Manglande generalisering er fort gjort å gløyme..

20. september 2015

Tenk deg at du er på hytte tur.

Du har lagt deg i selen for å leggje til rette slik at denne hytteturen skal bli både fantastisk, magisk og vidunderleg.

Av ein eller annan merkeleg grunn så er vi menneskje blitt sånn.

Ok er ikkje lenger ok. Greit nok er heller ikkje lenger ok. Passelig er i alle fall ikkje ok, eller for den del greit.

Vi vil ha fantastisk, magisk og vidunderleg.

Du jobbe i alle fall kanonhardt i forkant for at alt skal bli slik du ynskjer at det skal bli.

Gode dagsplanar, mat som du veit funke, passelege pauser på veg inn til hytta, for å unngå overbelastning, rett dvd i bilen, osv..

Du har ikkje med genserar som klør denne gongen-kremt- ,klok av skade, sjølv om mamma logikken vrengjer seg når ein ikkje får påta på poden ullundertøyet som er «påkrevd» når temperaturen krype ned under 10 grader celsius.

Hettegensaren frå Cubus får gjere nytta si her og.

Du har hatt «the talk» med alle om korleis ein skal oppføre seg, i omtrent alle oppkonstruerte konflikt situasjonar som det er mogeleg å komme i som du kan kome på.

Her skal ingenting gå gale.

Blogg 11 april 1

Så kjem de på hytta, alt går heilt strålande, inntil til det blir nevnt ordet dusj.

Etter ein lang dag ute i skog og mark så må ein jo ta ein dusj.

Her blir det bom stopp, og bornet lagar storliv.

Det skal IKKJE dusje! Ikkje snakk om!

Du skjønar ingenting. Er det noko du har laga gode rutiner på så er det i alle fall dusjinga.

«Trass» seier nokon.

«Bortskjemt» seier andre

«Streten» seie vi på vestlandet

«Udugelege foreldre» vert kviskra i krokane.

«Eg veit ikkje korleis eg skal dusje her».. tenkjer bornet.

blogg 21 septmeber 1

Sei meg, ville du ha hive deg ut i ein situasjon på ein framand plass som du ikkje visste korleis du skulle takle?

Ikkje det nei..

Men det forvente vi at borna med autisme skal gjere, og det til og med utan å meine det vondt i det heile tatt.

Vi gløymer at autistiske born slit med generalisering.

Mine born generalisere omtrent ikkje i det heile. Det vil altså kort fortalt seie at om dei kan ein ferdighet heime, som tildømes å knyte skolissene sine, så er det ingen automatikk i at dei skal kunne knyte skoa sine på skulen.

Det betyr ikkje at mine born aldri vil kunne klare å knyte skoa sine på skulen, men det betyr at skulen må lære borna same aktivitet, i dette dømet å knyte skoa, slik at dei blir gjett verktøyet «å knyte sko» også på skulen.

Det må såkalt «dobbel innlærast».

Vi utan autisme går på autopilot i mange situasjonar, men det gjere ikkje born med autisme, og det må vi ikkje gløyme.

På min hyttetur denne gongen ville nok ikkje eg ha klart å få bornet mitt i dusjen, sjølv om eg hadde vist det korleis det skulle dusje.

Fordi blikka, kommentarane og den stressande situasjonen hadde i tillegg til den manglande generaliseringa også hadde skapt angst.

Det er fort gjort å ta ting for gitt, dømme utifrå situasjonsbilete, og gløyme kva utfordringar bornet ber med seg, ved å ha sin autisme.

Så dagens moral blir:

«Hold stilt om du ikkje har noko positivt å kome med, og ta ikkje for gitt at bornet kan det same på to plassar, det kan godt hende det må innlærast på nytt»

 

blogg 24 feb

 

Ha ein flott sundag!

 

<3<3 Ragne Beate