Når livet vert sett i perspektiv

4. oktober 2015

Helga er snart over, og neste veke er det haustferie her med oss.

Eg er ikkje den som har vore mest fan av feriar, det har eg nok gjett utrykk for før, men det går heldigvis betre og betre med oss der og.

Gode på planlegging, og med rett tilnærming så ordne det meste seg, men det er krevjande med feriar, og eg veit om mange foreldre som grin sine modige tårer kvar gong det dukkar opp ein ny ferie.

Eg skjønar det, og eg respektere det.

Endringar er vanskeleg, for liten og stor.

18 mars 3

Denne veka er det fleire saker i media som har fått «unge» lovende Larsen til å reise bust.

Det går på mennskje verd, haldningar og ikkje minst fordommar.

Og det går på at Ragne Beate blir sint!

Den fyrste saken syns eg Cato Ellingsen beskrive utruleg godt i sitt blogg innlegg her : http://vernepleieren.com/2015/10/02/hva-hvis-det-var-deg/

Det angår eit anbod som vart sendt ut på ein funksjonshemma kvinne, med utførlig beskriving om hennar helse tilstand og adferd.

Tenk å leggje menneskje ut på anbud!

Er ikkje menneskje med funksjonhemmingar meir verd?

«Kva viss det var deg?» spør Cato.

Tenk at vi må drøfte slike problemstillingar i det heile anno 2015!

Ja, som mamma har eg måtta gje ut sensitiv informasjon om mine born, for at kommuna eller andre i hjelpesystemet skulle få eit rett bilete av total situasjonen.

Men, det har vore gjort i lukka møter, med taushetsplikt involvert, og med mamma- vergen- si vurdering om kva vi ynskjer å få fram, og ikkje minst kva som er naudsynt å få fram for å få den rette forståinga og vurdering.

Det er krevjande nok i seg sjølv- den blottgjeringa, det å måtte stille seg naken og sårbar forran eit system, for å få hjelp.

Knele.. nesten tigge.. leggje seg flat..

Blogg 3 mars

Eg veit ikkje korleis eg som mor hadde reagert om nokon av mine gutar sine behov hadde vore lagt ut på anbud,eg syns det var gale nok då vi søkte etter avlastar i avisa.

Og den stillingsannona var eg med på å skrive sjølv..

Ser de kor sårbare vi er som familiar?

Same med Randi Tyvold, som i BT i går tok skrittet og gjekk ut i eit lesar innlegg og fortalde som sitasjonen der dei ikkje får erstatta sin kvinnelege assistent med ei ny kvinne, men opplev at kommuna ansett ein mann.

Artikkelen finn de her:

http://www.bt.no/meninger/debatt/Verdighet—hva-er-vel-det-3451506.html

Ei vaksen datter, faktisk på min eigen alder, der mamma må trå til.

Mamma må framleis verne, vere den som kranglar, tar konfliktane, hjelp ikkje kor sliten ho er, kor mykje ho blir møtt i døra av taushetsplikta, av ansatte som gjere jobben dei er blitt satt til av arbeidsgivar, men som ikkje får lov til å ha den kommunikasjonen dei bør ha , må ha, SKAL ha, med dei pårørande.

Er det nokon som har spurt meg om kva eg tenkjer?

 

«Eg skal ropte til dovre fell», seie Randi- eg har ikkje noko val

Dette er kort fortalt eit liv.

Eit liv med eit funksjonshemma born, eit liv der ein må kjempe mot fordommar.

Fordommar som er lagt om at eit menneskje med funksjonhemming er sånn eller slik.

Dei treng sånn eller slik alle saman!

Berre dei får sånn eller slik og vi gjere det på den måten, så fungere det sikkert.

Vel, det kom inga bruksanvisning med nokon av mine born, og ingenting er likt heller med dei- dei er heller så ulik som ein kan få det!

Ja – UNIKE! FORSKELLIGE!

Akkurat slik som du og eg!

Saga Noren i Broen er ikkje prototypen på et menneskje med Asperger syndrom, ei heller sit alle med infantil autisme og pugge telefon katalogen slik som i Rain man.

Men nokre kan nok gjere det..

Eg håper eg aldri opplev å finne mine born i eit anbod, eller måtte gå i avisa slik som Randi, eg har dog ingen garanti.

 

Men, en ting skal eg berre sei til dykk, og det er at saman med Randi, så skal eg og rope til Dovre fell!

blogg 3 april 4

 

Eg har nemlig heller ikkje noko anna val-eg heller..

blogg div 14

 

<3<3 Ragne Beate