Sliten- har du lov til å seie det då?

18. oktober 2015

Eg snakka med ei mamma ein dag, ho sa til meg at ho var så sliten av å gjøyme at ho var sliten.

(Har fått lov til å gjengi delar av samtala)

Ho fortalde at ho dagleg putta på ei maske, og gjekk på med hovudet høgt heva, mens ho eigentleg berre hadde lyst å skrike!

Skrike av alle lungers kraft at ho var lei av å kjempe, lei av å bli motarbeidd , lei av skule, lei av autisme ,lei av alt anna enn bornet sitt!

Og, om ho hadde vore litt lei av bornet sitt akkurat den dagen, lei av mas, gnål og grining.

Hadde det gjort ho til ei dårleg mor? Eller ei ærleg mor?

blogg 29 april 3

Vi vart sittande ganske lenge eg og denne mammaen, og prata om liva våre, og plutseleg kjem det:

«Ragne- eg har ei kjensle om at eg må vere eit hakk betre enn alle dei andre mødrene, fordi eg har eit born som mitt- du veit , det bornet som plutseleg kan finne på å gå med buksa ned på kneea på butikken, eller stikke fingrane inn i naseboret til personen ved sia av seg på bussen, berre for å finne ut korleis det føltes.»

Det finnast jo ikkje filter Ragne, vi veit jo aldri kva ongen kan finne på!

Så difor vaskar eg meir enn alle andre, eg stryk klea som ingen andre stryk, eg sjekkar at borna ikkje har hol i noko som helst før dei fer ut av huset.

(her skal eg innrømme at eg måtte le, då det her i huset vert sjekka av borna at både dei og eg har kle utan hol før vi forlet huset)

Eg slit meg totalt ut på fasade, og på å bevise at eg kan»– avslutte ho.

blogg 20 august 2

Og tiltross for at eg ikkje er eit fasade menneskje, så ja. Eg kjenne meg att.

Eg kjenne og på den kjensla om at eg må gjere alt litt betre, og eg opplev og at eg kvalitetsikrar megsjølv i etterkant.

For å vere sikker på at ingen kan kunne «ta « meg på noko.

For det er ei kjensgjerning at vi som har born med spesielle behov er utsatt for ytre kritikk.

Meir vakta på, vi er mykje synligare enn alle andre, om vi ynskjer det eller ikkje.

Og heimane våre er ikkje berre våre .

Dei er velferd, avlastarar, helse og omsorg og NAV.

blogg 16 august 2

Betyr det at vi ikkje har lov til å vere slitne?

Seie at vi er slitne? Utan å sitte med angsten om at nokon skal misforstå?

Som skal tru at du ikkje maktar oppgåva?

Skal vi som kvinner og mødre måtte dra på oss maska kvar ein einaste dag , for å tekke eit samfunn som ynskjer perfeksjon?

NEI!

Ja, med store bokstavar! NEI!

Du er ikkje ein dårleg forelder om du ein og annan dag er kjempe sliten og ynskjer både diagnoser og anna pokker i vold.

Nei, du er ikkje eit dårleg menneskje når du vurdere å melde deg sjuk frå eit møte fordi du denne dagen ikkje er klar.

Det må vere takhøgde for at foreldre og kan få lov til å melde seg litt ut.

Dog, om ein har mange slike dagar, så kan ein trenge avlastning.

Og då kjære saksbehandlar, då behandle du vedkommande med respekt og forståing, ikkje eit tredje grads forhør for å prøve å spare pengar.

Ja, satt på spissen, eg veit, men det må avogtil gjerast det og!

Maska må av, sjølvkritikken må minimerast, «snill pike syndromet» må finne seg ein annan plass å bu.

I staden skal vi innføre:

*Eg gjere så godt eg kan, og det må vere godt nok

*Mangfold er gull-A4 er ut!

Om ein let maska falle, så kan ei ny verd åpne seg.

Ei verd der du vert akseptert for den du er.

Det skal vere lov å vere sliten, det skal og vere lov å seie at man er sliten.

Det vi ikkje har lov til er å gje opp!!

blogg 29 juli 1

 

Different ,but not less <3

 

 

<3<3 Ragne Beate