Er du flink nok til å få alt skriftleg?

28. oktober 2015

Kaffikopp nr 3 er inntatt og hjerna mi er begynt å fungere 🙂

Vart ein tidleg morgon igjen her i dag, og eg har akkurat vore igjennom eit ganske så detaljert, for ikkje å seie langtekkeleg foredrag om  korleis nordlyset vert til, og ikkje minst kvifor «mjølkevegen» er vår galakse, og kva planetar som finnast der.

Eigentleg veldig interessant, om ein kan kalle informasjon som vert mata inn i hjernebarken før 0530 for interessant, men eg skal innrømme at eg ikkje fekk med meg alt.

Eg kan heldigvis slappe av, reprisa kjem sikkert i 2 tida etter skulen 😉

blogg 28.10-1

Over til dagens tema.

«Er du flink nok til å få ting skriftleg?»

Det var ikkje eg før.

Før var eg ein «slaur» på å få ting skriftleg, som vi seie her eg bur.

«Slaur» kan for øvrig oversettjast med ein person som tar litt lett på det, for dei som ikkje er heilt bevandra i det vestlandske ordforrådet.

Eg veit ikkje kvifor eg var slik før. Kanskje stolte eg meir på systemet, trudde på at det som vart sagt, vart slik.

Naiv kanskje?

Godt mogeleg.

Men ikkje lenger.

blogg 5 september 3

Ein av dei viktigaste tinga vi foreldre gjere i møtet med både system, skule og hjelpeapparat, er å få ned skriftleg det vi ynskjer å oppnå, korleis vi skal oppnå det, kva avtalar som er gjort på vegen , og ikkje minst kven som skal gjere det.

Tungvint synest du?

Vel, tungvint blir det den dagen misforståinga er oppstått, den muntlege avtala mellom to menneskje vert ord mot ord- og det er økonomien som rår.

DÅ VERT DET TUNGVINT DÅ!

Nei, eg seier ikkje at vi foreldre skal gå rundt som eit dokumenterings politi, der vi må få alle til å signere avtalar på alt vi gjere, men for å ta ein enkel ting.

Les du referata frå møta du er på?

Du veit, det kvite arket som kjem susande forhåpentlegvis ein 2-3 veker etter møtet om du er særs heldig?

Les du det godt?

Det bør du gjere, for slike referat kan du rette på om du ynskje det.

Sende inn korreksjon på dei tinga du meine burde ha vore med.

Der har du eit godt dokumenteringsark.

Referat.

Ein kan og seie frå under møtet, viss man møter problemstillingar som ein ynskjer å belyse seinare, men som ikkje ein får tid, eller har kompetanse til der og då, at ein ynskjer  problemet notert ned i referatet.

Då har man det jo dokumentert skriftleg, og ingen kan kome tilbake seinare å seie at «… det her har vi ikkje høyrt noko om»

blogg 8 september 2

Eg nevnte misforståingar tidligare i innlegget.

Mi erfaring er at mykje av dei tinga eg har havna i som har vore av negativ art, ofte er misforståingar mellom meg og andre involverte rundt borna mine.

Misforståingar på grunn av dårleg ordlegging, ofte ei sliten mamma med piggane ute- ja eg veit det er å banne i kyrkja når eg seie det, men det spele ofte ei stor rolle- og også dårleg kommunikasjon mellom einingane.

Det er ikkje ei sjølvfølge at kommunikasjonen mellom kontora er «up to date» heller.

For meg har det hjelpe å skrive.

Notere undervegs i møtet, stikkord.

Kva reagere du på, kvifor reagere du, osv.

Slik at eg kan ta opp ting i etterkant når eg ha roa meg ned, om eg ynskjer det.

Snakke med vedkommande eller etat det gjeld og avklare.

Og på den måten har eg mogeleghet til å lese referatet som kjem på riktig måte.

Har eg oppfatta situasjonen rett?

Det vittige er at ofte så er referatet slik eg ynskjer, det var berre eg der og då som hadde guarden litt høg.

Uansett- alle konflikter bør takast med rota, om det lar seg gjere.

Og dokumentasjonen du har MÅ vere rett- det er din tryggleik.

blogg 3 juni 3

 

Sanninga er uansett at må man klage på noko, så må man dokumentere, og, må man ha hjelp frå til dømes ein advokat, så er det veldig greit å kunne framleggje skrifteleg dokumentasjon-ikkje sant?

 

Like greit å starte med ein gong!

 

«Ord har makt, MEN = Evig eies kun det skrivne!»

blogg 22 mai 2

 

<3<3 Ragne Beate