Kor mykje er eigentleg «nok»

23. september 2015

I dag vil eg diskutere litt med megsjølv, eller eigentleg med dykk, men eg må no nødvendigvis diskutere med megsjølv for å nå ut til dykk 🙂

Spørsmålet eg stille i dag er fyljande:

«Kor mykje er eigentleg «nok» for at borna våre skal få ei diagnose, og kva kan bli resultatet av å få/ikkje få hjelp».

Dei siste åra har eg fått fleire og fleire henvendingar får foreldre som får ei såkalla «tentativ» autisme diagnose.

«Vi må fylje med og observere nokre år før vi set endeleg diagonse» –diagnosa.

blogg 12 september 1

Eg kan for øvrig skjøne at det er sånn på mange måtar, det er ganskje så heftig å setje ei diagnose på eit lite born som skal ha heile livet forran seg, som så må leve med den til det døyr-i alle fall i teorien.

Ein kjekk psykolog eg kjenne, forklarte meg det ganske enkelt då vi diskuterete tentative diagnosar, og kvifor dei vert sett.

«Kor rigid må ein vere for å seie at ein er rigid nok til å score ut på ein test for autisme?»

«Kor uroleg må ein vere for at ein er så uroleg at ein vert beteikna som hyperaktiv?»

«Og kor ukonsentrert må man vere før ein kan seie at konsentrasjonen er så dårleg at det går utover skulekvardagen»

Eg syns det var fantastisk godt sagt, og ikkje minst forklart, for disse dilemma har dei som diagnostiserar tusenvis av born i Noreg kvart einaste år.

Men, så kjem problemet med ei tenativ diagnose.

Den motverkar si hensikt i møtet med hjelpeapparatet!

Den skal ikkje gjere det, men diverre ,så er det slik.

Lat med kome meg eit eksempel.

«Viss eg og Kari ringe til lækjaren. Vi har begge sterke smerte i nakken. Mi nakkesmerte har namnet «sterke nakkesmerte», mens Kari si nakkesmerte heiter «whiplash».

Kven trur de kjem fyrst inn i lækjarkøen?

Kven vert kjappast henvist til fysioterapaut?

Og ikkje minst, kven si henvisning blir prioritert av fysioterapauten?

Jo, eg svare eg ,sidan eg tross alt diskutere med meg sjølv.

Det er Kari, dama med diagnosa «Whiplash».

Ei mamma eg snakka med på telefon, fortalte meg at hennar kommune vegra seg for å sette inn den hjelpa som sårt trengtes i skulen, fordi bornet hennar hadde ei tentativ autisme diagnose, og sidan tentativ i denne kommuna sjølvsagt vart tolka som «kanskje dette går over» så ynskje ikkje kommuna å bruke pengar på «kanskje» tilfellet.

Enkel logisk matematikk.

Ein kjøpe ikkje dyre tenester ein kanskje treng i det private heller.

Problemet er berre at innan for autisme så veit vi at den hjelpa som er mest effektiv å setje inn er tidleg intervensjon.

Strengt tatt så har vi verken tid, pengar eller mogeleghet til å vente..

Tikk takk, seier klokka.. «Eg treng å lære meg ferdigheter no!» ropar bornet inni den tentative autisme bobla si.

Foreldra sit på sidelinja og veit ikkje kor dei skal snu eller vende seg. Kvar skal dei byrje?

NAV seier at ein avvente behandling av søknad, kommuna seie ein må avvente NAV før ein behandle saken, skulen seier dei vil avvente til det vert gjort vidare utredning, utreiar seier vi må gje det nokre år.

Og ingenting stresse meir bekymra foreldre enn å avvente!

blogg 24 sept 3

Ja, Ragne Beate er fullstendig klar over at ein ikkje SKAL måtte ha ei diagnose for å få hjelp i Noreg. Men, ho veit og har erfart at systemet fungere ikkje slik. Dessverre.

Men,snu det andre vegen. Tenk om bornet ikkje hadde autisme, eller adhd.

Trur det at bornet hadde blitt skada av trening, tilrettelegging og oppfyljing?

Det er no tross alt ein grunn for at bornet i det heile tatt er sendt avgarde frå ein allmen lækjar til ein spesialhelseteneste eller BUP, ofte via ein PPT fordi nokon har ytra bekymring for utviklinga til bornet.

blogg 24 sept 1

Noko er det!

Og det må ein avdekke.

Men, ein må også sørgje for at både bornet og familien får den hjelpa dei treng, samtidig som ein avvente, observere og/eller avdekke.

Eg er ikkje psykolog, eg er berre ei kjærring med mykje på hjartet, med stor respekt for psykolog profesjonen, men med eit ynskje om eit smidigare system der «tenativ» også vert tatt på alvor.

Eg har sagt det før, og eg gjentar GJERNE megsjølv.

 

«Vi har strengt tatt ikkje råd til å vente, har vi vel?»

 

<3<3 Ragne Beate