Å vere mammaen som aldri kan døy

21. september 2015

« To små lysluggar ligg trygge og gode i senga si, tett i tett.. Mamma har fleire gonger tenkt at ho burde prøve å skilje dykk, la de få vere meir individualistiske, ha meir separate liv, men kvar gong ho prøve, så ende vi opp med det same.. to små lysluggar, tett i tett, jevn pust med eit lite lys som held mørket borte..

Ingen av de likar mørket..

blogg 8 april 1

Mamma sit på sengekanten og stryk  forsiktig over kinna ,ein etter ein, ikkje så mykje at de vaknar, men kanskje kjenne de at eg er der alikevel?

De likar ikkje at eg er borte.. vil helst ha meg heime heile tida..

«Saknar deg mamma», pleie de å seie, vi har det best når du er her <3

Det er i slike augneblink eg tenkjer: Eg er mammaen som aldri kan døy.

Kven skal vere der å forklare når de nektar å ta på hua, ikkje fordi de ikkje ynskjer hue,men fordi det er sagt på skulen at ein ikkje må bruke hue, fordi det kan vere lus i den..

Nei, det var sjølvsagt ikkje det som vart sagt, det var snakk om å bytte hue, men det har ikkje de fått med dykk.. de har misforstått…

Slik som de ofte gjere..

Kven skal vere der og fortelje at det ikkje må takast for gitt at de stoppe for ein bil som kjem kjøyrande, eller at de kanskje ikkje snur dykk når navnet dykkar vert ropt ut, eller at tryggleiken er viktigare enn funksjonen nokre gonger?

Kven skal vere der å sørje for at de får ressursane de treng for å vokse, for å nå nye mål og ikkje minst for å bli trygge gode gutar, som seinare gir trygge gode menn?

Kven skal vere der og fange dykk opp, både når de har feila men også når mestringa er så stor at mamma sine auge renne over i gledesrus!

DE KLARTE DET, VI KLARTE DET!!!

Jepp, det er oss mot rukkla!

blogg 6 april 3

Dei små tinga, som ikkje går inn i ein manual eller eit system..

Dei tinga som berre er til, ekte, men som må vere der for at de ikkje skal gå så altfor mykje på trynet.. berre litt..

Eg lyttar til pusten igjen.. den eige guten min vrir seg litt og sukker..

Burde eg ha laga ein manual kanskje?, tenkjer eg.

Den hadde vel blitt på fleire 1000 sider..

Kunne eg ha verna om dykk betre då?

Ville manualen blitt lest? Ville det passa inn i systemet?

Det kostar jo ingenting det som står i manualen.. det kostar berre den innsikta som mamma sit med..

Som ein gut mot ei lus…

Eg veit like godt som alle andre at eg ein gong skal forlate denne jord, eg veit heldigvis ikkje kva tid.

Det eg må gjere er å sørge for at eg tar på mi eiga oksygenmaske før eg tar på dykkar, så eg held meg her lengst mogeleg.

Tar vare på meg sjølv, slik at eg kan ta vare på dykk..

blogg 22 september

Ta vare på dei små tinga, som gjere at livet de har vert bra.

Gje dykk kjærleik, kunnskap, vern og styrke..

Eg stryk handa lett over dei lyse luggane, og går stille ut..

«Ein får berre gjere så godt som ein kan», tenkjer mammaen som aldri kan døy <3

blogg 8 april 4

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

  • Lena G

    Ååå, Ragne! Dette var så rørende og spot on, akkurat slik er mine tanker om sønnen min på 6 år med autisme også. Tusen takk for at du inspirerer og setter ord på det mange autismemammaer føler på!

  • Jeanette

    Har vært innom samme tankene mange ganger selv. Har to gutter med autisme. Den eldste er veldig opptatt av å gå på kirkegård for tiden. Er som han reflekterer over det med døden. Han sier «mamma skal bli hundre år». Opp igjennom årene har jeg truffet mennesker som jobber med dem som ser dem og jeg føler de har et hjerte for dem. Etter hvert som barna går fra barnehage til skole etc, noen kommer og noen går. Sånn er jo livet. Vi som mamma er ankeret. Og det er vondt å tenke på at man en dag ikke kan være der når det røyner på. Det er vel slik for «normale» også. Noen hadde ønsket sin mamma når det blir tøft i livet, når det røyner på. Men ikke alle. Ikke alle har en varm mamma som kan forstå uten ord. Da får man tenke på at de har de øyeblikk sammen med oss med seg videre. Deretter får man sette sin lit til oven og at det er en mening med alt. Tross alt fins det gjennom historien fortellinger om autister som har hatt fantastiske liv.