Bære syskjen på sorg?

21. oktober 2015

Då har eg endeleg tid til å setje meg ned å skrive nytt blogginnlegg.

Vore mykje kjøyring siste dagane og kursing på Volda BUP om ADHD.

Fordelen med mykje bilkjøyring er å ha fri tilgang til anlegg og min musikk, og ikkje minst god tid til eigenrefleksjon som ikkje er ispedd:

«mammmmmaaaaaaaaaaaaaa- eg finn ikkje, kvar er, har du sett…»

blogg 13 mai 1

Då eg reiste te Volda på kurs i går, så vart det litt sånn der « Jaja, eg  kan no reise, men eg lære nok sikkert ikkje noko nytt» mentaliteten.

Det vert litt slik når ein har valfarta mellom møter og informasjonsportalar i massevis av år.

Kor mange gonger kan ein tyggje grauten liksom!

Men, no står eg skule rett forran pc og innrømme det glatt, eg tok feil!

Eg har lært masse nytt!

Og eg elska det! Kjekkaste eg veit er jo å lære nye ting!

Skal skrive fleire innlegg seinare om kva eg har lært, men i dag vil eg skrive om syskjen igjen.

Eg skreiv eit innlegg om Jakob på vårparten, om at han ikkje hadde valgt livet med brødre som har autisme, og at eg var stolt av han.

Det er eg i aller høgaste grad! Veldig stolt!

blogg 21 okt 1

Og, alle som har hatt den ære av å høyre Eli Marte Rusten frå Spiss snakke om sin erfaring som syster, skjønar at det kan vere utfordrande, men og bra.

Men, då barnevernspedagog Arnstein frå BUP snakka om at syskjen også bar på ei sorg.

Da gjekk det opp nokre lys og antenner hos mamma Ragne.

(Akkurat den delen har eg kanskje fortrengt litt- i sjølransakingas lys.)

Sjølvsagt kan dei gjere det!

Kvifor skulle dei ikkje det?

Ei sorg over ein kvardag som ikkje vart slik vi hadde ynskja.

Er den sorga eksplisitt tildelt mamma og pappa?

Nei, det er den nok ikkje.

Men eg trur nok vi foreldre ynskje at den skal vere det, at det ikkje skal påvirke borna våre, verken dei med eller dei uten diagnose.

Sorg er så mangt og så individuelt og.

Nokre sørge jo lenge, volsomt og intenst, mens andre sørge meir i det stille.

Om ein er anten den eine eller andre typen så må man få aksept for det.

blogg 25 juni 1

Syskjen fangar nok opp mykje meir enn vi foreldre trur, dei ser meir enn vi er klar over, og når dei ikkje skjøner alt, så lagde dei seg opp formeiningar.

Formeiningar som kanskje vert sett i feil kontekst, og vert til misforståingar.

Eg har- etter BUP tur til Volda- lov megsjølv at eg skal bli flinkare å snakke med guten min.

Forklare han meir, vise han at eg skjønar at ting ikkje alltid er så greit, prøve å finne måtar så han kan setje ord på korleis han føle det, om brødrene sine.

De kan kalle det eit nyttårsforsett nokre mnd før tida.

Vidare så frustrere det meg hinsides av syskjen ikkje er satt meir på agendaen i samfunnet.

Eg blir ikkje mindre enn oppgitt når både psykologar og barnevernspedagogar i eit BUP system ikkje har EI bok å anbefale til foreldre som har born med ADHD ,når det gjeld syskjenproblematikk

IKKJE EI!

Og når «google queen Larsen» starte sitt raid på nett, så finn ho minimalt sjølv!

FRUSTRERT!

blogg 21 okt 2

Det er gjort litt forskning på temaet, vi fekk presentert litt, og samtlige resultat vise at det burde vore tiltak som syskjen kunne nytte seg av.

Og eg må seie at eg som mamma hadde slukt kunnskap om eg hadde fått den tilgjengeleg.

Kvifor blir ikkje syskjen sett?

Kvifor blir dei ikkje nevnt i ein einaste plan for oppfyljing av familiar med utfordringar?

Er det fordi dei er friske? Ressurssterke?

Eller er det fordi dei ikkje krev…?

 

Syskjen kan og bere på ei sorg.

Den må vi foreldre og andre ta på alvor, og hjelpe dei med å handtere.

Samtidig må vi få syskjen fram på agendaen langt høgare oppe i systema.

 

Akkurat det skulle faktisk ha vore gjort i går!!!

 

«He aint heavy-his my brother» – but he can be heavy enough <3

Jakob og Georg 2

 

<3<3 Ragne Beate