Å halde det som vert lovd- kor vert det av snøen???

20. november 2015

«Du skal ikkje lyge» seier eit av dei 10 bud, isaman med «Du skal halde kviledagen heilag».

Sistnevnte er eg ikkje god på, der legg eg meg skinnflat pronto.

Men det fyrste bodet det bestrebe eg å halde.

Men, no er eg i trøbbel!

Det har seg sånn at eg har havna i «uløkka», eg har gjort ei general tabbe, ei tabbe som drevne autisme mødre ikkje skal gjere.

Men det har skjedd, det har det.

I kjølvatnet av denne enorme og omtrent ubotelege fadesa, har eg blitt anklaga for nettopp å lyge.

For det var nemleg eg som sa at snøen ville kome!

Ja, DU mamma!!!

Og du har lygd!

Gutane er vonbrotne og sjokkert.

blogg 29 mai 4

For mamma sa at til helga, ja allereie på fredag så ville det kome snø, i allefall nokre mm, slik at vi kunne teste ut akebretta for fyrste gong denne vintersesongen.

Akebretta som vi tok ned frå garasjeloftet tidlegare i veka ilag med pappa, og som vi lina opp i rekke, klar til dyst!

Konkuransen gjorde vi klar og, alle fekk tildelt land.

Eg fekk Finland.

Også kom eg nok til å tape, fekk eg beskjed om, men det var berre å ta det med knusande ro, det gjorde ingenting det, berre Georg vant!

blogg 19 mai 1

Det skal seiast i mitt forsvar at heile denne veka har det vore snakka om dette snøfallet som skulle kome.

Både Tv2 og NRK har vore sikker i sin sak! HEILT SIKKER- trudde eg..

Til vinden dreia på vest, i staden for på nord, og eg gjekk frå ein helt til ein løgnar på eit NADA sekund.

Skuffelse.

Det er ikkje meir som skal til!

Så: «Kvifor fortel eg om fadese og manglande snø- ein bagatell»,tenkjer kanskje du.

Jo, eg gjere det for å vise kor bokstavleg born med autisme tar det vi seier.

For i deira verd finnes det ikkje «kanskje», «om» , «viss» eller «men».

Seier vervarslinga på vestlandet at det skal kome snø, så skal den snøen kome!

blogg 14 mai 3

Dei evne ikkje å sjå at det kan vere andre faktorar som spelar inn på utfallet.

Og at det ikkje dermed er nokon sin feil. Eller at nokon har lygd.

Eg opplev at mykje av frustrasjonen som borna mine har, kjem av slike forventningar, eller ting vi har sagt, eller dei har lest.

Tenk kor frustrerande det må vere å heile vegen gå rundt og bli skuffa, over ting som vi andre berre snur oss etter vinden med, om det vert ei endring!

Er det rart dei miste tillit? Trekk seg vekk?  Vegrar seg for å prøve?

Korleis kan dei vete om kanskje du også er ein som «lyg»?

 

Kan det vere difor at born med autisme ofte vert oppfatta som litt mørke og negative individ?

blogg 14 mai 1

 

Vi kan ikkje gardere oss mot alt.

På same måte som at eg ikkje 100% kunne gardere meg mot at vinden dreia på vest og møtte restane av ein eller annan syklon av noko slag, som på den måten sendte milde vindar innover eit Vestland i november- som igjen gjer 8 grader og regn, istaden for «winter wonderland» og -2.

Men vi kan tenkje oss litt om.

Ikkje lage avtalar som ein veit kan bli vanskeleg å halde.

Gje beskjed i god til på skulen om endring, om ein har mogeleghet til det.

Ta den ekstra telefonen til mamma eller pappa om ein ser at no går ikkje planen som planlagt.

 

Den manglande forståinga er eit stort handikap, og det er opp til oss vaksne og forklare, syne og tryggje slik at verda blir oversikteleg.

Og misforståingane kjem seg ned på eit minimum.

Men putting puzzle pieces together

Eg håpar det kjem snø i natt… store fille som dekkjer heile innkjørsla vår, såpass at vi får aka ned ein par 3 gonger…

Men eg seier det ikkje høgt..

Eg skrur heller ikkje på veret i dag- eg let det vere..

blogg 28 mars

 

Trur det er best slik i dag 🙂

 

Ha ein fortryllande fredag <3

 

 

<3<3 Ragne Beate