!

 

<3<3 Ragne Beate