Entries from desember 31st, 2015



Godt nyttår- ein ynskjeblogg :)

posted on: 31. desember 2015

Teknisk sett er vi bikka siste dagen i året, det er midt på natta, vinden blese, og alle søve i huset anna enn eg.

Det gir meg tid til å skrive mitt aller siste blogg innlegg i 2015, oppsummere litt, og ikkje minst gje de alle mine ynskjer for eit heilt nytt år.

blogg 19 des 4

Året 2015 har vore i overkant heftig for oss på mange måter, nye diagnoser er komen på banen, vore mykje reising, mykje oppfyljing, rett og slett eit travelt år.

Men, det har gjett oss nye rekkjevidde, gjett oss andre perspektiv, og det har og gjett oss born som har det betre, fordi dei no har fått anna hjelp i sin kvardag, ved blant anna å få ADHD medisin.

Eg angrar ikkje på at vi turte å prøve, eg angrar ikkje på at eg ha stått på mitt heile vegen, på at det har vore «meir» enn berre autisme.

Tiltross for at ikkje alle har vore einige med meg i det.

Eg står, og det kjem eg og til å stå for i 2016 og, at eg kjenner mine best.

blogg 24 feb

Når det er sagt, så skal eg ikkje gå inn i 2016 med den innstillinga at eg kan alt, for det stemme ikkje.

Men eg skal stole på min eigen mage ja, den har hjelpt meg mykje.

For min eigen familie så håpar eg på meir ro i 2016.

Ro slik at vi får tid til å utvikle eigenskapane og styrkene til alle borna våre, ikkje berre dei eigenskapane som går på skule og fag, men og dei styrkene som dei vise oss gjennom teikning og ikkje minst fakta interessa.

Her skal eg bli flinkare, flinkare til å sjå desse styrkene som noko eg kan bruke konstruktivt, og ikkje minst for å fremme sjølvtillit.

Sjølvtillit er eit ord eg vil prøve å bestrebe i 2016- også når det gjeld megsjølv.

Det er vanskeleg å klare å sjå segsjølv oppi alt, når det heile tida storme, men eg skal prøve å finne meir tid til meg.

Og, kanskje er 2016 året eg klarar å ta steget inn i arbeidslivet igjen?

Eg har eit håp, eg vil halde det håpet inn i 2016.

Eg bør vel og skrive at eg skal ha eit mindre nært forhold til sjokolade, men eg er stygt redd det kjem til å skrote- dog, greit med alt som er skrive, ikkje sant?;)

ferie

Til de alle som les min blogg vil eg gje dykk fyljande ynskje frå meg inn i eit nytt år:

Eg håpar fagfolka rundt omkring i Noregs land for mogeleghet til å tileigne seg kunnskap.

At kommunal økonomi ikkje stoppar dykk frå å få kurs, tid til sjøl læring, og at de får nok resussursar til å klare den skule og barnehage kvardagen eg veit de ynskjer å ha- men diverre ikkje får, fordi de vert stoppa i forsøket.

Eit høgt mål eg veit det, eit høgt ynskje, men eg vil alikevel ynskje det!

Same til BUP, PPT, Barnehab.. eg ynskje de tid- tid til å møte mamma og pappa som kjem med bekymringa si- med bornet som dett ned mellom to stolar.

Bornet som etter utreiinga får ei diagnose- ha tid til dei!

Ikkje ei klapp på ei skulder og rett ut, men tid til å forbereie foreldra godt nok til den nye kvardagen.

For uansett, ein kan godt seie at borna er dei same, men kvardagen er ny- når det «rare» «vanskelege» og «slitsomme» har fått eit navn.

Ferie 2

Eg ynskjer at de får tid nok i 2016 til å ruste oss foreldre- den tida veit eg er gull verd på vegen foreldra skal ut på , og kan forebyggje mykje skade og frustrasjon.

Så, til alle mine «medsamanvorne» der ute, som leve liv som meg, nokre mykje verre, andre kanskje mindre, men ilag, som foreldre , leve «annerleis verda» kvar einaste dag.

Eg ynskje at det nye året 2016 gir de alle masse masse gode opplevingar.

Gode opplevingar med hjelpeapparat og skule, men og i heimen.

At dei små tinga som vi set så stor pris på, skal bli store!

Eg ynskjer de alle masse styrkje, håp og ikkje minst glede, og at dei utfordingane vi alle veit kjem, skal bli overkommelege og mogeleg å leve igjennom.

blogg 25 juni 1

Og, ei fanesak eg aldri legg ned:

«Ingen skal trenge å vere aleine!»

Til de som er drevne foreldre, prøv å fang opp dei som kjem nye inn, få dei med i foreldre grupper, link dei til Facebook grupper som de veit finnast på nett, og vern om dei.

For ein ting er i alle fall heilt sikkert, å vere aleine er det verste som kan skje, vi har det alle best når like born leikar <3

blogg div 10

«På Randen med Ragne»- sin Ragne Beate har skrive sitt siste innlegg i 2015, og poste det no midt på natta, då dagen i morgon er ein dag som trengs to hender, eit klart hovud og mykje tålmod.

 

Eg ynskjer de alle EIT RIKTIG GODT NYTTÅR!blogg 26 des 1

Og er klar for nye skriblerier i 2016 🙂

 

2016- let it be the year ,when the magic happends <3

blogg 23 okt 4

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

Minner

posted on: 30. desember 2015

«Året lakker mot slutten

Og tankane sveve omkring

Tar seg en tur tilbake

Til då vi visste ingenting

 

Visste ikkje kva veg livet skulle peike

Kva utfordringer vi skulle få

Både sorger og gleder om kverandre

Med to små som vi skulle passe på

blogg 30 des 1

 

Herlighet kor mykje dei har lært oss

Desse to som ser livet som det er

Rett på og ikkje til sides

Her seie vi det slik som det er!

 

Det tok lang tid før språket løsna

Herleighet kor eg venta på det

Kor redd eg var på den tida

«Får eg høyre ordet mamma frå deg?»

 

Men plutseleg kom det i frå dykk

Fyrste den eine og så begge to

Eg gret mine tårer i gleda

Her er håp- det går framover no <3

 

Til tross for språket si glede

Og takk og lov at de fikk det begge to!

Så er det dykkar sin hemsko

Det er der de bli misforstått også no.

 

Men tilbake til minner frå mamma

Eg er lei meg, for mange er vekk!

Skubba vekk av krav og forventing

Og av etater som krever sitt

blogg 30 des 2

 

Krever masse av tanker frå mamma

Konsentrasjon, og ein giftig penn

Søknader gange hundre i talet

Og møter gange tusen i spenn.

 

Noko sitt dog fast i minnet

Det vil aldri vatnast ut

Titantic er ein av dei sikre

Ilag med ein Eliasbåt

 blogg 30 des 3

Same er minnet om to små gutar

Som no er blitt er blitt passeleg stor

Akkurat passeleg for seg sjølve

Mamma syntes tida går for fort!

 

Men nå de kjem krypande opp i fanget til mamma

Og gir meg ein kjempe stor klem

«Eg er glad i deg mamma» kjem det frå både

Då veit eg vi har lukkast alikevel <3

 

Om minner er blitt borte på vegen

Så kan eg berre sjå på mine to

Mine heltar, min flinkaste gutar

-og skape minner akkurat no <3

blogg 25 des 5

 

Eg trur vegen blir til mens vi vandrar

Vi må bare hugse å passe på

Å ta innover det som vi opplev

Og lagre det godt i hjertet vårt!<3»

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

«Heisann du med fyrverkeriet før 31 desember, veit du at eg vert frykteleg redd?»

posted on: 26. desember 2015

«Heisann du med fyrverkeriet, hadde du igjen noko frå i fjor kanskje? Eller glede du deg hinsides til å kjøpe fyrverkeri på mandag.

Til nyttårsaften, nytt år, feire 2016 med eit smell!

Også klør du litt ekstra i fingrane desse dagane før  den 31 desember.

Det gjere vel ikkje noko om du fyre laus ein pinne? Kanskje ein hylar? Skal spare resten, planen er klar, men ein kan vel ikkje skade? Berre ein?

Ja, det er ulovleg, men ingen finn det vel ut, her er mange hus, og vinden står rett..

Så du bestemme deg, du med fyrverkeriet, om å fyre laust, nokre dagar før nyttårsaften.»

blogg 26 des 1

No skulle eg vel egenlig ha brukt resten av blogg innlegget mitt til å fortelje deg om kva slags ufin, ufølsom drittsekk du er ,som berre tenkjer på deg sjølv, og at eg gjerne skulle ha karnøfla deg dobbelt om eg fekk tak i deg, då det IKKJE var DU som måtte sitte oppe resten av natta med eit hysterisk born ,på grunn av DI rakettskyting.

Men eg skal ikkje gjere det.. eg skal heller prøve å forklare deg kvifor eg ber deg på mine kne, om at du lat vere å fyre laust før den 31 desember.

Du skjønar- eg har gutar som blir redde.

Livredde!

blogg 19 mai 2

Dei er i utgangspunktet redde for lydar dei ikkje har kontroll på.

Eg skal kome med eit døme, kanskje du syntes det er kjempeteit, men eg bruke det alikevel.

Når eg set på ein film her heime, så sit eine guten vår heilt fremst på stolen, med augene vidåpne og held seg for øyrene, klar til å springe.

Han er redd for at lyden som kjem ut av filmen vi set på er på engelsk- ikkje på norsk.

Den engelske lyden på filmen gjere han utrygg- det er lydar han ikkje er vande med.

Så då spring han å gjøymer seg, han er redd.

Han taklar lydar får Ipaden sin, viss han får styre dei sjølve, men han slit med broren sin Ipad sin lyd, den kan også skremme han veldig.

Veit du- kjære fyrverkeri entusiast, til og med skuleklokka er ein av dei livredd for, og den frykten er ikkje god å leve med, ikkje for guten, men heller ikkje for mamma, som synest det er knalltøft å sjå bornet sitt så redd!

På skulen der guten vår går bruke dei veldig mykje tid på å skjerme og forbereie slik at guten skal vere trygg på skulen.

blogg 23 okt 2

 

Så, kva trur du skjer  i ein liten kropp, når det plutseleg hylar avgarde ein rakett på nattehimmelen, som han ikkje visste kom?

Som han ikkje har fått mogeleghet til å skjerme seg for, verken med brille eller hørslevern.

Og kanskje er mamma og i eit anna rom, og ikkje der for å trøste og forklare?

Det er verkeleg ikkje nok kjekt å oppleve, det skal eg berre love deg!

Har du sett ein redd hund nokon gong? Vel-vi er minst like redde!MINST like redde!!

Så kjære du som elskar fyrverkeri, og som kjem til å tømme lommeboka di mandag, eg unne deg det!

Eg unne deg gleda av å fyre laust!

Men eg ber deg på mine kne om å vente til den 31 desember, får då er også vi klar!

Då kan vi også feire nyttårsaften med alt av «sikkerhetsutstyr» lett tilgjengeleg, og mamma og pappa er klare til dyst.. <3

 

Eg håpe du skjønar, eg vil ikkje vere partybrems- eg vil berre borna mine det beste <3

Blogg 28 april 1

 

God handel!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

Ei julaften eg vil hugse <3

posted on: 25. desember 2015

«Kva skal vi gjere på no mamma??» spør to gutar på årets «kjedeligste dag»

Dei er nemleg ferdig med jul.

Den gjekk over klokka 1635 i går ettermiddag.

No er det berre kjedeleg, alt saman er kjedeleg, og der er 364 dagar igjen til neste jul.

blogg 25 des 3

Akkurat desse 364 dagane dei fokusere vi ikkje så mykje på, vi tar heller meir tak i ordet «kjedeleg»- det kan vi gjere noko med!

Brettspel, lese bøker i lag, og stormotivering oppimot filmen «Polar ekspressen» som kjem klokka 1650 på TV2 i dag.

Eg ber til høgare makter om at den i år og kjem med norsk tale, då snakkar vi håp om suksess!

Men tilbake til den store dagen.

Vi hadde i går ein gjest til med oss, som ikkje bor her til vanleg,(Iallefall ikkje heile tida) men som frå vi vakna om morgonen var hjerteleg til stades, han heiter « MR.Spenning».

Noko seier meg at det var mange heimar som hadde «MR. Spenning» på besøk i sine heimar i går.

Men den store forskjellen for oss frå året før og til i år, var at «MR.Spenning» ikkje tok over.

Vi balanserte heilt på kanten heile tida, men det gjekk ikkje over i fortviling og gråt i år, nei, vi gjekk liksom langs med heile tida.

Vi var til og med på julebesøk med mormor og morfar på formiddagen, då mormor har bursdag og på julaften.

Her i huset er det liksom mormor og Jesus julaften- side by side 😉

Og på veg heim passerte vi Måløybrua, som var stengt, og det blåste 34 sekundmeter. ( Brua stenger på 32 sekundmeter)

blogg 25 des 4

Var ei heftig jul vermessig her på Vestlandet, men som vi seie her ute med oss:

«Steikje bra veir ute te å vere inne i!»

Avtalen var at middagen skulle etast klokka 1600.

Og at vi kunne pakke opp pakkar etter middag, og ta desserten ei stund etter det.

Trur de nokon grein då middagen var ferdig 1530?

Haha! Trur det må vere einaste gongen eit kjærkomment avvik frå planen har oppstått!

Middagen vart slukt på ein flekk- eg tok meg i å ynskje at vi kunne hatt det slik dei 364 andre dagane i året, når middag er meir krise enn glede..

Men men- jul er jo jul.

Eg og mannjen prøvde jo å nyte eit «lengre» måltid, men vi måtte flirande gje oss på det.

No hadde vi strekt strikken lenge nok!

Gaver vart delt i 3 haugar, og klar-ferdig-gå!

blogg 25 des 2

POFF!

Gledeshyl! Like store over lego som sokkar:)

Taknemmlege gutar som stolt, om kvarandre, viste oss kva dei hadde fått.

Den største hiten var ei bok dei fekk i lag, nemleg denne:

blogg 25 des 1

Kun to pakkar med lego (mamma vart svært lukkeleg over det)- vi takla det helt fint!

Verken hamster eller marsvin, som sto høgt oppe på lista, låg under treet,- vi takla det helt fint det og vi 🙂

Og mens kyrkjeklokka ringte jula inn i Måløy, så kom det eit lettelses sukk frå ein liten gut, som ser opp på mammaen sin og seier:

« Riktig god jul mamma, dette har vert den beste julen i hele verden»

Samtidig forsvant «MR. Spenning» stille ut vindauget, og tilbake satt familien Larsen, som hadde fått den beste julaften dei nokon gong kunne drømt om å få:)

No skal vi berre ha det «kjedeleg» nokre dagar,fram til «MR Spenning» igjen bankar på døra ,nokre dagar før nyttårsaften.

 

Då skal vi vere klar!

blogg 25 des 5

 

GOD JUL 🙂

 

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Årets juletre- kaotisk perfeksjon

posted on: 23. desember 2015

Det er dagen før dagen, og vi starta lisje julaften med TIDENES haglebyge her på vestlandet.

Eg trur hjertet mitt hoppa trippelt over då eg våkna av at huset omtrent skulle dette ned i hovudet mitt, det bråka noko helt hinsides.

Men- då var  det berre for modern og komme seg på beina, for her sto det to små kara spenn klar til dagens største event:

JULETREPYNTING!

Juletrepynting  her i heimen er ei uforgløymeleg affære, de er fullt og heilt styrt av barnehender, og eg sit under eit pledd med kaffi koppen og berre blivåner seansen.

Gløym design tre, gløym symmetri og fargar som går i hop, her snakkar vi mengde, mest mogeleg på flest mogelege greiner.

Ilag med ein dans, ein MÅ danse mens man pyntar juletre 🙂

Vårt tre inneheld ein del element som må vere der.

Første er «førjultidens sukkertøy stang» som utspele seg frå ein «My little Pony» film som gutane hadde totalt hang up på i fjor.

blogg 23 des 1

Eg er av  ogtil redd min mann skal få traumer når han ser ei sukkertøy stang, for det tok rimeleg av i fjor!

Men- sukkerstenger fyller treet også i år <3

Andre elementet som må vere med fekk også sitt inntog i fjor, nemlig elgen.

Vi har to elgar i vårt juletre, begge laga på juleverksted i fjor av gutane sjølve.

Vi har den freidige elgen.

blogg 23 des 2

Han sit fremst på juletreet og lyset opp, og har full kontroll på alt som skjer heile jula, den såkalla «lede elgen».

Også har vi «elg i fårekle», han er litt meir sjenert og gløymer seg litt meir  i treet, eller, han prøve å gjøyme seg, men han klare det ikkje heilt, for, vi ser han.

blogg 23 des 3

Eigentleg er han ein liten luring har vi funne ut, han ser så uskuldig ut, men vi trur at skinnet bedrar 😉

To elgar, men kvar sin personleghet, akkurat som dei to som har laga dei.

Kliss like- men dog så veldig forskjellige.

Stjerne må vi jo og ha i treet, her har vi turtaking delux, den eine får sette på stjerna, og den andre får sette i kontakta så lyset kjem på.

Også byttar vi.

Heldigvis treng vi ikkje halde styr på kven som gjorde kva, det klare klisterhjernene fint sjølve.

Julekuler frå gammalt, og nye for året vert blanda i hop i eit herleg kaos, og til slutt må vi ha på «silke» (les glitterpynt).

Det sleng vi på der det passar, men vert nøye justert etterpå av små barnehender.

Så er vi ferdige.

Årets finaste tre, det er gutane skjønt einige om, der dei kjøyrer ein «high five» og pustar letta ut.

Eg sit i sofaen og tenkjer akkurat det samme.

Verdens finaste jule tre, akkurat så kaotisk som eg av og til har det, akkurat så mykje mengde som vi ofte har det, akkurat så annerleis som vi ofte føle oss.

Og akkurat så perfekt, nydelig, sårt og fantastisk som livet vårt er!

 

Og med AS Larsens juletre anno 2015 vil eg ynskje de alle ei riktig god jul 🙂

blogg 23 des 4

 

<3<3 Ragne Beate

Ikkje alle er fulltallige i juletida

posted on: 22. desember 2015

Mine, dine og våre, den normale familiekonstellasjonen i dagens samfunn.

Slik er det også hos oss også, vi er heller ikkje alltid fulltallige.

Heller ikkje i år.

Eg har to stesøner i tillegg til dei tre eg og min mann har ilag.

Og eg har mann som jobbar på sjøen.

Eg har mang ei jul sitte «aleine» med mine 3, ikkje heilt aleine, har hatt mamma og pappa her på julekvelden, men alikevel med eit sakn.

Eit sakn om han som skulle ha vore her ilag med oss, men som i staden har vore i Angola, i USA eller sist, det var vel om mogeleg den verste- til kai i Bergen, ein båttur på 4 timar frå oss, men alikevel så langt i frå.

På ein båt, med eit oppdrag, ein jobb.

blogg 6 des 3

Eg skal ikkje klage, vi har valgt å ha dette livet, og det å vere vekke frå sine kjære i tider der ein så gjerne skulle ha vore heime med sine kjære, er ein del av gamet.

Storebrorane er hos oss når pappa er heime, og hos si mamma når pappa er på sjøen, der dei har det heilt topp!

Men det er også eit sakn, det vert jo som eit dobbeltsakn, når dei heller ikkje er tilstades.

Gutane, og spesielt eldstemann på 10, savnar storebrorane sine, og det er vanskeleg for små kroppar å skjøne at det må vere slik.

Den delte heimen.

I år er det endå merkelegare her heime, for i år er storebrorane hos mammaen sin, mens pappa, som eigentleg skulle vore på sjøen, er heime då han har jobba i byggetilsyn dette året på eit verft, og ergo fekk julefri.

Gutane har vore forvirra, det her vert i alle fall feil!

Og for de som trur at autistiske born ikkje bryr seg om det som er rundt dei?

Det gjere i alle fall mine sine, dei saknar storebrorane sine, og dei saknar pappa når han er vekke, og sjølv om dei kanskje ikkje seier det, så gjere dei sine ting som gjere at eg skjønar at dei merkar at noko manglar.

Dei merkar at noko er borte, og dei saknar dei og!

blogg 16 des 6

Vi har  også dei julene når alt er «perfekt», der det ikkje er sakn av noko slag, der vi alle er samla i ein meir eller mindre kaotisk harmoni, rundt eit skakkjørt juletre, med overlessa pynt på eine sida, og masse pakkar under treet, det vert litt pakkar frå 4 familiar, når ein har 5 born!

Eg har måtta lære meg å leve med eit sakn, har måtta lære meg at saknet ikkje skal ta over, og at det viktigaste er å ta vare på augeblikka på ein kvar arena, om vi er bare 4, eller 5, og aller best når vi er alle 7 🙂

For der er ein sjarm i eit kvar augeblikk, berre ein klare å sjå på det rett <3

For når alt kjem til alt, så er det berre for ei periode, dei kjem jo att, både dei som  bur her og den som kjem på helgebesøk 🙂

Eg gjere i alle fall mitt beste for å tenkje det slik <3

blogg 22 des 1

 

 

Det er 2 dagar att til jul.. og teller…

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nissens snille liste

posted on: 19. desember 2015

«Korleis kjem man på nissens snille liste?» Det har eg fått spørsmål om ein million gonger denne førjuls tida.

Eller «Er eg på nissens snille liste mamma?»- dog litt lettare å svare på.

Her svare eg jo automatisk:

«Ja, det er du», og må passe meg vel for å ikkje bruke det i mot dei neste gong et eller anna går på tverke og du har SÅ lyst til å poengtere at man ikkje lenger ER på nissens snille liste ved slik oppførsel..

(Eg innrømme det, eg har synda der.)

blogg 21 okt 2

For, korleis definere begrepet «å vere snill»?

Mine born har ein forbløffande  hukommelse, dei hugse det meste, både vesentlige og mindre vesentlige ting.

Og som alle andre menneskje på denne jord så er dei heller ikkje forskåna for å hugse på dei tinga som ikkje alltid har gått heilt slik verken eg eller dei ynskje at det skulle gå.

Episodar då vi ikkje har vore greie- som då per def kan gjere at ein ikkje kjem på «nissens snille liste».

Og om ein ikkje kjem dit? Kva skjer då?

Får ein ikkje pakkar?

Eller- får ein berre mjuke pakkar som kløande genserar eller sokkar med stripe på?

blogg 19 des 2

Kanskje gidd ikkje julenissen å leite etter huset vårt ein gong?? Sida vi ikkje er på lista liksom..

STRESS TIL TUSEN!

Og kor fant vi ut om «Nissens snille liste» trur de?

Jo i eit eller anna reklamemagasin! Eit «viktig» magasin der det står svart på kvitt at «nissens snille liste» finnast.

Eg har «nissen snille liste» laaangt oppi halsen skal eg berre fortelje dykk alle! blogg 19 des 4

(Føle meg akkurat slik som det her )

Og til tross for 19 dager med iheldig forsøk på å avskaffe den, så har eg gjett opp.

Så i staden for å ta den vekk så har eg prøvd å forklare gutane at å vere snill kan vere så mangt.

Og at det å vere snill ikkje betyr at ein ikkje kan bli sint eller frustrert, for det kan vi alle, men at det viktige er at vi blir vener igjen etterpå, og at vi finn ut kvifor vi vart sint, slik at vi kan prøve å ikkje bli så sint neste gong noko hender.

Vi har snakka om at mamma blir glad når dei hjelpe ho med ting, og ein då er snill med mamma, og at ein er snill når ein ikkje slåss med kvarandre.

Gutane sjølve har vore litt forvirra, sida snill ikkje berre var ein ting, men dei øyna jo eit håp om at det var større sjangs no på å komme seg på lista sida dei hadde vore meir snille enn sure i 2015!

Noko eg sjølvsagt bekrefta i STORE ord <3

På tampen av kvelden i forgårs før legge tid kom eine guten min og spurte igjen:

«Mamma, eg har vel vore så grei at eg kjem på nissens snille liste?»

Eg kvalte og svelgte 100 kamelar som egentlig ville lese ei lang lekse om den hersens lista, og svarte med fin og tålmodig stemme:

«Ja vennen min, du har vore veldig snill»

Guten sukka lykkeleg og svarte:

«Jah,mamma, eg føle det på meg eg og<3»

 

Også tusla seg i seng.

 

Lets keep that feeeling alive!!!

 

Det er 5 dager igjen til jul og teller…

blogg 19 des 1

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Ei annerleis jul-bidrag til Autisme i dag :)

posted on: 16. desember 2015

I dag vil eg dele teksen eg skreiv til Autisme i dag med de alle, sida eg har fått fleire spørsmål frå folk som ynskjer å lese den:)

Kanskje nokre av dykk allereie har lest den i bladet, (om de er medlemmer i AIN) men det tek eg sjangsen på:)

 

Det er 8 dager att til den store dagen, eg kjenner eg er begynt å bli litt sliten, det skal eg ærleg innrømme,men vi kjem nok i mål i år og!

 

<3<3  Ragne Beate

 

Ei annerleis jul.

 

Då eg fekk førespurnad frå kontoret om å skrive ein liten epistel om jul, så kjende eg at det vrei seg litt i meg.

For meg har jul vore vanskeleg.

Vanskeleg etter eg fekk born med autisme.

Det har seg nemleg sånn, at det før 2008 fantes det ikkje eit meir «julete» menneskje enn meg.

Eg var den som heilt fram til eg var vaksen og endå bodde heime, vakna klokka «o fy fasan»om morgonen, for å gå opp å sjå juletreet som mamma og pappa hadde pynta.

Heime hos meg då eg var liten, var tradisjonen at mamma og pappa pynta treet etter leggetid, og det var året høgdepunkt å springe opp om morgonen for å sjå det.

Så fekk eg min eigen heim å styre med, og eg ELSKA det!

Elska å bake, pynte,kjøpe gåver, kjenne på spenninga som sakte men sikkert bygde seg opp mot julaften.

Eg lo av alle andre som stressa, det her var jo berre gøy!

Så vart eg mamma sjølv, og som mamma så vil man jo gjerne videreføre dei tradisjonane som man er oppvokst med.

Det fekk ikkje eg lov til.

For eg fekk born som ikkje takla jul.

Som hata raude gardiner, som stressa med juletre, som sleit seg totalt ut på å ta inn alle andre sine forventingar og spenningar, og ikkje klare å bearbeide dei sjølve.

Jula som eg hadde gleda meg sånn til vart omgjort til eit kaos der livet gjekk ut på å strukturere, forbyggje og ikkje minst brannslukke alle eventuelle episodar.

Julepynten vart eit minimun, treet vart eit minimum, baksten vart eit minimun, og gleda sank nedover mot null.

Jul hadde blitt eit problem.

Og det verste problemet var at ingen skjønte det. Ingen skjønte kvifor vi ikkje gleda oss til jul, eg vart til og med anklaga for å vere negativ, og «det kan no umogleleg vere så gale»

JO! Det var faktisk så gale!

Men, at det var ein kombinasjon av mi eiga sorg over ei «tapt» jul, saman med bornas manglande forståing, som gjorde at alt vart så feil, det skal eg nok innrømme var tilfelle.

Heldigvis er livet enn sånn, at ein finn sine måtar å overleve på, finn sine eigne måtar å takle utfordringane på, og ein vert både klokare og sterkare for kvart år.

Så, etter kvart som åra gjekk så fant vi ut måtar å gjere den «umulige» jula leveleg.

At borna veit omtrent kva som er i julepakkane var og er eit «must».

Det er jo ingen vits med ei ynskjeliste viss ein ikkje får noko av det under juletreet, det skjønar jo til og med eg!

Fyring i ovn i desember må foregå i tidsrommet mellom 0820 og 1315 (skuletid) og ein skal helst ikkje bli avslørt verken før eller etter operasjonen.

Ein må ta hensyn til at julenissen skal ha klar passasje ned pipa på lisje julaften, og den må ikkje under nokon omstendigheit øydeleggast ved ei oppfyring.

Juletreet pyntar vi ilag, det ser ikkje ut når det er ferdig, men er eigentleg det vakraste treet eg nokon gong har sett- tenkjer eg vart år når gutane er ferdig med raidet sitt.

Vi fokusere på å halde oss rolige, og dempe forventingane, gjere dei levelege for gutane, og vi har ein tett kontakt med skulen slik at vi klarer å skjerme dei for ein del av inntrykka.

Også gjer eg 5-0 i kva alle andre meiner om korleis ein feire jul.

For det er uansett ingen som kan setje seg inn i korleis livet med autisme er, om ein ikkje har opplevd det sjølv, så eg gjere det på min måte.

Og min måte er god nok for oss!

Sakte men sikkert har jula snike seg innatt hos AS Larsen, forsiktig, men tilstades, og kjensla av å glede seg er tent igjen hos meg.

Som ein svak gnist..

Dog, den «julefreden som senkjer seg», den har eg endå til gode å møte;)

Eg vil ynskje de alle ei så god førjulstid som de kan ha, på eigne premissar, med minst mogeleg stress, mest mogeleg forståing, og aller mest glede.

 

 For hugs : «Di jul er god nok nett som den er <3»

 

blogg 16 des 6

 

 

«Hensyn-den vanskelege balansegongen»

posted on: 15. desember 2015

Ordet «Hensyn» trur eg har fulgt oss alle sida vi bare små born, på ein eller annan måte.

Ein av dei uskrevne normene i vårt samfunn er at vi skal ta hensyn til andre mennskje, og det skal kome heilt naturleg.

Ilag med respekt.

Dei går liksom litt hånd i hanske desse to begrepa-eller uskrevne reglane.

Å vise hensyn kan vere så mykje, det kan vere å ikkje skubbe andre i køen forran deg, eller røyse seg frå eit buss sete når nokon eldre kjem inn.

Det kan vel kanskje og definerast som respekt, men diverre, i dagens samfunn dett respekta for de eldre meir og meir vekk, det er ikkje slik som for 50 år sida nei-føle eg.

Blogg 23 feb

Men tilbake igjen til å ta hensyn.

Eg syns det er veldig vanskelige overveiningar i forhold til oss og vår situasjon, dette med å ta hensyn.

Ja, eg vil så gjerne at mine born skal få ta del i det som alle andre gjere- innan deira presmiss og grense sjølvsagt.

Eg ynskjer at dei skal få bli så inkludert i samfunnet som overhode mogeleg, og meistre sånn som andre

Samtidig som eg og ser at vi som familie i mange samanhengar må ha hensyn.

Hensyn til oss sjølve, til stressnivå og funksjon- men og til samfunnet.

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sitte med klumpen i magen og tenkt:

«Er det vi som skal øydeleggje denne gongen og?»

Med hyl, skrik, rar oppførsel.

For eg har hørt det.

Kommentarane, og sett blikka.

«No igjen»- himling med augene»- min næraste familie har opplevd det og.

blogg 24 feb

Kven skal ta hensynet?

Er det familien eller samfunnet?

Eg skal ikkje vere verre på det enn at eg seie det slik som eg tenkjer det.

Realistisk tankegong.

Ser ein at skuleforestillinga blir for heftig, og vurdere det dit hen at det her ikkje kjem til å gå.

Ja, då blir vi heime.

Av hensyn til mine eine, til meg sjølv og til alle dei andre.

Men- viss eg ser at det her kan gå!

Det kan faktisk gå kjempe bra- som juleverkstaden som vi klarte å gjennomføre før i desember, då prøve eg.

Ilag med håpet om at andre kan sjå litt ned mellom fingrane, over litt rar oppførsel, unngå å himle for mykje med augene, når lydnivået blir litt høgt, og ta det hensynet som trengs.

Vit at vi prøve som bare søren for å ta hensyn til dykk, og prøve for alt i verda og ikkje øydelegge den opplevinga de kom for!

Men vi hadde eit håp om å nå eit mål i dag vi og – skjønar de det?

blogg 15 desember 1

For ein treng ikkje alltid den inngåande forståinga for å ta hensyn- av og til treng man berre litt sunt bondevet og respekt.

Førjuls tida er for alle, og vi snakke oss nord og ned om hensyn..

 

Lyttar vi godt nok til eigne ord??

blogg 8 april 4

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

Den spesielle 13 desember :)

posted on: 13. desember 2015

Den 13 desember var for meg ein heilt vanleg dag, heilt fram til i fjor.

Santa Lucia dagen ja, men eg skal no innrømme at akkurat den dagen har no eg eit ganske så avslappa forhold til.

For det fyrste så er eg ikkje svensk, eller det vil seie, eg har no litt svenskt blod i meg, då oldefar var svensk, men sida pappa er møring og mamma nordfjording så rekna eg med at dei svenske genane er sånn passe utvatna 😉

For det andre så har eg ikkje døtre, eg har 2 kjekke bonus søner, og 3 kjekke søner som er «homemade»- men ingen jenter.

Det er liksom ikkje det same å smelle på gutane skjorter bak fram, med glitter i håret, talglys og synge «Santa  Lucia» , dei er heller ikkje helt motiverte for det.

blogg 28 juli 1

Men mormor og Laurits hadde laga «Luciagris» i dag, gluten og melkefrie.

Deiga vart så laus at når dei skulle bake den ut, så vart det berre kliss, så kreativ som mormor er så fekk Laurits bruke julekake former til å lage Lucia bollar, og då vart det «Lucia gris» <3

blogg 13 desember 2

Siste avlastningshelga i 2015 har med andre ord gått fint fint for gutane ,og vi avslutta med kino ilag.

Vi såg « Snoopy og Charlie Brown filmen-Knøttene».

No skal eg ikkje avsløre handlinga i filmen, då nokre av de kanskje vil sjå den, men eg kan seie at det er ganske sært å gå på kino med sine søner, og midt i handlinga får fakta opplysningar om fly som flaug under fyrste verdenskrig- med årstall og nummer på andre allierte fly, tatt ut i frå handlinga i ein Snoopy film;)

Ta gjerne med avkom å sjå den! Vi troppa opp med hørselverna på, og det gjekk kjempeflott!

blogg 16 des 3

Stolt av gutane mine!

Men- tilbake til den spesielle dagen ,den 13 desember.

Uten den 13 desember i fjor, så hadde eg aldri hatt en blogg, for i dag er det 1 år sida eg fekk den i gåve.

Et år sida eg tok Exphil eksamen på NTNU, og hold på å daude av frustrasjon!

Og just for the record- eg fekk C, eg leve på den endå!

 

Eg skal ikkje ramse opp alle navna til dei eg fekk den med, for eg har ikkje hatt tid til å spørje om lov, men ein ting skal de vite, eg er framleis rørt over tiltrua.

At de trudde at eg ville få det til!

TUSEN TAKK!!

blogg 8 nov 2

Bloggen i segsjølv er ikkje 1 år før i februar, eg måtte gå nokre runde med megsjølv om korleis eg skulle gjere det her, korleis eg ville ha det, kva eg ville formidle, mitt annerleis liv.

Eg har lært så masse, kanskje aller mest om megsjølv.

I tillegg har eg og måtta reflektere heilt annerleis rundt oss som familie, det vert slik når ein plutseleg får tankar i eit hovud, ned på eit papir.

Eg ser framskritt hos borna mine, via mi skriving, som eg ikkje har tenkt over før.

Eg ser ei sorg eg bere på som eg ikkje visste var slik, men som kjem til syne på dagar der ting ikkje er ok.

Samstundes oppleve eg at felleskapet rundt autisme veks, eg står framleis for at ingen skal trenge å vere aleine <3

Også kjenne eg på ei ENORM stolthet for gutane mine og andre born med autisme som daglig kjempar kampar vi ikkje skjønar!

Men kanskje er vi komen litt på veg? Bitte litt??

 

TUSEN TAKK FOR GÅVA MI <3<3

 

Den har lært meg meir enn ord kan beskrive, og den gir meg driv til å forsette å skrive <3

blogg 6 august 1

 

 

«Til månen og tilbake- aldri kjem eg til å gje opp!»

 

<3<3 Ragne Beate