Positive forsterkarar, avtalar og «straff».

26. oktober 2015

I dag har eg lyst å skrive litt om ei problemstilling som veldig mange av oss foreldre som har born med autisme kjem i.

Dette med å bruke positive forsterkarar, der andre meine vi belønne dårleg adferd.

«Er det verkeleg mogeleg?»tenkjer kanskje de.

«Jepp «, kan eg då svare, «det er veldig mogeleg og skjer ofte!»

blogg 19 juni 2

Mine born, og veldig mange andre born med autisme vert driven fram av positive forsterkerar.

Eg har i stor grad drifta heile mi oppdraging på positiv forsterking, og same har dei gjort både i barnehagen og på skulen.

Positiv forsterkar er ein reaksjon som kjem lynkjapt etter at bornet har gjort det som vert forventa av dei- slik at det blir noko som bornet ynskjer å forsette med.

Ja, man repetere jo seg sjølv i hel i det her gamet, det har eg snakka om før, så at denne repeteringa vert ei positiv «greie» er vel meir alpha omega enn noko anna.

Alle born med eller utan autisme profiterer på positiv forsterking- mine treng det berre endå meir enn alle andre.

blogg 24 sept 2

Ein ynskjer ikkje å kome i en « negativ oppmerksomhet er også oppmerksomhet» fella, den er særs kjedeleg.

Når borna er små er positiv forsterkar «greia» ganske enkelt kjemi når ein kjem inni det.

Og ein kjem i ein dynamikk mellom born og vaksen, der den vaksne les bornet så godt at han veit nett når ein skal kome med forsterkaren.

Men, no ettersom borna er blitt større, og kan ta i mot meir verbale positive forsterkarar som «godt jobba» «flott» «supert» osv, så utvide ein også horisontane deira til å kunne lage avtalar om positive opplevingar som kjem lenger fram i tid.

Vi gjere det her heime no, inngår avtalar- brukar positiv verbal forsterking på vegen- og når målet.

Men, så kjem problemet.

Kva viss du på vegen kjem over problem som bornet ikkje taklar, ikkje evne å gjennomføre.

Ikkje som i trass eller uvilje.

Men opplevingar som vert uoverkommeleg for dei.

Kan vi då «straffe» dei for det?

Ta vekk premien?

blogg 24 sept 1

Eg veit med megsjølv at viss eg har ein avtale med guten vår som ikkje har autisme, og han ikkje gjennomføre den, så får han heller ikkje den gulrota i andre enden.

Men det er sjølvsagt under den forutsetning at han har fått ei oppgåve som er overkommeleg, det er då vilja det står på.

Men kva då med dei to andre, som ikkje klare oppgåva, fordi det kom ein lyd som var for heftig, eller at stressnivået kom på faretugande kokepunkt den dagen, eller at forventningane vart så store at dei klappar i hop.

Kan dei då straffast for sin manglande gjennomkjøring av oppgåva?

Det her synest eg er vanskelege vurderingar som oppdrager.

Fordi det er så mange nyansar undervegs som må takast opp til vurdering.

Og ikkje minst at alle skal sjåast som individuelle individ og ikkje som ei «eining med autisme»..

blogg 21 okt 1

Men,ein ting har eg lært meg, eg gjere aldri avtalar som omhandlar skulen, kva som skjer på skulen, og eg motivere aldri skulegong, med ei gulrot i andre enden.

Skulen er noko vi berre må gå på, etter norsk lovgiving- det har både kongen, statsministaren og posten sagt at ein må, og eg bruke framsnakking og positive refleksjonar om skulen for det det er verdt for å motivere .

Det funke svært dårleg om eg skal motivere med ein premie for gjennomført norsk på skulen, når eg ikkje veit korleis norsktimen den dagen skal gjennomførast- u see?

Og eg lar heller ikkje tilbakemeldingar frå skulen øydelegge dei avtalane vi har gjort heime.

Eg «straffe» altså ikkje det eg ikkje har vore med på sjølv.

Ikkje fordi eg syr puter, ikkje fordi eg ikkje trur skulen, men fordi borna mine bare kan forhalde seg til det dei blir «lært, vist og fortalt».

Og eg veit jo ikkje kva dei er blitt lært og fortalt, ei heller vist i ei setting eg ikkje har vore i sjølv..

Så ja, hos oss vert kinoturen gjennomført, sjølv om norsken gjekk skjeis.

 

For ein skal ikkje få «straff» for å ikkje evne.. eller forstå…skal man vel?

Ferie 2

 

<3<3 Ragne Beate