Entries from oktober 28th, 2015



Er du flink nok til å få alt skriftleg?

posted on: 28. oktober 2015

Kaffikopp nr 3 er inntatt og hjerna mi er begynt å fungere 🙂

Vart ein tidleg morgon igjen her i dag, og eg har akkurat vore igjennom eit ganske så detaljert, for ikkje å seie langtekkeleg foredrag om  korleis nordlyset vert til, og ikkje minst kvifor «mjølkevegen» er vår galakse, og kva planetar som finnast der.

Eigentleg veldig interessant, om ein kan kalle informasjon som vert mata inn i hjernebarken før 0530 for interessant, men eg skal innrømme at eg ikkje fekk med meg alt.

Eg kan heldigvis slappe av, reprisa kjem sikkert i 2 tida etter skulen 😉

blogg 28.10-1

Over til dagens tema.

«Er du flink nok til å få ting skriftleg?»

Det var ikkje eg før.

Før var eg ein «slaur» på å få ting skriftleg, som vi seie her eg bur.

«Slaur» kan for øvrig oversettjast med ein person som tar litt lett på det, for dei som ikkje er heilt bevandra i det vestlandske ordforrådet.

Eg veit ikkje kvifor eg var slik før. Kanskje stolte eg meir på systemet, trudde på at det som vart sagt, vart slik.

Naiv kanskje?

Godt mogeleg.

Men ikkje lenger.

blogg 5 september 3

Ein av dei viktigaste tinga vi foreldre gjere i møtet med både system, skule og hjelpeapparat, er å få ned skriftleg det vi ynskjer å oppnå, korleis vi skal oppnå det, kva avtalar som er gjort på vegen , og ikkje minst kven som skal gjere det.

Tungvint synest du?

Vel, tungvint blir det den dagen misforståinga er oppstått, den muntlege avtala mellom to menneskje vert ord mot ord- og det er økonomien som rår.

DÅ VERT DET TUNGVINT DÅ!

Nei, eg seier ikkje at vi foreldre skal gå rundt som eit dokumenterings politi, der vi må få alle til å signere avtalar på alt vi gjere, men for å ta ein enkel ting.

Les du referata frå møta du er på?

Du veit, det kvite arket som kjem susande forhåpentlegvis ein 2-3 veker etter møtet om du er særs heldig?

Les du det godt?

Det bør du gjere, for slike referat kan du rette på om du ynskje det.

Sende inn korreksjon på dei tinga du meine burde ha vore med.

Der har du eit godt dokumenteringsark.

Referat.

Ein kan og seie frå under møtet, viss man møter problemstillingar som ein ynskjer å belyse seinare, men som ikkje ein får tid, eller har kompetanse til der og då, at ein ynskjer  problemet notert ned i referatet.

Då har man det jo dokumentert skriftleg, og ingen kan kome tilbake seinare å seie at «… det her har vi ikkje høyrt noko om»

blogg 8 september 2

Eg nevnte misforståingar tidligare i innlegget.

Mi erfaring er at mykje av dei tinga eg har havna i som har vore av negativ art, ofte er misforståingar mellom meg og andre involverte rundt borna mine.

Misforståingar på grunn av dårleg ordlegging, ofte ei sliten mamma med piggane ute- ja eg veit det er å banne i kyrkja når eg seie det, men det spele ofte ei stor rolle- og også dårleg kommunikasjon mellom einingane.

Det er ikkje ei sjølvfølge at kommunikasjonen mellom kontora er «up to date» heller.

For meg har det hjelpe å skrive.

Notere undervegs i møtet, stikkord.

Kva reagere du på, kvifor reagere du, osv.

Slik at eg kan ta opp ting i etterkant når eg ha roa meg ned, om eg ynskjer det.

Snakke med vedkommande eller etat det gjeld og avklare.

Og på den måten har eg mogeleghet til å lese referatet som kjem på riktig måte.

Har eg oppfatta situasjonen rett?

Det vittige er at ofte så er referatet slik eg ynskjer, det var berre eg der og då som hadde guarden litt høg.

Uansett- alle konflikter bør takast med rota, om det lar seg gjere.

Og dokumentasjonen du har MÅ vere rett- det er din tryggleik.

blogg 3 juni 3

 

Sanninga er uansett at må man klage på noko, så må man dokumentere, og, må man ha hjelp frå til dømes ein advokat, så er det veldig greit å kunne framleggje skrifteleg dokumentasjon-ikkje sant?

 

Like greit å starte med ein gong!

 

«Ord har makt, MEN = Evig eies kun det skrivne!»

blogg 22 mai 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Positive forsterkarar, avtalar og «straff».

posted on: 26. oktober 2015

I dag har eg lyst å skrive litt om ei problemstilling som veldig mange av oss foreldre som har born med autisme kjem i.

Dette med å bruke positive forsterkarar, der andre meine vi belønne dårleg adferd.

«Er det verkeleg mogeleg?»tenkjer kanskje de.

«Jepp «, kan eg då svare, «det er veldig mogeleg og skjer ofte!»

blogg 19 juni 2

Mine born, og veldig mange andre born med autisme vert driven fram av positive forsterkerar.

Eg har i stor grad drifta heile mi oppdraging på positiv forsterking, og same har dei gjort både i barnehagen og på skulen.

Positiv forsterkar er ein reaksjon som kjem lynkjapt etter at bornet har gjort det som vert forventa av dei- slik at det blir noko som bornet ynskjer å forsette med.

Ja, man repetere jo seg sjølv i hel i det her gamet, det har eg snakka om før, så at denne repeteringa vert ei positiv «greie» er vel meir alpha omega enn noko anna.

Alle born med eller utan autisme profiterer på positiv forsterking- mine treng det berre endå meir enn alle andre.

blogg 24 sept 2

Ein ynskjer ikkje å kome i en « negativ oppmerksomhet er også oppmerksomhet» fella, den er særs kjedeleg.

Når borna er små er positiv forsterkar «greia» ganske enkelt kjemi når ein kjem inni det.

Og ein kjem i ein dynamikk mellom born og vaksen, der den vaksne les bornet så godt at han veit nett når ein skal kome med forsterkaren.

Men, no ettersom borna er blitt større, og kan ta i mot meir verbale positive forsterkarar som «godt jobba» «flott» «supert» osv, så utvide ein også horisontane deira til å kunne lage avtalar om positive opplevingar som kjem lenger fram i tid.

Vi gjere det her heime no, inngår avtalar- brukar positiv verbal forsterking på vegen- og når målet.

Men, så kjem problemet.

Kva viss du på vegen kjem over problem som bornet ikkje taklar, ikkje evne å gjennomføre.

Ikkje som i trass eller uvilje.

Men opplevingar som vert uoverkommeleg for dei.

Kan vi då «straffe» dei for det?

Ta vekk premien?

blogg 24 sept 1

Eg veit med megsjølv at viss eg har ein avtale med guten vår som ikkje har autisme, og han ikkje gjennomføre den, så får han heller ikkje den gulrota i andre enden.

Men det er sjølvsagt under den forutsetning at han har fått ei oppgåve som er overkommeleg, det er då vilja det står på.

Men kva då med dei to andre, som ikkje klare oppgåva, fordi det kom ein lyd som var for heftig, eller at stressnivået kom på faretugande kokepunkt den dagen, eller at forventningane vart så store at dei klappar i hop.

Kan dei då straffast for sin manglande gjennomkjøring av oppgåva?

Det her synest eg er vanskelege vurderingar som oppdrager.

Fordi det er så mange nyansar undervegs som må takast opp til vurdering.

Og ikkje minst at alle skal sjåast som individuelle individ og ikkje som ei «eining med autisme»..

blogg 21 okt 1

Men,ein ting har eg lært meg, eg gjere aldri avtalar som omhandlar skulen, kva som skjer på skulen, og eg motivere aldri skulegong, med ei gulrot i andre enden.

Skulen er noko vi berre må gå på, etter norsk lovgiving- det har både kongen, statsministaren og posten sagt at ein må, og eg bruke framsnakking og positive refleksjonar om skulen for det det er verdt for å motivere .

Det funke svært dårleg om eg skal motivere med ein premie for gjennomført norsk på skulen, når eg ikkje veit korleis norsktimen den dagen skal gjennomførast- u see?

Og eg lar heller ikkje tilbakemeldingar frå skulen øydelegge dei avtalane vi har gjort heime.

Eg «straffe» altså ikkje det eg ikkje har vore med på sjølv.

Ikkje fordi eg syr puter, ikkje fordi eg ikkje trur skulen, men fordi borna mine bare kan forhalde seg til det dei blir «lært, vist og fortalt».

Og eg veit jo ikkje kva dei er blitt lært og fortalt, ei heller vist i ei setting eg ikkje har vore i sjølv..

Så ja, hos oss vert kinoturen gjennomført, sjølv om norsken gjekk skjeis.

 

For ein skal ikkje få «straff» for å ikkje evne.. eller forstå…skal man vel?

Ferie 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Med merkelapp autisme.

posted on: 25. oktober 2015

God søndag der ute 🙂

Håpe helga har gått bra, og at de overleve den idiotiske klokkestillinga som vi atter ein gong har vore igjennom.

Eg kan framleis ikkje skjøne kvifor ein skal gjere om på noko som fungere så bra!

Personleg hadde eg ingen som helst problem med klokka slik den var i går, ikkje har den plaga meg eller vore ufin.

Gått litt fort avogtil ja, men forutan om det? Heilt topp tid!

 

Eg likar ikkje forandring! (Smule prega kanskje?)

ugle

Men, no var det ikkje eder og galle over tid eg ville skrive litt om i dag-dog –det var veldig godt å snakke om det 😉

Merkelapp autisme.

Eg har skrive litt om det før.

At ein ved å få ei diagnose på bornet sitt faktisk merkar det for livet, gir det mogelegheiter, men også tar i frå dei mogeleheiter.

Ei oppveiing mellom godt og veldig vondt.

Ingen foreldre ynskjer å setje ein merkelapp på borna sine, men, når avviket frå det som er per definisjon «normalt» er så stort, så kjempa rein kampen for at borna skal blir sett, bli hørt, få rett hjelp.

Ein langtekkeleg prosess, det skjer ikkje akkurat over natta.

Og så sit man att med navnet då, ei ICD kode- definisjonen.

blogg 3 april 4

Plutseleg er du som mamma fråtatt ein viktig mogelegheit.

Du er fråtatt mogeleheita til å forsikre bornet ditt.

Du er ikkje lenger ynskja.

Tenk på det!

7 år gammal og allereie stempla: IKKJE GODKJENT!

Inga barneforsikring, uføreforsikring, knapt nok ei ulykkesforsikring, den har i alle fall heftige klausular.

«Beklager», er svaret du får..

«Beklager…»

Er de klar over kor mange tårer eg har felt over akkurat det her?

Det er ikkje få!

Eg har følt meg liten, nedverdiga, diskriminert.

Vore sint, lei meg, fortvila og frustrert om ein annan.

Hylt har eg gjort!

For det betyr noko for MEG!

Ragne Beate betyr det noko for, at eg ikkje får lov til å forsikre det kjæraste eg har, det mest verdifulle eg nokon gong har hatt, og nokon gong kjem til å ha.

Og for meg er det ikkje pengar.. pengane hadde ikkje gjett meg nokon av mine att om det unevnelege hadde skjedd..

Men det er prinsippet.

Merkelapp autisme- ikkje godkjent!

Blogg 2 april 1-2

Dei er og fråtatt ein mogeleghet til fyrstegongstjeneste i forsvaret.

Det kan eg leve med.

Ved å kjempe kampen for at borna skal få den tilrettelegginga dei treng, så kjem medaljens bakside..

Den har ein bitter smak, og det gjere vondt.PUNKTUM.

«Different, but not less» plar eg å seie..

Nokre gonger er ikkje det heilt sant dessverre..

Nokre gonger blir man stempla «ikkje godkjent»

Same kor mykje mamma ynskjer at det ikkje skal skje..

Blogg 3 mars

 

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Fredag og FN markering

posted on: 23. oktober 2015

God fredagskveld i alle heimar <3

I dag kjem kjem skriveria mine litt seint, vi har avlastningshelg, og eg og Jakob har ligge på sofaen, gått i mot mamma sitt «ikkje kjøpe julebrus før desember» prinsipp, til Jakob sin store begeistring, ein heil halvliter på kvar har vi helt i kroppen!

blogg 23 okt 1

Ja, det kan hende mamma er blitt litt crazy i henhold til avkom på 10 🙂

Eg trur vi lika det eg!

I dag har det vore FN dag markering rundt omkring i Noregs land.

Ei viktig markering med tanke på vår verds utvikling og kriser.

Mine gutar var mest opptatt av at det ville vere to fredagar på rad  ein måtte feire ,før ein ville kunne få ei markering på den 24 oktober- som er den originale FN dagen.

Så mine vener- eg kan opplyse at i 2017 så kjem altså feiring av FN på den 24 oktober:)

Sjølv om slike markeringar er viktige, og eg er opptatt av at borna mine skal lære seg viktighet av solidaritet, og at ikkje alle har det like godt som oss her i Noreg, så skal det ikkje stikkast under ein stol at slike dagar er vanskelege for oss.

Vanskeleg fordi dagen ikkje er lik FN dagen i fjor, fordi det er open skule, som innebære mykje folk og lyd

Men veit de kva som er mest krevjande?

FORVENTNINGANE!

Mine born lagar seg forventningar dei ikkje klare å formidle til oss, og når den «O store FN dagen», som det har vore både øvd til og fokusert på i lang tid, ikkje fyller forventingane- så vert det rot i systemet gitt!

Eg var med gutane halve dagen i dag, å eg må berre seie ALL ÆRE til dei tilsette i skulen.

Både dei i «mitt» team, men og alle andre som sydde i hop dagen!

Vi er flinke å kritisere vi foreldre når noko går gale, men det er jammen ikkje enkelt å være verken lærar eller assistent heller altså.

Eg og gutane gjekk på sida, assistentane og eg skjerma og brannslukka, og kom oss igjennom dagen på  nogenlunde vetig vis.

Vi lagde hender og teikna, var innom loppemarkedet før det åpna for alledei andre, og gjorde eit forsøk på å lage ein båt.

blogg 23 okt 2

blogg 23 okt 3

Om det var verdt det?

Vel… verdt det i henhold til trening på forandring ja, men utover det så hadde ikkje mine gutar utbyte av ein FN dag nei.

Dog- som eg seie te megsjølv når dørstokkmila er som verst:

«Den beste treninga er jo den som faktisk blir gjennomført!»

På veg uttav skulen spør eg gutane om kvifor vi feira FN dag.

Begge heisa på skuldrane og såg rart på meg.

Sjølvsagt veit dei det, men hallo, treng vi å seie det når vi er komt oss ut av skulen, det høyre jo skulen til og ikkje helg 😉

Hehe! Generalisering i høgaste potens-NOT!

Men fatt mot Ragne- du fekk deg ei lengre utgreing om korleis nordlys blir til, at det finnast 8 planetar i vårt solsystem, som for eine heiter «mjølkevegen» på kav måløyværing- og for den andre heiter «melkeveien» på kav østlandskt  🙂

Eg fekk og alle planetane på rams- men dei hugsar eg ikkje no..

No logge eg litt av eg- legg helga i Jakob sine armar og lar han få bare vere seg fram til søndag.

Det har han fortjent!

blogg 23 okt 4

God helg!!

 

<3<3 Ragne Beate

Bære syskjen på sorg?

posted on: 21. oktober 2015

Då har eg endeleg tid til å setje meg ned å skrive nytt blogginnlegg.

Vore mykje kjøyring siste dagane og kursing på Volda BUP om ADHD.

Fordelen med mykje bilkjøyring er å ha fri tilgang til anlegg og min musikk, og ikkje minst god tid til eigenrefleksjon som ikkje er ispedd:

«mammmmmaaaaaaaaaaaaaa- eg finn ikkje, kvar er, har du sett…»

blogg 13 mai 1

Då eg reiste te Volda på kurs i går, så vart det litt sånn der « Jaja, eg  kan no reise, men eg lære nok sikkert ikkje noko nytt» mentaliteten.

Det vert litt slik når ein har valfarta mellom møter og informasjonsportalar i massevis av år.

Kor mange gonger kan ein tyggje grauten liksom!

Men, no står eg skule rett forran pc og innrømme det glatt, eg tok feil!

Eg har lært masse nytt!

Og eg elska det! Kjekkaste eg veit er jo å lære nye ting!

Skal skrive fleire innlegg seinare om kva eg har lært, men i dag vil eg skrive om syskjen igjen.

Eg skreiv eit innlegg om Jakob på vårparten, om at han ikkje hadde valgt livet med brødre som har autisme, og at eg var stolt av han.

Det er eg i aller høgaste grad! Veldig stolt!

blogg 21 okt 1

Og, alle som har hatt den ære av å høyre Eli Marte Rusten frå Spiss snakke om sin erfaring som syster, skjønar at det kan vere utfordrande, men og bra.

Men, då barnevernspedagog Arnstein frå BUP snakka om at syskjen også bar på ei sorg.

Da gjekk det opp nokre lys og antenner hos mamma Ragne.

(Akkurat den delen har eg kanskje fortrengt litt- i sjølransakingas lys.)

Sjølvsagt kan dei gjere det!

Kvifor skulle dei ikkje det?

Ei sorg over ein kvardag som ikkje vart slik vi hadde ynskja.

Er den sorga eksplisitt tildelt mamma og pappa?

Nei, det er den nok ikkje.

Men eg trur nok vi foreldre ynskje at den skal vere det, at det ikkje skal påvirke borna våre, verken dei med eller dei uten diagnose.

Sorg er så mangt og så individuelt og.

Nokre sørge jo lenge, volsomt og intenst, mens andre sørge meir i det stille.

Om ein er anten den eine eller andre typen så må man få aksept for det.

blogg 25 juni 1

Syskjen fangar nok opp mykje meir enn vi foreldre trur, dei ser meir enn vi er klar over, og når dei ikkje skjøner alt, så lagde dei seg opp formeiningar.

Formeiningar som kanskje vert sett i feil kontekst, og vert til misforståingar.

Eg har- etter BUP tur til Volda- lov megsjølv at eg skal bli flinkare å snakke med guten min.

Forklare han meir, vise han at eg skjønar at ting ikkje alltid er så greit, prøve å finne måtar så han kan setje ord på korleis han føle det, om brødrene sine.

De kan kalle det eit nyttårsforsett nokre mnd før tida.

Vidare så frustrere det meg hinsides av syskjen ikkje er satt meir på agendaen i samfunnet.

Eg blir ikkje mindre enn oppgitt når både psykologar og barnevernspedagogar i eit BUP system ikkje har EI bok å anbefale til foreldre som har born med ADHD ,når det gjeld syskjenproblematikk

IKKJE EI!

Og når «google queen Larsen» starte sitt raid på nett, så finn ho minimalt sjølv!

FRUSTRERT!

blogg 21 okt 2

Det er gjort litt forskning på temaet, vi fekk presentert litt, og samtlige resultat vise at det burde vore tiltak som syskjen kunne nytte seg av.

Og eg må seie at eg som mamma hadde slukt kunnskap om eg hadde fått den tilgjengeleg.

Kvifor blir ikkje syskjen sett?

Kvifor blir dei ikkje nevnt i ein einaste plan for oppfyljing av familiar med utfordringar?

Er det fordi dei er friske? Ressurssterke?

Eller er det fordi dei ikkje krev…?

 

Syskjen kan og bere på ei sorg.

Den må vi foreldre og andre ta på alvor, og hjelpe dei med å handtere.

Samtidig må vi få syskjen fram på agendaen langt høgare oppe i systema.

 

Akkurat det skulle faktisk ha vore gjort i går!!!

 

«He aint heavy-his my brother» – but he can be heavy enough <3

Jakob og Georg 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sliten- har du lov til å seie det då?

posted on: 18. oktober 2015

Eg snakka med ei mamma ein dag, ho sa til meg at ho var så sliten av å gjøyme at ho var sliten.

(Har fått lov til å gjengi delar av samtala)

Ho fortalde at ho dagleg putta på ei maske, og gjekk på med hovudet høgt heva, mens ho eigentleg berre hadde lyst å skrike!

Skrike av alle lungers kraft at ho var lei av å kjempe, lei av å bli motarbeidd , lei av skule, lei av autisme ,lei av alt anna enn bornet sitt!

Og, om ho hadde vore litt lei av bornet sitt akkurat den dagen, lei av mas, gnål og grining.

Hadde det gjort ho til ei dårleg mor? Eller ei ærleg mor?

blogg 29 april 3

Vi vart sittande ganske lenge eg og denne mammaen, og prata om liva våre, og plutseleg kjem det:

«Ragne- eg har ei kjensle om at eg må vere eit hakk betre enn alle dei andre mødrene, fordi eg har eit born som mitt- du veit , det bornet som plutseleg kan finne på å gå med buksa ned på kneea på butikken, eller stikke fingrane inn i naseboret til personen ved sia av seg på bussen, berre for å finne ut korleis det føltes.»

Det finnast jo ikkje filter Ragne, vi veit jo aldri kva ongen kan finne på!

Så difor vaskar eg meir enn alle andre, eg stryk klea som ingen andre stryk, eg sjekkar at borna ikkje har hol i noko som helst før dei fer ut av huset.

(her skal eg innrømme at eg måtte le, då det her i huset vert sjekka av borna at både dei og eg har kle utan hol før vi forlet huset)

Eg slit meg totalt ut på fasade, og på å bevise at eg kan»– avslutte ho.

blogg 20 august 2

Og tiltross for at eg ikkje er eit fasade menneskje, så ja. Eg kjenne meg att.

Eg kjenne og på den kjensla om at eg må gjere alt litt betre, og eg opplev og at eg kvalitetsikrar megsjølv i etterkant.

For å vere sikker på at ingen kan kunne «ta « meg på noko.

For det er ei kjensgjerning at vi som har born med spesielle behov er utsatt for ytre kritikk.

Meir vakta på, vi er mykje synligare enn alle andre, om vi ynskjer det eller ikkje.

Og heimane våre er ikkje berre våre .

Dei er velferd, avlastarar, helse og omsorg og NAV.

blogg 16 august 2

Betyr det at vi ikkje har lov til å vere slitne?

Seie at vi er slitne? Utan å sitte med angsten om at nokon skal misforstå?

Som skal tru at du ikkje maktar oppgåva?

Skal vi som kvinner og mødre måtte dra på oss maska kvar ein einaste dag , for å tekke eit samfunn som ynskjer perfeksjon?

NEI!

Ja, med store bokstavar! NEI!

Du er ikkje ein dårleg forelder om du ein og annan dag er kjempe sliten og ynskjer både diagnoser og anna pokker i vold.

Nei, du er ikkje eit dårleg menneskje når du vurdere å melde deg sjuk frå eit møte fordi du denne dagen ikkje er klar.

Det må vere takhøgde for at foreldre og kan få lov til å melde seg litt ut.

Dog, om ein har mange slike dagar, så kan ein trenge avlastning.

Og då kjære saksbehandlar, då behandle du vedkommande med respekt og forståing, ikkje eit tredje grads forhør for å prøve å spare pengar.

Ja, satt på spissen, eg veit, men det må avogtil gjerast det og!

Maska må av, sjølvkritikken må minimerast, «snill pike syndromet» må finne seg ein annan plass å bu.

I staden skal vi innføre:

*Eg gjere så godt eg kan, og det må vere godt nok

*Mangfold er gull-A4 er ut!

Om ein let maska falle, så kan ei ny verd åpne seg.

Ei verd der du vert akseptert for den du er.

Det skal vere lov å vere sliten, det skal og vere lov å seie at man er sliten.

Det vi ikkje har lov til er å gje opp!!

blogg 29 juli 1

 

Different ,but not less <3

 

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

Det var den der «hangupsen» ja..

posted on: 16. oktober 2015

God kveld i alle stover, og riktig god start på helga!

Fyrst må eg berre nytte anledninga til å takke for alle gode kommentarar og meldingar eg har fått etter foredraget i Telavåg.

Eg er mildt sagt overvelda!

Men, det som slår meg oppi alt er at autisme og adhd er relevant, det trykkje på knappar, det engasjerer, kanskje av og til kan det nok og vere eit sjokk.

Og vi er mange.. eg er berre eit talerør, eit talerør som likar å vere eit talerør 🙂

Tusen hjerteleg takk alle saman <3

Også vil eg sende ein stor klem og honnør til min mann.

Vi har 11 års bryllupsdag i dag, 11 år på ei berg og dalbane som ikkje kan beskrivast med få ord, men eg er stolt av at vi har stått han av, vore og framleis er kvarandre sin største støttespelar men og kritikar.

Eg elskar deg 🙂

blogg 5 september 1

 

Så over til dagens blogg.

Den kom seint i dag, då maskina mi har vore på hospitering hos ein ivrig legobyggar, som trengte maskina mi og youtube for å bygge seg ein ny bil.

«Hangups» er krevjande saker, og den siste tida så har hangupen her i huset vore Lego, det vil spesifikt seie Lego Technic.

Og ja, det tar heilt av.

Vi går omtrent over lik for å få ein ny pakke med Lego, og all energi har gått ut på å finne finansiering til legoen.

Argumenta har gått på minibank- som tidligare nevnt, rydding av rom til pris av 1000 kr minimum, de anar ikkje, det finnes ingen som er meir kreativ enn eit born med autisme når dei har funne ut at dei MÅ ha noko.

Viss de trur at eg er ein kald fisk som klare å stå i mot alltid, så er det heilt feil.

Eg er eit menneskje, ei mamma, eg blir og sliten, og høyre eg det nok gonger, så trur eg nesten på det sjølv ,at ein ikkje kan leve utan den legoen.

Laurits skreiv til og med eit brev til Posten- les BRING- fordi han hadde fått føre seg at den legoen han verkeleg verkeleg verkeleg ynskje seg kunne han kanskje få tilkjørt av BRING.

Og her starta min plan!

For ein ting er heilt sikkert, autisme eller ikkje. Oppdraging, det må ein ha.

Og det er ingen her i verda som berre alt få alt ein ynskjer!

Forskjellen frå mine sine og dykkar born er at mine ikkje har forutsetninga for å skjøne det alltid.

Så, eg tok meg ein prat med julenissen!

Og det skal de berre vete, julenissen er ein fin fyr altså!(haha)

Og eg og julenissen vi laga ein plan.

Laurits sendte fyljande brev til posten denne veka.

blogg 16 okt 1

(Sjekk handskrifta forresten, guten er heilt rå!)

Og som de ser, så er produkt nr også innfelt i brevet.

GULL!  Syntes både eg og julenissen!

Det var ei guds lykke at eg var i Bergen i går og stakk innom leikebutikken på galleriet, for det viste seg at den legoen Laurits verkeleg verkeleg ynskja seg, den var godt ut av produksjon- men dei hadde ein igjen.

Puh!

Til Georg fant eg flyet han har masa om.

Så til verket.

Ilag med julenissen sine hjelparar (min mamma og hennar venninne Guro) fekk vi komponert eit brev, som skulle fylje med legoen.

Og for at det skulle vere autentisk frå posten så rappa eg 4 visitt kort frå post skranken på Rema 1000 her heime, eg trur dei tilgir meg for det 😉

blogg 16 okt 2

Kovolutten fekk eg storebror på snart 17 til å skrive på, slik at det ikkje var noko som kunne linkast tilbake til meg- eller for den del julenissen.

Brev og pakke vart satt på bordet , og eg satt meg ned å vente.

blogg 16 okt 3

Det gjekk rett heim!

Når både posten og julenissen seie at ein ikkje kan kjøpe lego før jul, ja kva gjere man då?

Då går man til kalendaren, telle seg fram til kor mange dagar det er att til jul.

Også byrje man å telle ned!

Det kan eg leve med!

Ved å bruke ein hangups mot ein annan, altså Laurits sin facinasjon for posten, begges sterke forhold til julenissen, og ein lita formaning..

Så bygge no begge Lego etter oppskrift frå youtube, av lego dei allereie har!

Til de som vil prøve det, google lego, eller gå inn på «lego instruction» på youtube.

blogg 16 okt 5

Alt ligge der! Berre å setje i gang!!

blogg 16 okt 6

Og eg har dårleg samvit?

Nei, eg har ikkje det, for julenissen forsikra meg om at det var heilt ok!

Og alle veit at når julenissen seier noko, ja, då er det sånn!

Ei bivirkning er sjølvsagt at eg ikkje får fyre i ovnen no fram til jul, men det får berre gå!

Julenissen må ha passasje til å få ned legoen den 24 desember- det skjønar til og med eg 😉

 

Different but not less <3

blogg 16 okt 4

 

Ha ein flott fredagskveld!

 

<3<3 Ragne Beate-og gjesteskriblent julenissen 😉

 

 

 

Ein tanke, 2 sjeler og eit kjempearrangement

posted on: 15. oktober 2015

Då Kine tok kontakt med meg i begynnelsen av sumaren og lurte på om eg kunne tenke meg å halde foredrag i Telavåg, så hadde ho ein tanke.

Ein tanke om å gje dei annerleis hjertebarna våre ei stemme, eit ynskje som mamma om å formidle fram korleis annerleis livet er for oss foreldre, til dei som jobbar med slike born.

Gje foreldre som står i same situasjon kjensla med at dei ikkje står aleine, og info til andre interesserte.

Saman med seg fekk ho venninna si Kirsten,som er levande engasjert i born og unge i den lisje bygda Telavåg.

2 damer, ein tanke.

Fantastisk <3

blogg 15 okt 4-1

«Det kjem max 50 stk, Ragne Beate» seie Kine.

«Greit nok» tenkte eg, eg kan no ta meg ein 24 t husmorferie i Bergen eg:)

Men, eg gav Kine eit lite tips om at det er mykje lettare å halde eit foreldreforedrag når ein har fagfolk med seg.

Foreldre kan kun snakke om erfaringar, og eg seier ikkje at dei erfaringane ikkje er noko verd, for det er dei i aller høgaste grad!

Men,mi erfaring er at det er kombinasjonen av faglig framstilling av til dømes ein psykolog, og erfaringa frå foreldre som i lag slår ann.

Og heldigvis sa Jogeir Sognnæs ja, leiar i PPT Fjell, ein dyktig og artig fyr 🙂 Takk for samarbeidet 🙂

Sumar vart til haust, og antall påmeldte tredobla seg!

blogg 15 okt 4-2

Tenk, Telavåg klarte å dra over 150 menneskje til eit 2 timers foredrag om autisme og adhd!

Eg er heilt overvelda, har ikkje opplev makan!

Ein fantastisk kveld i ein nesten full sal, med salg av kaker og kaffi i pausa, og mingling. blogg 15 okt

Ein kan seie kva ein vil om mingling, men ein får gode erfaringar der og, sjølv om kanskje mingling ikkje er det ein forbinde med autisme 😉

Eg storkoste meg heile kvelden, sjølv om nervane var ganske så i heilspenn ei stund, men det er noko med det, når ein sitt på fasiten sjølv så er fallhøgda mykje mindre:)

Så,kva kan vi lære av Kine og Kirsten?

Jo, å våge å hoppe i det!

Våge å ta sjangsen på noko som kunne floppe noko så aldeles, men som ikkje gjorde det,men heller vart ein ultimat suksess.

Våge å ta sjangsen på at folk vil lære om autisme og adhd, vil innhente kunnskap og erfaring, og forhåpentligvis sitte igjen med ein følelse av litt meir forståing, litt «avmystifisering» av diagnose, og ikkje minst få ein liten peikepinn på kva ein kan prøve på.

For uansett korleis man snur og vrir på det.

«Har du møtt ein med autisme, så har du møtt ein med autisme, og same gjeld familien»

Men noko er likt, noko er veldig likt og noko er litt likt..

Det kan ein dra nytte av!

Håpe de som var i Telavåg gymsal gjekk heim med ny kunnskap i topplokket og tusen tusen takk for ein veldig kjekk kveld 🙂

Takk for meg:)

blogg 15 okt 3

blogg 15 okt 2

 

«Den som intet våger, intet vinner!»

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Meine, synse tenkje og tru.

posted on: 11. oktober 2015

Til alle de som meiner

Synser ,tenkjer og trur

Veit bedre enn alle andre

Om korleis livet vårt ser ut

 

Til de som meiner vi treng det eine

Kanskje treng vi ikkje ditt eller datt

Det er mogeleg vi treng det andre

«Dei må i alle fall få sove i natt»

 

I alle fall så treng de møter

Der andre synser og glor

Gjer deg dårlig samvit og kvaler

Velter seg i sår som ikkje gror

 

Du går ut derifrå med tvila

Gjere eg ingenting rett?

Er eg heilt ute å kjøyre i livet

Du kjenne du blir gruelig svett!

 

Du blir svett av all innblanding og luring

Du ser det kvar einaste dag

I media, på Facebook eller på tv

«Kven skal vi gå på i dag»

 

 

Den eine dagen er det feil med diagnoser

Den andre burde fleire ha fått

Den tredje dagen blir alt fiksa uten melka

Den fjerde blir alt linka til flått!

 

Ein psykolog meiner noko

Ein annan er totalt ueinig i det

For ikkje å snakke om sosionomen,

Eller pedagogen som vil telje til tre!

 

Det er vanskeleg å vite i denne verda

Forhalde seg til ulike sted

Til ulike forventingar og tankar

Om eit bornet som er anneleis for deg

 

For meg er bornet det største

Eit mirakel,eit under på jord

Med bokstavar som fyljer på vegen

Som ein peike pinn, ei god rettesnor

 

Vi treng ikkje diagnosen for å skjønne

Men veit du- det treng DU

DU må ha den for å vete

Kva du skal gjere, når du må få bornet til å snu

 

Samfunnet vårt er nødt til å skjøne

Ergo treng det «rare» eit navn

Det rare som for oss er det normale

Ingen krise, og heller ingen skam!

 

Diagnose har hjelp meg som mamma

Gitt meg mulighet til å lære ,vokse og sjå

Som fagmor, som Ragne og som mamma

Heldigvis ,det finnest ei råd!

 

Så til alle de der ute som synser

Om for masse eller for lite eller så

Tenk heller at det kan aldri bli forlite

Av menneskelig engasjement for dei små

 

Lat familiane få puste i heimen

Dei veit best korleis det funker for dei

Om det ikkje er heilt etter boka

Boka kan vel og utvikle seg?

 

Skap dialog, ikkje splid og vantru

Støtt opp og ikkje bryt ned

Ver einig om at ein avogtil er ueinig

Utan at det fører nokon katastrofe med.

 

Det er plass til oss alle her i verda

Med bokstavar til eller frå

Og veit du, eg skal fortelle deg ein løyndom

Eg synsar og meiner ikkje no!:)

blogg div 13

 

 

 

«Det som er rett for mange, er ikkje alltid rett for oss»

posted on: 10. oktober 2015

Eg har snakka mykje om den berømte A4 boksen desse mnd eg har vore bloggar på verdsveven.

At livet ikkje er så enkelt som det kanskje kan sjåast ut, og at ein må gjere andre val- kanskje val som dei rundt oss ikkje skjøner- for å nå eit mål.

Den berømmelege omvegen som kan vere løysinga på problemet, sjølv om den kan medføre både sorg, sinne og ikkje minst sakn over noko som ikkje vart som det skulle.

Siste dagane har det rast ein utruleg ufin debatt på Inga Marte Torkildsen si Facebook side.

https://www.facebook.com/ingamarte?fref=ts

Om SFO, og at alle born skulle hatt mogeleghet til å gå der, og ikkje måtte vere heime, foreks. grunna dårleg økonomi, og at det er trist at born etter skulen må reise heim til heimen.

Og ja, eg skal innrømme at eg har vart kraftig provosert sjølv fyrst av innlegget, men eg har latt vere å kommentere med vilje, fordi eg sjølv føle at kommentarane har gått heilt over styr.

Eg har heller lyst å skrive litt her eg 🙂

blogg 17 august 2

At SFO burde vore gratis?

Ja, det tykkjer eg ut i frå den mentaliteten som Noregs samfunn legg opp om at ein treng to inntekter i dette landet.

Kan heildagskule vere løysinga?

Mogeleg, eg veit ikkje.

Det eg veit er at begge deler ville vere drepen for oss.

Mine gutar med autisme og ADHD hadde hatt store problem om dei måtte gå på skulen frå 0830 til 1600.

Og kjem heildagskule, må vi leggje om heile strukturen rundt dei for å klare å gjennomføre den.

Dei er heilt knust no når dei kjem heim klokka 1330.

Alle inntrykk, forventningar, både fagleg og sosialt, lydar og lukter- stress.

Eg tenkjer eg kan kalle det eit forventningsstress .

Det slit dei ut.

Slik er mine born. Det er ikkje sikkert dine er slik, ikkje ein gong sikkert at dine med autisme og/eller ADHD har det slik.

For har du møtt eit born med autisme så har du møtt eit born.

blogg 24 sept 1

Resultatet hos oss, fordi vi veit korleis gutane våre har det, er at vi ikkje har SFO.

Vi har heller valgt ei anna form for sosialisering- avlaster/støttekontakt ordning.

ETTER at borna har fått kome heim, ETTER at dei har fått ete middagen sin, ETTER at dei har fått slappa av, leikt med lego, lest i Titanic boka si.

Her er qluet å stresse ned, for å då klare å vere motakeleg for nye utfordringar, både sosialt og stressmessig.

Og eg tenkjer at vi er særs heldige som har klart å sy i hop eit slikt opplegg for våre.

Eg trur det er mange foreldre som skulle ynskje at dei kunne ha vore meir heime, men som ikkje kan det grunna økonomi.

Her hadde ein gratis SFO kunne hjelp mykje.

Det kunne til og med ha gitt mogeleghet økonomisk til å avogtil hente bornet ein time eller to før på SFO.

blogg 5 juli 1

Eg heite Ragne Beate, er 35 år gammal og er per def minstepensjonist.

Det er prisen eg må betale for at eg ikkje er i lønna arbeid.

Målet her i heimen er deltids jobb på sikt, noko anna er ynskje tenkning.

Det har sitte hardt inne å innsjå det, men eg gjere det no.

Men så tenkjer eg, om ein snur det andre vegen.

Er ikkje gutane mine kjempeheldige som kan komme heim etter skulen, og få den roa dei treng, både dei med og den utan diagnose, før ein hastar vidare på fritidsaktivitetar?

Og er ikkje eg verdens heldigaste dame som får lov og har mogeleghet til å ha så mykje tid med gutane mine som eg gjere, no når dei er små?

For, når borna våre vokse opp no, så sende de dykkar born på høgskule, eg sitt med eit vergemål.

De bekymre de over hybel prisar, eg bekymre meg over bolig og nok bemanning.

Og når de glede dykk over nye kjæresten og potensielle barnebarn, bekymre eg meg over at eg vert eldre..

Eg verdsett den tida eg har no for alt det er verdt! <3

blogg 23 juni 4

Vi passar ikkje inn i boksen. PUNKTUM.

Men det betyr ikkje at vi ikkje har gode liv, at vi ikkje gir borna våre mestring, utvikling, stimuli eller gode haldningar.

Det betyr berre at vi vel å ta omvegen, sidevegen, eventuelt turen over fjellet for å nå våre mål.

blogg 29 mars 3

Om det enn betyr at eg har med minstepensjonist tittelen i sekken.

Og at mine born ikkje går på SFO.

 

Eg lev godt med det!

 

GOD HELG!

 

<3<3 Ragne Beate