Refleksjons notat

26. september 2015

I skrivande stund sit eg ved kjøkkenbordet mitt og sysler med eit foredrag eg skal halde på ein skule ut forbi Bergen etter haustferien.

Gutane mine er vekk på bading saman med avlasterane sine, dei var så oppglødde og gleda seg slik at dei meinte dei hadde ein heil koloni med sommerfuglar i magen, dog ingen av dei klarte heilt å skjøne korleis sommerfuglane var komen inn i magen, sida ingen av dei hadde spist nokre larvar i det siste.

«Ein treng ein larve for å få ein sommerfuggel mamma» får eg beskjed om.

Der gav gutane meg mitt utgangspunkt for foredraget.

«Larven som vart ein vakker sommerfugl»

Livet som vart heilt annerleis enn ein hadde forestilt seg, men som alikevel blomstre opp som ein sommerfuggel.. Vakker, grasiøs og med mi hjelp fri.

blogg 29 mars 3

Å skrive foredrag er både kjekt og leit.

Ved å skulle fortelje andre, vere den som skal male eit bilete om korleis eit liv med autisme kan vere, så går man ein tur ned memory lane.

Det er så mykje som har skjedd, så mange episodar, som ein ofte har gløymt, men som dukke fram igjen når ein leitar bakerst i hjernebarken.

 

«Kortid sov eg ei heil natt?»

«Korleis klarte eg meg utan sertifikat i 30 år?»- ja eg var 30 før eg tok lappen

«Livet utan eit språk»

Tenk det.. livet utan eit språk. Der var vi i fleire år.. eg har gløymt det, kanskje fortrengt det?

Og ikkje minst , kva skal eg fortelje om?

Kva er viktig å få fram for å klare å få tilhøyrerane til å skjøne, om enn berre ein brøkkdel ,av det å vere i den situasjonen vi er i.

Å skjøne korleis mine born tenkjer, og kvifor eg må vere den dama eg er.

Utan å utlevere..

Dilemma etter dilemma.

blogg 2 mars 2

Og veit de, her skal eg komme med ein bekjennelse.

For 5 år sida var det uaktuelt for meg å ta ordet i ei forsamling.

Tru det eller ei!

Eg skal ikkje skryte på meg at eg er stille og sjenert, det vil vere å dra det liiitt langt ut på landet, men det er ein vesentleg forskjell på å vere ei pratemaskin av rang på sidelinja, til å stå forran ei forsamlig, og ta ordet, eige ordet, vere i fokus.

For meg vart vendinga ei dame som heitte Gunn og eit episk landsmøte i Sogndal med Autismeforeiningen i Noreg.

Gunn var ordstyrar på landsmøtet og satt og i mitt styre i Sogn og Fjordane. Eg var på denne tida nestleiar i fylket.

Ho var heilt klar på at skulle ein snakke så måtte ein går fram på ein talarstol.

Og sida ho var ordstyrar, så var det eg som fekk ansvaret for å gå fram å tale vårt fylkeslag sine saker.

Eg nekta, det her kunne ikkje eg gjere. Ikkje snakk om.

Gunn ser på meg og svare, og det gløyme eg aldri:

«Det klare du heilt fint Ragne, avogtil så må man bare»

Den kjensla då eg røyste meg og gjekk fram, eg meine det, svetta dreiv av kroppen min.

Eg hadde hjartet så langt opp i halsen at eg var sikker på at det skulle hoppe ut av munnen min og sprette bortover golvet.

I handa hadde eg ein lapp, med det eg skulle seie.

Ei linje..

Overstått på 10 sekund..

Aldri har eg vore så stolt av megsjølv! Og barriæra var brutt.

Det eg trengte der og då var nokon som trudde på meg, og som gav meg det puffet.

Eg er deg evig takknemleg den dag i dag Gunn!

Sidan då har eg vore på talarstolar i mange samanhenger. Framleis nervøs, med klamme hender og bankande hjarte, men med ei heilt anna ro.

Også har eg innsett at eg likar det.

Eg likar å kunne formidle, rett og slett fordi eg brenn så inderleg for å få ut autismekompetansen, og ikkje minst gje folk eit innblikk i eit rikt, godt men og krevjande liv.

blogg 4

Foredraget mitt har fått eit skjelett no.

Der står det:

*Stress

*Motivering

*Tilretteleggjing

*Lyd

* Skulevegring

*Respekt

*Stolthet

 

Eg er uhyre stolt av borna mine.

Stolt av alt dei lære meg, både godt og vondt, stolt av at dei, ved å vere seg, har forma meg til å bli eit mykje betre menneskje no, enn eg var for 7.5 år sida.

Eg hatar tidvis autismen, men alikevel så er det den som har lært meg meir om livet enn eg nokon gong kunne drømt om.

Gjett meg mine beste vener, gode haldningar, kampevne , og tru på megsjølv.

Eg håpar eg klare å få det fram i mitt foredrag 🙂

Til månen og tilbake-aldri kjem eg til å gje opp!

blogg 27 september

«Different but not less!»

 

<3<3 Ragne Beate