Ærlighet varar lengst..har eg høyrt..

27. september 2015

God kveld der ute i dei tusen heimar:)

Håper de alle har fått ladda litt batteri i helga, og er klar for ny veke. Her hos oss er det siste veka før haustferien, noko som innebære eit nytt skifte for gutane mine.

Veka som kjem vil bli brukt til forebygging, så vi får overgongen frå skule til ferie og vidare tilbake til skulen så smertefri som mogeleg.

Som eg har sagt mange gonger før, «planning is everything».

blogg 16 september 1

Mine gutar er regelryttarar av rang , og dei er ute av stand til å lyge.

Det er jo ein god eigenskap det, for all del.

Men, når det kombinerast med ei større grad av manglande sosiale antenner, så kan ein havne i nokre kinkige situasjonar-i alle fall for mor.

For eit par veke sida skulle eg på eit møte. I forbindelse med det så tok eg på meg litt finare kle enn eg til vanleg brukar. (Noko som for øvrig ikkje skal så mykje til, då favoritt plagga her er treningskle.)

Eg sminka meg og, og drog ein sårt trengt hårbørste gjennom håret.

I det eg kjem ut av badet får eg spørsmålet frå eine guten min:

«Mamma, kvifor har du kledd deg ut i dag? Du ser veldig rar ut!»

blogg 8 september 2

Thank u thorn!

Same om ein møte eit menneskje som kanskje har nokre kilo for mykje på kroppen, eller nokon som røyker.

Det vert sett stort fokus på, og i høglytte vende.

Eller den beste, etter å igjen har sett Line sitt Newton program, og prestere å spørre ei venninne av meg om kor stort hennar bekken var…

Kjempegreier!

Ærlighet vare ikkje alltid lengst, ærlighet kan såre.

Og i alle fall ein slik ærleghet som går på kropp eller utseende, og ingen ynskjer å høyre at ein er stygg!

For øvrig er eg svært klar på at ordet stygg ikkje er lov å bruke.

Og ikkje minst, det som er sjarmerande og artig no, er kanskje ikkje så artig når poden eller døttra har bikka 15 år, og held på akkurat på same viset.

Eg har skrive om oppdragelse før, og kor viktig det er at ein ikkje går i den fella at ein unnskylde bornet med funksjonehemminga, på grunn av funksjonshemminga.

Mine born får klar beskjed når dei går over streken.  Og dei får den umiddelbart etter at «tabba»er gjort, uavhengig av kor flau mamma er blitt.

blogg 22 juli 1

Dette fordi eg ikkje ynskjer at denne adferden skal få lov å setje seg.

Nei, mine gutar har ikkje den medfødte evna til å skilje mellom kva som er ok å seie og ikkje, og for all del, det har heller ikkje andre born på 7 år heller, men desse utan diagnose får desse ferdigheitene etterkvart.

Det gjere ikkje mine born.

Vi må lære dei det.

Vi foreldre, lærerar, besteforeldre, avlasterar, og andre som er i kontakt med bornet.

Det er vi som må setje grensa for korleis vi ynskjer adferden, og på den måten guide borna i rett retning.

Om eg ler av mine?

Ja, eg ler så eg grine mange gonger, dei seie og gjere så mykje rart at dei hadde kunna hatt sitt eige humor program.

Men, når dei påpeike bilkjøyring, plassering i veg, korleis eg held handa på rattet, eller at eg ikkje har full tank, men nesten full tank, og at vi ikkje kan kjøyre lenger før tanken er full.

Då bikke dei grensa mi altså!

blogg 12 september 2

For når alt kjem til alt, så er det eg som er førar-og eg som er sjef!

Og ,det har eg tenkt å forsette med å vere:)

 

Ha ein flott sundag der ute!

 

<3<3 Ragne Beate

  • Anette Wessel-Håvåg

    Jeg elsker å lese det du skriver om guttene dine, jeg leeer høyt over hva de sier -det er jo så morsomt.:-)Jeg er mor til en gutt på 5 med barneautisme,han har ikke fullt språk enda.setninger og ord. Men jeg ser jo at han ser hverden på en annen måte, og det er en del komik med det:-) Ønsker deg en kjempefin dag – Varm Hilsen fra Anette

    • ragne

      Hei Annette! Og takk skal du ha! Mine sine hadde jo heller ikkje skikkelig språk då dei var 5 ,men det kom, så ikkje gi opp! :):)