Å våge å vere annerleis-i desember :)

30. november 2015

Livet er rart, der er her og no

Du står der på ein måte med valget

Velge det du ynskjer å gjere..

..eller gjere som ho

Gjere som han som skjøtter livet sitt slik

Eller gjere som alle andre, og berre vere lik

 

Plutseleg står du der utan å kunne velje

Livet har valgt for deg

Eit liv som er anneleis og særskilt

Vil det nokon gong kunne passe deg?

 

Vil du klare å leve det livet

Det livet som du fekk i hand

Er du sterk nok til å takle motgang?

Eller legg du deg ned, når du ikkje ser land..

 

Eg trur vi alle opplev begge deler

Av og til vel vi å legge oss ned

Grev oss ned i skyttar grava

Og hyle : LA MEG FÅ FRED!!

 

Får bort autisme trollet!

Det fæle som skapar så mykje rot

Som øydelegg samspel og glede

Som rokkar med familiens rot.

 

Men så kjem det eit lysglimt i mørket

Det tindrer som stjerner og ei sol

Som ei stjerne i vindauget i desember

Det vitnar om håp og om mot.

 

Eit håp som vi alltid ber med oss

Eit håp om ei betre tid

Ei håp om framdrift og trivsel

Ei håp om ei triveleg tid

 

Å våge å vere annerleis

Er ikkje lett i denne tid

Der vi alle skal delta i leiken

I desember, den «trivelige tid»

 

Eg trur desmber kan vere godt for oss alle

Om vi klarar å sjå mangfold og ikkje krav

Om vi lar borna få styre stresset

Og at vi andre tar litt hatten av

 

Det blir advent uansett kor vi styre

Jesus blir «født uansett»

La oss roe ned og sjå heilhet i galskap

La oss roe oss rett og slett!

 

Livet med autisme kan vere vanskeleg

Desember, ein månad spesielt

Men hugs på det viktige på vegen

«Vi ynskjer alle å bli sett»

 

Om vi ikkje klare Lucia

Eller at julekalendaren vert spist opp

Langt langt før tida..

Betyr det at vi må gi opp??

 

Nei! Neste år kan det bli betre

Kanskje går vi då i Lucia tog

Kanskje åpnar vi 24 luker

Og tar del i våre sjølvalgte «hattefåk»

 

Men på vegen så trur eg vi må tenke

At anneleis er ikkje ut

Det er berre ein anneleis måte å tenkje

I ei verd der alle skal sjå like ut!

 

blogg 30 nov 1

 

Lykke til alle sammen i desember

Gjere så godt som de kan:)

 

Og hugse når alt kjem til alt:

«Det viktigste er å prøve»

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

  • Helga Iren

    Jul med di glede,
    Nissar, og det viktige tredet.
    Jul med ro og harmoni,
    Familie og uendelig med tid.

    Julemat og julefred,
    Julebokk og spontanitet
    Lukketroll og lukkesmed
    Årsrapport med intensitet

    Ikkje alltid heilt slik nei
    Autismetrolla likar kvardag dei
    Livet går sakte, aldri lei
    Alltid best i sikker og kjent lei

    Annaleis jul og annaleis advent,
    Annaleis nyttår, autisme er dirigent
    Ikkje dårlegare, ikkje verre,
    Berre annaleis, og gjerne færre

    For slike annaleisdagar er ikkje gode
    Og annaleisdagar plagar, ristar vår klode
    Men omverda sei; the show must go on
    Mamma ho sei; uff, stresset ditt veg nok eitt tonn

    Ragne, min kjære venn,
    Annaleis er heilt greit.
    Bedre dagar kjem om senn,
    Januar, ro, keep up the fight

    Styrkeklem