Entries from oktober 7th, 2015



Avvist

posted on: 7. oktober 2015

« .. som nybakt mamma hadde du ein draum.. Draumen om korleis livet ditt skulle verte ilag med den lisje nydelege babyen som du kom heim med frå sjukehuset.

Alle dei kjekke tinga de skulle gjere ilag, slik som alle andre gjere.

Sitte i sofaen og berre snuse inn den gode baby lukta, de veit, den lukta som er heilt einskild, som ein berre kan sanse der og då på eit lite born som nett har komen til verda.

Du tenkte du skulle bruke permisjons tida di godt, det kan då umogeleg vere så krevjande med eit lite born.

3 rom tenkjer du at du skal pusse opp.

Og ikkje minst trene. GUD KOR DU SKAL TRENE! Lange turar saman med venninner, gode samtalar, innom bakeriet for den kveitebollen du sjølvsagt ikje burde ha tatt, men som er heilt ok sidan du tross alt har gått ein laang tur.

Kaffi Mocca med krem på, slarving om siste ryktet, du veit, ho der…

Heime skal sjølvsagt alt vere på stell, middag klar til mannjen kjem heim, strøkent hus, te i sofaen med mannjen på kvelden, med ein Netflix serie rullande over skjermen.

Bornet ligg fint i vugga si ved sida av dykk, pustar sakte inn og ut..inn og ut..

<3 Mors lykke<3

blogg 4

Det her kunne vore tatt rett ut av eit eller anna magasin, trur eg. Eg les ikkje slike magasin, eg har nok ikkje det genet- held med til mord og elende i krim verda eg.

Men det er ein illusjon, noko alle ynskjer.

Morsrolle i harmoni før alvoret startar og du skal tilbake til jobb.

Den dyrebare tida..

Så, kva skjer då med deg når du vert avvist.

Avvist av ditt eige born.

Gong på gong.

Berøringa du ynskjer så sterkt føles som eit piskeslag for bornet.

Det lette stryket over anletet, nasa di som lett berører bornet sitt, det florlette kysset som du så gjerne ynskjer å plassere midt på panna til bornet ditt.

Fysisk vondt!

Tenk! Dei tinga du ynskjer å gjere er fysisk vondt for ditt born som har persepsjonsvanskar du ikkje er klar over..

Autismen som ikkje er blitt oppdaga..

Dei spontane turane du ynskjer å ta med venninnene dine vert sabotert av gullet, da det berre skrik!

Skrik og skrik og skrik!

blogg 19 mai 2

Skrik om natta, det skrik om dagen, bornet skubbar deg vekk når du prøve å trøste, men du finn ut at om du held det tett inntil deg, så roar det seg..

Bornet roar seg når det vert bore i eit beresjal..

Du må berre bære… og bære og bære

Romma du hadde tenkt å pusse opp, dei står der likeså godt..

Dei einaste du kan krysse av på lista di er at du får trimma noko helt hinsides da bornet i tillegg til å bli bært også er stille i vogna.. så lenge den er i bevegelse.

Avvist.

Du klandrar degsjølv. Du er ei dårleg mor, kvifor får eg ikkje til det alle andre gjere?

 

Kvifor får eg ikkje kontakt?

 

Autisme… avvist…

 

Nokon som kjenner seg att?

 

Eg gjere… og det er ikkje ein god følelse, ikkje i det heile tatt, når eg tenkjer tilbake.

Og,det er ingen andre som kan settje seg inni korleis det er å bli avvist av sitt eige born, om ein ikkje har opplev det sjølv.

Det går ikkje på tilknytning, det går ikkje på kalde mødre, det går heller ikkje på at bornet ikkje ynsker å vere ilag med deg.

Det går på at berøring kan vere ekkelt, og for nokre fysisk vondt, og at autisme kan vere slik.

Heldigvis betyr ikkje dette at ein ikkje får dialog med bornet sitt. Det betyr heller ikkje at ein for alltid vert avvist.

Det betyr berre at ein må finne andre måtar å seie at ein er glad i deg.

blogg 17 mai 2

At ein må vere kreativ i måten å forholde seg til bornet på, slik at ein bygge opp den plattforma ein treng for å gje det trygghet, kunnskap og utvikling.

Det betyr at ein må lære seg bornet reaksjonsmønster på stress.

Vi har for eksempel ikkje SFO, ikkje fordi vi ikkje har råd eller ikkje ynskjer det, men fordi våre born ikkje profitere på å vere på SFO, da det generere stress, som igjen gjere persepsjonsvansken større.. (persepsjon er forresten sanseforstyrrelse)

Den dag i dag har eg born som klare kontakt.

Fordi vi klarte å finne ut korleis dei likte kontakta, korleis dei likte berøringa, korleis vi kunne møte dei på vegen.

Tenk litt på det alle som jobbar med born og ikkje minst foreldre.

Pesepsjonsvanskar er krevjande!

Å bli avvist av sitt eige born er ein svært vond prosess, og noko som ikkje blir snakka om, då det er både vanskeleg å snakke om, og ikkje minst er kompetansen på den form for persepsjons vanske som går på berøring liten i allmennheita.

Den er der, den er reell, og vi må ta den på alvor.

 

Avvist.

 

Men slaget er ikkje tapt!

blogg 28 august 1

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

«Broen III»- sett frå mine auge

posted on: 6. oktober 2015

God morgon alle saman! Eller god førmiddag, tett før vi startar på lunchen her i huset:)

Ein søv ikkje vekk haust natta, om ein enn så mykje har haustferie.

Tidlege morgonar gir deg til å spekulere, og ikkje minst reflektere.

Og i dag har eg reflektert mykje rundt seriane «Broen 1 og 2» og no sesong 3 som går kvar mandag 2130 på NRK1.

Eg nevnte serien i førre blogg innlegg og, i setninga «Saga Noren i «Broen» er ikkje prototypen på eit menneskje med Asperger syndrom»

Om eg berre er fokusert på autisme heile tida?

blogg 24 sept 3

Nei, eg er ikkje det, eg spekulerer på mykje rart, men å ha born med spesielle behov blir litt det same som når ein for eksempel går gravid.

Då eg var gravid, både med Jakob og tvillingane, så såg eg gravide mennskje over alt. Eg spekulerte på kva kjønn dei ville få, kor langt dei var på veg, om deira born ville havne i same klasse som mine osv osv.

Man vert litt meir oppmerksom.

Men tilbake til «Broen» og Saga Noren.

Skoespelarkarakteren som fremstår som eit levande leksikon, regelryttar av rang, utan humor, ei uempatisk haldning til sine medmenneskjer , og med ein ganske så krass framtoning.

Er det slik menneskjer med autisme er?

Sjølvsagt ikkje!

Dei menneskja eg kjenner med autisme er akkurat like glade, empatiske, følelsesmessig tilstades som oss andre, men kanskje litt på sin særeigne måte.

Mine gutar er over middels opptatt av reglar, og kan bli svært oppbrakt om desse vert brutt. Dei likar struktur og orden, og ikkje minst å bli førebudd.

Og, dei er levande leksikon- det kjem ein ikkje utanom.

blogg 24 sept 2

Men, i går kveld så slo det meg, og eg veit ikkje om nokon av de andre har tenkt i slike baner, men har de lagt merke til at Saga Noren sin særegenhet kjem mykje sterkare fram i serien så lenge ho er saman med sin danske kollega?

Når Saga er på jobb i Lenskrim Malmø, med sine eigne kollegaer, så er det lite eller ingen reaksjon på hennar litt særeigne måte å være på.

Teknikaren som vert sett til alle mogelege analyser, av vegar, brev eller anna, han lettar ikkje så mykje som på eit augebryn om Saga skiftar skjorte rett forran han, eller om ho lirar av seg nokre statestikkar.

For øvrig, akkurat den skjorte skiftinga på kontoret synes eg er svært lite troverdig innan for autisme- for er det noko menneskje med tildømes Asperger syndrom ikkje ynksjer, så er det å skilje seg ut!-digresjon…

Sjefen Hans er roleg og avbalansert rundt Saga, men legg til rette for ho ved å gje ho klare beskjedar som:

«No går du heim Saga»- i stadenfor «Eg trur det er lurt at du no går heim» osv..

Men, med ein gong den danske kollegaen kjem inn i scena, så legg sjefen Hans seg litt meir fram på- for å passe ekstra på.

Teknikaren -i episode 2- sesong 3, guide den danske etterforskaren i kva han kan forvente av Saga når han seier:

«Du må bare gå etter ho, ikkje vent på nokon reaksjon».

Poenget Ragne??!??

Tilrettelegging, og respekt!

blogg 5 september 1

Saga Noren funke på stasjonen fordi hennar kollegaer har respekt for ho, til tross for hennar særegenheiter.

Dei har respekt for det vandrande leksikonet, som er og blir på sin eigen måte, men som alikevel er grisedyktig i det ho gjere.

Ho har ein sjef som har skjønt viktigheta av å vere konkret, direkte, støttande men også veiledande når Saga trampar over i ei «sosial suppe».

Kan vi lære av det?

I staden for å sette Saga Noren- karakteren- som ein prototype på menneskje med høgtfungerande (av mangel på anna ord) autisme, kan vi ikkje heller sjå korleis serien klare å formidle kor godt ho fungerar i trygge omgivnadar?

JA!

Det syntes eg at vi kan!

Sofia Helin som spelar Saga Noren har uttalt at ho både har vore i krise og vore utbrent etter å ha spelt karakteren Saga.

 

Då kan ein berre tenkje seg korleis det er å være eit menneskje med autisme 24 timar i døgnet- 365 dagar i året- i eit heilt liv..

 

Berre tanken fortjene respekt.

blogg 18 mars 4

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Når livet vert sett i perspektiv

posted on: 4. oktober 2015

Helga er snart over, og neste veke er det haustferie her med oss.

Eg er ikkje den som har vore mest fan av feriar, det har eg nok gjett utrykk for før, men det går heldigvis betre og betre med oss der og.

Gode på planlegging, og med rett tilnærming så ordne det meste seg, men det er krevjande med feriar, og eg veit om mange foreldre som grin sine modige tårer kvar gong det dukkar opp ein ny ferie.

Eg skjønar det, og eg respektere det.

Endringar er vanskeleg, for liten og stor.

18 mars 3

Denne veka er det fleire saker i media som har fått «unge» lovende Larsen til å reise bust.

Det går på mennskje verd, haldningar og ikkje minst fordommar.

Og det går på at Ragne Beate blir sint!

Den fyrste saken syns eg Cato Ellingsen beskrive utruleg godt i sitt blogg innlegg her : http://vernepleieren.com/2015/10/02/hva-hvis-det-var-deg/

Det angår eit anbod som vart sendt ut på ein funksjonshemma kvinne, med utførlig beskriving om hennar helse tilstand og adferd.

Tenk å leggje menneskje ut på anbud!

Er ikkje menneskje med funksjonhemmingar meir verd?

«Kva viss det var deg?» spør Cato.

Tenk at vi må drøfte slike problemstillingar i det heile anno 2015!

Ja, som mamma har eg måtta gje ut sensitiv informasjon om mine born, for at kommuna eller andre i hjelpesystemet skulle få eit rett bilete av total situasjonen.

Men, det har vore gjort i lukka møter, med taushetsplikt involvert, og med mamma- vergen- si vurdering om kva vi ynskjer å få fram, og ikkje minst kva som er naudsynt å få fram for å få den rette forståinga og vurdering.

Det er krevjande nok i seg sjølv- den blottgjeringa, det å måtte stille seg naken og sårbar forran eit system, for å få hjelp.

Knele.. nesten tigge.. leggje seg flat..

Blogg 3 mars

Eg veit ikkje korleis eg som mor hadde reagert om nokon av mine gutar sine behov hadde vore lagt ut på anbud,eg syns det var gale nok då vi søkte etter avlastar i avisa.

Og den stillingsannona var eg med på å skrive sjølv..

Ser de kor sårbare vi er som familiar?

Same med Randi Tyvold, som i BT i går tok skrittet og gjekk ut i eit lesar innlegg og fortalde som sitasjonen der dei ikkje får erstatta sin kvinnelege assistent med ei ny kvinne, men opplev at kommuna ansett ein mann.

Artikkelen finn de her:

http://www.bt.no/meninger/debatt/Verdighet—hva-er-vel-det-3451506.html

Ei vaksen datter, faktisk på min eigen alder, der mamma må trå til.

Mamma må framleis verne, vere den som kranglar, tar konfliktane, hjelp ikkje kor sliten ho er, kor mykje ho blir møtt i døra av taushetsplikta, av ansatte som gjere jobben dei er blitt satt til av arbeidsgivar, men som ikkje får lov til å ha den kommunikasjonen dei bør ha , må ha, SKAL ha, med dei pårørande.

Er det nokon som har spurt meg om kva eg tenkjer?

 

«Eg skal ropte til dovre fell», seie Randi- eg har ikkje noko val

Dette er kort fortalt eit liv.

Eit liv med eit funksjonshemma born, eit liv der ein må kjempe mot fordommar.

Fordommar som er lagt om at eit menneskje med funksjonhemming er sånn eller slik.

Dei treng sånn eller slik alle saman!

Berre dei får sånn eller slik og vi gjere det på den måten, så fungere det sikkert.

Vel, det kom inga bruksanvisning med nokon av mine born, og ingenting er likt heller med dei- dei er heller så ulik som ein kan få det!

Ja – UNIKE! FORSKELLIGE!

Akkurat slik som du og eg!

Saga Noren i Broen er ikkje prototypen på et menneskje med Asperger syndrom, ei heller sit alle med infantil autisme og pugge telefon katalogen slik som i Rain man.

Men nokre kan nok gjere det..

Eg håper eg aldri opplev å finne mine born i eit anbod, eller måtte gå i avisa slik som Randi, eg har dog ingen garanti.

 

Men, en ting skal eg berre sei til dykk, og det er at saman med Randi, så skal eg og rope til Dovre fell!

blogg 3 april 4

 

Eg har nemlig heller ikkje noko anna val-eg heller..

blogg div 14

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

Bamsen «Kai»

posted on: 1. oktober 2015

I dag vakna eg gretten. Ingen grunn til det eigentleg, men nokre gonger så er no vi mennskje berre bygde slik.

Men opp måtte eg, med to gode blidfisar som ratta rundt i huset, sølte ned oboy melke glaset utover både bord og tepper, med sine mega fly som dei lagde i garasja med pappa i går.

Eg pusta med magen, tørka opp, og sat meg ned med pc for å lese dagens aviser- til opplysning var då flya landa for dagen (les pælma i gangen for vidare  til eit evig eksil i garasja) og gutane sat fint attåt bordet ilag med meg og åt frukosten sin.

Når ein er gretten i utgangspunktet så vert ein litt kynisk og, eg trur det er ei fare for at vi mødre som har born med spesielle behov i det heile tatt vert litt kynisk innstilt til kvardagen, sida vi går med guarden heva i ein kvar situasjon.

Eg sveipe sjølvsagt innom Facebook- mitt sosiale liv- og her kjem vendepunktet- og grunnen til overskrifta i blogg innlegget.

Eg er ikkje så kynisk som eg trudde alikevel, og jaggu Ragne- skjerp deg!

Sutre over småting, som å vakne gretten og eit melkeglas overende.

ugle

Som eg har skrive før, så er vi over middels opptatt av redningsselskapet her i heimen, Georg elsker redningsskøyter, og han elske bamsen «Kai» som han fekk med mannskapet på «Halvdan Grieg».

«Eg treng bamsen min for å sove godt mamma»-pleie han å seie før han tek kveld.

blogg 1 okt 2

RS har ei redningskøyte i Middelhavet, og eg fyljer dei via Facebook, og i dag grein eg mine modige tårer attåt kaffien min då eg las på sida deira.

Av eit bilete av ein liten gut.. med bamsen «Kai» i handa, på ei kai en plass i Middelhavet.

Kvifor traff det meg?

Jo fordi guten bar bamsen min son elskar over alt på jord, eg relaterte det automatisk til oss..

Eg har tillatelse med RS til å publisere biletet lengre nede i teksten.

Om det ynskjer å fylje dei vidare , så søk opp redningselskapet på Facebook eller les om opplevingane i Middelhavet her:

http://livredder.rs.no/historier/livredderne-i-middelhavet/

 

«Bamsen «Kai»»

blogg 1 okt 1

 

På ei kai på andre sida av verda

Står ein gut som manglar ein sko

Aleine kikar han utover havet

Kva skal han gjere no?

 

I handa held han ein bamse

Nokon gav den til han i stad

Han held den så fint i handa

Kanskje trøste det han litt i dag?

 

Kva slags framtid ligg forran deg lisje venen?

Deg, og bamsen din «Kai»?

Kva slags utfordringar kjem med deg på vegen?

For å finne ei sikker havn

 

På ein annan kant av verda

Finn du også ein liten gut

Som ligg trygg og varm under dyna

Med ein bamse som er likedan ut.

blogg 1 okt 3

 

 

Han har også utfordringar i livet

Som gjere dagen litt krevjande og grå

Dagar der ting ikkje funke

Akkurat slik vi hadde forventa der og då

 

Guten på denne sida

Finn då trøst i sin bamse «Kai»

Ber han med seg rundt her heime

«Eg søv best når eg er med deg»

 

Kontrastane er store i livet

To bamsar, med same namn

Hos to gutar, med same kravet

«Vi vil vere trygge-både eg og han»

blogg 1 okt 2

 

Kjære venen på kaia der nede

Eg håpe så inderleg vel

At «Kai» kan hjelpe deg og trøste

På en lang og strabasiøs vei

 

På vegen mot eit liv i frihet

Ein gut og  ein bamse mot ei havn

Ei havn med tryggleik og glede

Eg håpe vi kan hjelpe deg så godt vi kan

blogg 29 juni 4

Med tårer i augene…

 

<3<3 Ragne Beate