Entries from september 10th, 2015



«Å stå i situasjonen»

posted on: 10. september 2015

«Korleis maktar du å vere der?» spør den eine

«Maktar å vere kvar?» Er svaret du gjev.

«Makte å stå så støtt i situasjonen,» seier den andre

«Eg hadde aldri makta å vere slik som deg.»

 

Kva er å «stå i situasjonen»?

Korleis ser det eigentleg ut?

Er det slik at folk ikkje orkar å sjå på?

Ser det så lite pent ut?

 

Kva ser du som ser «situasjonen?»

Ser du ei mamma med tyngde og ro?

Ei mamma som veit kva ho skal gjere?

Når ting går på tverke og midt imot.

 

Kva krevs for å «stå i situasjonen»?

Jo, det krevs kunnskap og evne til sjå

Samtidig må ein ha ein meget god kjennskap til menneskjet

Kjennskap til kvar trykkjer skoen no.

 

Det kjem ikkje av seg sjølv denne kunnskap

Som gjere deg rusta til å «stå i ein situasjon»

Den må opparbeidast og trenast med tida

Og ein må ha tru på ei løysing som gir ro.

 

Eg står støtt i situasjonen

Jobba årevis for å koma dit

Eg maktar for di eg er nøydde

Valet? Eg var aldri i tvil!

 

Husk på de som står å «ser på situasjonen»

Og tenkjer: «Det der det maktar ikkje eg»

Husk på all jobben som ligg bak handling

For å kome nettopp dit.

 

Å evne å «stå i situasjonen»

Trengs noko heilt spesielt

Ein tryggleik mellom de to som står der

På at du skal hjelpe, og finne ein fluktveg

 

Lat oss kjempe for kunnskap og læring

Jobbe aktivt for å vere føre var

For den beste måten å unngå «situasjonen»

Er å sørge for at den aldri blir noko av.

 

blogg 10 september 1

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

Du veit- DEN DAGEN!

posted on: 8. september 2015

Alle dagar er ikkje like, sjølv om vi her i familien gjerne skulle ha igjen opplevd dagen før kvar dag, då den då hadde vore så forutsigbar at livet hadde flydd som ein leik.

Diverre er ikkje livet slikt, eller heldigvis er ikkje livet slikt.

Men, nokre dagar er faktisk slikt bygd at ein ,eit par timar ut i dagen, begynne å lure på om det var verdt innsatsen med å i det heile tatt stå opp.

I dag har eg berre ein slik dag!

blogg 8 sept 2

Dagen då melkeglaset vart velta til frukosten, og du måtte telje til ti.

Samtidig som du måtte skifte både på born og degsjølv.

Dagen då det ikkje hjelpe å telle berre til ti, men til hundre, fordi akkurat i det du har fått alle klare, så finn eine guten ut at han har på boxeren som det er eit hol i, og ergo bestemme seg for å måtte skifte den, sånn ca eit micro sek før taxien skal komme.

Dagen då du gløymer eit møte du ikkje skulle ha gløymt, men klare å berge deg innatt.

*Gullhår* heiter slikt.

Stressa tenkje du? Nei, eigentleg ikkje..trur eg, kanskje kanskje ikkje veit ikkje.

Dette er dagen då du svinge opp på BUP og det er steikje fullt på parkeringsplassen, men du som den drevne sjåfør du er,(kremt) finn ut at du kan manøvere deg fint inn i ein stikkveg.

Du legg over, og står plutseleg med høgre front i «den eine» av to pyntebautaer som så fint står der og «blomstre» i sin fulle prakt på parkeringsplassen.

blogg 8 september 1

Kva er eigentleg greia med pyntestein forresten?

Og det verste av alt er at i det du innser at du har smelt bilen i steinen så tenkje du:

«Jaja Ragne, du er no i alle fall ikke langt i frå fagfolk om du ynskjer å snakke om det!»

Og kanskje skulle eg ha nytta sjansen då eg sto der blodraud i anletet og plukka opp bevisa (les : eit knust blinklys) før eg faderleg fort kom meg derifrå!

Kjensla var som den gongen du gjekk langs vegen vinterstid, og plutseleg så sklir føtene oppunder deg og du tar deg ein salige piruett før du så ugalant som overhode mogleg dett ned på isen, for så omtrent i same bevegelse sprette oppatt på føtene dine, og ser deg fort rundt, med eit mål for auge:

«Var det nokon som såg meg??»

blogg 8 september 2

På vegen heim begynte eg å spekulere litt.

Har mine born det slik som eg følte det i dag då eg kræsja bilen og håpte ingen såg meg, i vårt kvardags liv?

Er det difor dei vert så sliten av krava våre?

Føle dei at alle andre ser på seg, vurdere seg, redd for at andre ler av seg?

Eg veit jo at det kan vere kjempevanskelig å vurdere om ein skal ha jakka av eller på når det er sol ute, eller om man skal ha den åpen eller igjen.

Eller at ballspel kan vere kjempekrevjande å delta fordi situasjonen vert for uoversikteleg.

Men føle dei seg like ille til mote som meg i dag?

Det er fort gjort å gløyme dei små tinga som stel energi,gjere ein usikker og liten, som å ikkje vite kva som skjer, kven som kjem eller kva ein skal gjere- i neste norsk time.

Eller om mamma sa at det va 101 dagar igjen til julaften eller 107 dager, og om eg verkeleg får ein slik nerf til jul, eller det flyet med tallet 2085 på eska som eg så INDERLEG vil ha!

Eit ynskje-  kva er det forresten?

Har mamma huska å forklare det godt nok? For ynskjer tar energi, masse energi, i alle fall ynskjer som ein ikkje veit om ein får oppfylt eller ikkje.

Kanskje vi voksne skal tenke litt over kor mykje tid borna våre bruke på å vurdere dei små tinga som vi tar for gitt..

Og at det kanskje ikkje er så rart at dei treff ein og anna «bauta» på sin veg, når vurderinga vert tatt åleine og utan veiledning.

Eg trur vi må setje fokus på desse små tinga, ta dei alvorleg, og bruke tida vår på å forklare skikkeleg, sjølv om vi blir trøtte, sletne og møkande leide avogtil.

Du ville vel heller ikkje likt og dagleg gått med kjensla av «var det nokon som såg meg feile no?» ville du vel?

blogg 29 mars 3

Og tilsutt, viss det no er nokon som lurte på korleis det gjekk med steinen, så fekk eg tilbakemelding frå ene guten min om at steinen sto like beint som før eg small i han- så eg trengte ikkje å bekymre meg om det i allefall..» 😉

 

I rest my case!

 

Ha ein fabelaktig tirsdag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva er du redd for mamma?

posted on: 6. september 2015

Ein ting eg kjem til å sakne ettersom borna mine blir store er å vere deira helt.

Deira forbilete.

Mammaen som er uovervinneleg, som veit alt, kan alt, den sterkaste pappaen som kan mose kva som helst på sin veg.

Eit born som ser opp til den trygge, den som verner.

Slik det skal vere.

blogg 20 august 2

I går kom Jakob til meg og fortalte om ein «youtuber» som han følge på nett, som hadde hatt eit innbrot .

Han hadde blitt kjemperedd og sprunge til kjøkkenet for å hente ein kniv.

Litt vel dramatisk tykte no eg, så eg var no inn å sjekka kva det her var slags opplegg.

Var ikkje noko gale, men vi diskuterte litt det her med å bli redd.

Plutseleg spør han meg: «Mamma, kva er Du redd for?»

Eg svara at eg var redd for edderkoppar.

blogg 5 september 2

Men veit de.. eg servere sonen min ei kvit løgn.

Jo, eg er redd for edderkoppar og, men det er noko eg er langt meir redd for.

Eg er livredd for misforståingar.

Kvifor skriv eg blogg om autisme, og om korleis livet med autisme er?

Masar dag ut og dag inn om stress, kommunikasjon og sanseforsyrringar?

Jo, eg gjere det fordi eg veit ingen annan måte å gje verda rundt meg verktøya som mine sine treng for ikkje å bli misforstått, krenka, eller gud forby. Overgrep.

Overgrep.. psykiske, fysiske.. eller… nesten så eg ikkje orkar å skrive det.. seksuelle overgrep.

Visste de at born med diagnose er meir disponert for å bli utsatt for eit overgrep enn andre som ikkje har spesielle behov?

Eg hatar det!

Eg hatar statestikken som understøtte det faktum at born som har utfordringar og som treng hjelp, i tillegg er i faresona for å bli utnytta, krenka, det som verre er.

EG HATAR DET!!

Eg vil så indeleg klare å vere der alltid! Passe på alltid! Tilstades, nær.

Ja, eg er livredd for misforståingar og kommunikasjonsbristar.

blogg 5 september 1

Visste de at ei kvinne som bor i bolig og som treng bistand ikkje kan få velje om ho skal ha ein kvinneleg eller mannleg assistent?

Fordi det bryt med likestillings og diskrimineringslova for arbeidstakaren?

Ein kan framsette eit ynskje om kva slags kjønn ein ynskjer skal jobbe hos seg, men kommunane er ikkje pliktig til å innvilge ynskje.

Slikt skremme meg. Skremme meg langt inni hjarterota.

Eg trudde vi kunne velje, at vi hadde ein rett.

Mi frykt gneg.

Ikkje heile tida, men den ligg å ulme.

Den ulme fordi eg veit at den dagen kjem at eg ikkje lenger er i førarsetet på same måte, den dagen då eg ikkje lenger er den flinkaste, den beste, den uovervinnelege.

Den tida då mine gutar går frå være små, til å bli ungdommar til så å verte vaksne menn som skal ut i ei verd som ikkje på langt nær er klar for dei.

Ei verd der statestikken seier at dei har mykje større sjangs til å verte krenka, enn bror sin.

Ei verd med reglar, paragrafar og fokus på tall, men med rettigheter som er difuse og skjøre.

blogg 5 september 3

Korleis kan vi styrke funksjonshemmedes rettigheter, både store og små ,slik at statestikken blir knust til intet?

Kvar kan ein ta grep?

For ein ting skal eg berre fortelje dykk, og det er at om vinmonopolet er åpent på valdagen, eller på en «aften», det gjer eg meg blanke i!

Det eg bryr meg om er å ha reglar og val som gjere at eg kan verne om mine også når eg ikkje lenger vert sett på som ein uovervinneleg superhelt.

Det er mange gonger eg skulle ynskje eg berre kunne vere redd for edderkoppar..

 

I staden må eg forsette å spinne mitt eige nett…..

 

blogg 28 august 1

 

 

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

Vere makteslaus tilskodar til ei tragedie-kva kan ein gjere?

posted on: 4. september 2015

Bileta fløyme over i sosiale media, i aviser og i tv kanalane.

Du får det inn uansett kor du snur og vrir på deg- bilete av fortvila menneskje som hiv seg ned på skinnegangane i Budapest, eller som hiv tepper over piggtråd gjerde du ikkje har sett sjølv-anna enn då ein hadde om andre verdskrig på skulen i 10 klasse.

Det snakkast om grenser som vert stengde, tog som vert overfalt, millionar av menneskje på flukt, synkande båtar og bilete av ein død 3 åring.

Det vrir seg i mamma hjertet, det vrir seg sånn at ein kjenne kvalmen stig, kunne det vore mitt born?

Kan det skje oss?

Ja, eg har tenkt den tanken.

Eg har og tatt meg i å løfte meir på mine eigne gutar, gjett dei fleire klemmar, tatt dei på fanget og berre holdt dei.

Vore inne når dei har sovna og sitte tett inntil og berre lytta, til ein roleg pust.

Trygge gutar i ein trygg heim.

blogg 30 juni 3

Men, eg klare ikkje dele biletet av den døde guten på Facebook saman med Arnulf Øverland sitt dikt.

Der går mi grense, kall meg gjerne svak, men det maktar eg berre ikkje.

Dog eg les mykje, bruke mykje tid på å lese, denne veka spesielt sida eg har vore heime med ein sjuk gut, som har trengt å bli passa på.

Sauen Shaun på tv= mamma har tid til nett aviser ol.

Og du hjelpes tid!

Biletet av ein død 3 åring tar pusten av deg, men det kan jammen eit kommentarfelt omhandla Syra krisa gjere og.

Beklager den sterke samanlikninga, men eg meine det eg skriv.

«Snyltarar» står det.

Det står verre ting og, men eg har lova pappa at eg skal moderere språkbruken min når eg skriv blogg så eg skal avstå frå å referere, men der står verkeleg ting i kommentar felta som får nakkehåra dine til å stritte  i fleire minutt!

Korleis kan ein forsvare slike haldingar?

Eg kjenne eg omtrent er fri for ord- og det er av den sjeldne sorten.

Har vi mista fullstendig bakkekontakta i vårt land?

Overskrifta mi i dag spør om kva vi kan gjere.

Eg veit ikkje kva vi fysisk  kan gjere, anna enn å støtte opp om dei hjelpeorganisasjonane som ber om hjelp, og vise vår haldning til kommunane vi bur i om at vi ynskjer å hjelpe dei som kjem til våre lokalsamfunn.

Også trur eg at vi må starte med våre eigne , for å få inn haldningar i borna våre som er riktige.

Vi må haldningar som «snyltar» til livs, ergo, vi må lære borna våre solidaritet og medmenneskelighet.

blogg 5 juli 1

Vi som vaksne må lære borna våre empati for andre menneskje, lære dei at det ikkje er sjølvsagt å ha det så godt som vi har det i vårt land.

Då Casper vart utsatt for hets i eit brev tidligare i sommar så reiste eit heilt land seg i raseri over slike haldningar.

Same skjedde så kvinna på Tv2 sin nye serie « Hvem bryr seg» oppførte seg ufint mot eit menneskje med funksjonsnedsetting.

Men å kalle eit menneskje som tar med seg det kjæraste dei har, nemlig borna sine, på ei balje som vi på vestlandet ikkje hadde satt på havet om det så brant under føtene våre, for så å starte ei reise over eit hav som er så farefullt ein ikkje kan skjøne ein i det heile kan vurdere å reise, ein snyltar, det er heilt greitt?

Eg spyr!

Folkens vi har ei oppgåve, og den er ikkje reint lita.

«VI MÅ LÆRE BORNA VÅRE AT ALLE MENNESKJE ER LIKE MYKJE VERDT!»

Om ein kjem frå Kenya, Syria eller frå Toten.

Mine gutar skal aldri bruke ordet «snyltar», for dei skal lære seg eit menneskje sin verdi uavhengig av etnisk bakgrunn.

Eg er makteslaus tilskodar til ei tragedie, men eg skal i alle fall gjere mitt for å skape haldningar blant mine som er eit menneskjeliv verdig.

Og kanskje bør vi vaksne gå litt i oss sjølve vi og.

Blogg 26 april 1-4

 

Ta vare på kvarande <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Å anke

posted on: 3. september 2015

… og kva gjere du no?

Desse orda avslutta eg blogginlegget i går med.

Eit blogginnlegg fylt med masse kjensler, og ikkje minst leik med ord.

Eg ser at mange av blogginnlegga mine er mykje leik med ord for å få fram poenga mine, mogeleg litt  mykje av og til, men slik er no enn eg.

I dag derimot skal eg prøve å skrive eit dønn ærleg  og rett fram innlegg om kva du som forelder er nødt til å gjere når du får eit avslag.

Når tåra er tørka, makteslausheta har fått ri i frå seg, og du har reist deg og er sint.

blogg 20 august 2

Eg møte mange foreldre som er heilt i grøfta over å ha fått avslag på ein søknad som dei sjølve var overbevist om ville gå igjennom, og at dei som sakshandsama saka også måtte skjøne kor viktig det var at akkurat dette hjelpemiddelet eller tenesta gjekk igjennom.

Been there done that-for å sei det sånn.

Eg lærte fort at eit nei ikkje er eit nei, eit avslag betyr runde to, tre eller kanskje fire. Og at omvegar kan vere like så gode som den beine sti.

Tidligare i vår skreiv eg om å velje sine kampar , om at ein ikkje kan få igjennom alt, og at tida ein brukar i «ballkastinga» med systemet er så nedbrytande og tidkrevjande at ein må la noko gå.

Når eg sjølv får avslag på ein søknad så går eg runda slik:

  • Gjeld det tryggleik for mine gutar så gir eg meg aldri.

Tryggleik er min nr 1 prioritet for mine born, det går forran alt.

  • Gjeld det skule, nedbemanning, mindre pedagog som vi opplevde i år osv,så går eg i dialog med PPT før eg startar ein full «krig». I år valgte eg forøvrig å ikkje klage timane eg mista inn for fylkesmannen, då eg har ein svært god dialog med teamet og skulen, og fyljer på den måten godt med for å sjå utviklinga.

 

  • Så kjem alle dei andre tinga, kommunale tenester, hjelpemiddelsentralen osv osv.

Her går eg inn å vurdere. Orke eg ta det vidare, er det så viktig for oss at vi sjølve vil profitere på å ta den kampen?

Eller er det noko ein kan vurdere som mindre viktig , og ergo avvente eller leggje det på is, eventuelt søke igjen seinare om ein ser           at behovet framleis er tilstades. Det har eg gjort fleire gonger.

 

Poenget mitt er at dessverre må ein påreikne fleire runde i hjelpeapparatet før ein kjem i mål.

Synd men sant!

Så, stalltips frå Ragne Beate ein nydeleg torsdag på Vestlandet:

 

«Er det viktig for deg og dine, så ank!»

 

blogg 29 mars 2

 

Eg legg ved en link frå Autismeforeningen i Norge sitt lokal lag Akershus som har laga ein mal på korleis ein kan anke, og kva for instansar ein skal anke til.

http://autismeforeningen.no/akershus/hvordan-skrive-en-klage/

 

Det er eit aktuelt tema akkurat det her med at foreldre med born med spesielle behov, og no meine eg ALLE, ikkje berre born med autisme, brukar for mykje av fritida si på å finne ut av korleis ein skal sikre borna sin verdige kvardag.

 

Artikkelen her var publisert i mai 2015-men den vise mitt poeng.

 

http://www.nrk.no/finnmark/papirmolla-tar-all-fritid-for-foreldre-til-funksjonshemmede-1.12374624

 

Vi bor i eit godt land, ein velferdstat.. men vi har ein lang veg å gå for å gje dei svake i samfunnet vårt den kvardagen dei fortjene- og familiane deira den same.

Og husk, du er ikkje aleine, om ikkje anna så er i alle fall eg i same båten som deg 🙂

blogg div 10

 

Ha ein flott torsdag <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Avslag

posted on: 2. september 2015

« Du sit med brevet i handa, postmannen leverte det for eit par timar sida. Brevet er kvitt, ein A4 konvolutt, med eit frimerke i høgre hjørnet. Det er veg nesten ingenting.

Brevet du sendte for ei tid tilbake var heilt annerleis.

Det var ein A4 konvolutt det også, kvit, med namnet sirleg skriven på framsida.

Men det vog litt meir, såpass mykje meir at det måtte 4 frimerke til i høgre hjørnet for å i det heile kunne få lov til å sende det.

Inni konvolutten ligg det tankar som er blitt til ord som beskriv eit behov.

Ord skriven ned på A4 ark-slik at det skal passe ilag med konvolutten.

Det ligg mykje arbeid bak orda.

Mykje følelsar, kanskje ei og anna tåre?

Orda kom ikkje av seg sjølv ned på papiret, dei måtte liksom pressast ned, tvingast ut av hjerna di, du vil ikkje, du orkar ikkje, er det verkeleg slik?

Korleis kan duforsvare å skrive det du skriv? Er det verkeleg så gale stilt?

Her må vel vere noko som er positivt?

Det er mykje lettare å skrive om dei positive tinga veit de.

Stoltheta du føle, den enorme genuine kjærleiken som du nære til bornet ditt, framstega som er så bitte bitte små for alle andre, kanskje dei ikkje eingong ser dei, men som for deg er heilt utrulige.

Bytta boxer aleine i dag, dusja utan å tømme heile shampoo flaska i ein dusj, hugsa namnet til klassekompisen på Rema 1000.. Kunne seie at ein har vondt i magen..

Dei skal ikkje ned på papiret. Det er ikkje det dei er ute etter.. du skal beskrive eit behov.

Ditt behov som foresatt, bornet behov som brukar, fortid,framtid,notid.

Du tørke den fordømrande foræderiske tåra, og grip igjen pennen fatt.

Eller maskina, det er skjema som må fyljast ut og.

I den store ,tjukke konvolutten ligg ikkje breva dine åleine.

Det hjelp ikkje å liggje der aleine. Dei treng hjelp.

Det du skriv, er ikkje verdt ein skjit utan hjelpa.

Hjelpa heiter :

Erklæring

Uttalingar

Skisseringar

Sakkyndige vurderingar

Brev frå menneskje som veit noko, som har lært noko, gått på skule og lært det du jobbar med til dagen.

For at du skal bli trudd i brevet ditt, må desse andre skrive sine brev for å støtte deg.

Skrive at det er slik, at du ikkje lyg eller finn opp ting, at diagnosa til bornet ditt faktisk har slike behov.

Du treng  somoftast ikkje berre eit slikt ark, du treng mange.

Og mange andre treng det og, så det tar tid å få brevet, ofte mange telefonar og, og møter du må gå på, for å få.

Diskutere litt meir, endå fleire tankar, endå fleire tåre.

Tida går..

Mykje tid.

Tilslutt så går du mot postkontoret med den kvite konvolutten i handa, som er tjukk og treng minst 4 frimerke for å bli sendt.

Også vente du..

Timar vert til dagar, dagar vert til veker og veker vert til mnd..

Til postmannen ein dag kjem med den kvite tynne konvolutten med eit frimerke på, ja, den du sit med i handa, som du ikkje har orka å opne desse 2 timane.

Du har veid den opp og ned, du har til og med lukta på den , for å sjå om det kan gje deg ein assosiasjon om kva som befinn seg inni.

Tilslutt manne du deg opp og opne.

 

«Behovet stettar ikkje paragraf # …..»

 

Avslag.

 

Det var ikkje nok.

 

Ei stille tåre renn ned over anletet, og ei  einaste tanke vert stilt i hovudet.

 

Kva gjere du no?»

blogg 2 september

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Hausten- den beste årstida, med fordelar og ulempe

posted on: 1. september 2015

I dag vart eg vekt av Georg i halv 5 tida, han kjem gledestrålande inn på soverommet mitt, med redningselskapet capsen sin godt plassert på hovudet og utbryt:

«Mamma, veit du kva? No er det haust»- på ein nynorsk som nynorskens far hadde vore stolt av å høyre.

blogg 1 september 1

Han er opptatt av det, at nynorsken skal uttalast korrekt, akkurat slik som vi les det i skulebøkene 😉

Pertentlighet er ein dyd.

Personleg så elskar eg hausten. Den flotte litt kalde tida, der ein kan gå i fjellet utan å få sene betennelse av å peive vekk fluge rundt hovudet heile tida, eller møte krypdyr av ymse slag som han her eg møtte før i sumar.

blogg 1 september 4

Okay, eg skal innrømme at han kompisen her møtte eg på ein treningstur på asfalt, han låg å koste seg attmed kvitestripa, og eg holdt faktisk på å trakke på han, sida eg var særs i mi eiga verd, med ein eller annan opphypa 90 talls song på øyret  og i god driv.

Men det er i alle fall eit bevis på at dei finnast i marka og!

Heldigvis ikkje på hausten, då stikk han av,går i hi.

Ein annan ting er fargespelet i naturen, haustfargane er så nydelege, kombinasjonen av raudt, grønt og det brune, just love it!

Også syns eg det er koseleg med mørkare kveldar, levande lys, te og seriar på tv.

Og akkurat no innsåg eg at eg faktisk må ta meg ei runde igjennom reflexvest skuffa og sjekke om vi må oppgradere noko av sortimentet.

Og ikkje minst, vi slepp å snakke om sumaren som aldri kom, hehe 🙂

Hausten har dog ei bakside.

Den heite omgangsykje, magafare, farrang, spysykja, rennjaskjeta.. kjært barn har mange namn.. eller.. kjært var nok neppe rette ordet her..

Lat oss vere ærleg, det er noke skjit å få i hus!

Og saman med ein annan kjent aktør-nemlig lus- kan ein kjenne lusa på gangen (mohahahahahahaha) , omgangsykja kjem når skulane starta.

Og vi har fått svineriet i hus.

Det verste for mine sine med autisme når dei vert sjuke er at det er noko dei ikkje skjøner, noko som skjer i kroppen som dei ikkje har kontroll på, og dei vert redde.

Eigentleg er det jo ikkje så rart at dei blir det, vi snakkar jo om born som MÅ ha kontroll på livet sitt for å få det til å funke.

Eg er veldig obs på å fortelje dei etter eit uhell eller oppkast at det her er noko som vil gå over,og at mamma er her og passe på.

Trygghet er så viktig for alle born, og spesielt born som ikkje skjøne kva som skjer.

For tanken på å vere sjuk,og redselen for å ikkje bli frisk, er verre enn det å faktisk vere sjuk i seg sjølv.

Meirarbeidet det tek eg.

I skrivande stund luktar eg ei blanding av klor og sprit.

blogg 1 september 2

Eg vil presisere teknisk sprit.

Huset luktar svømmebasseng.. i alle fall delar av det.

Georg reagerer veldig på det, då han ikkje skal ha symjing før i morgon, og det skal ikkje lukte symjehall heime.

Nei vel, min venn, det skjit mamma i (haha, tog du den) her skal basseluskane DØ!

Om det hjelp det veit eg ikkje, men det er i alle fall vel verdt forsøket..

Du går der og vaskar, det rumle i magen, du kjenne deg litt uggen, har faktisk litt vondt i hovudet og.

blogg 1 september 3

Er det kloren?

Er det middagen frå i går?

Nakken har skrangla litt, så hovud verken kan komme derifrå..

Er det tanken på å få spysykja??

Vi får vel berre  vente å sjå…

 

I mellomtida så trur eg at eg tar ei ekstra runde over badet eg 😉

 

Ha ein flott tysdag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

Ps: 48 timar heime frå siste oppkast-så kanskje slepp vi at halve landet ligg iløpet av hausten 🙂