Den spesielle 13 desember :)

13. desember 2015

Den 13 desember var for meg ein heilt vanleg dag, heilt fram til i fjor.

Santa Lucia dagen ja, men eg skal no innrømme at akkurat den dagen har no eg eit ganske så avslappa forhold til.

For det fyrste så er eg ikkje svensk, eller det vil seie, eg har no litt svenskt blod i meg, då oldefar var svensk, men sida pappa er møring og mamma nordfjording så rekna eg med at dei svenske genane er sånn passe utvatna 😉

For det andre så har eg ikkje døtre, eg har 2 kjekke bonus søner, og 3 kjekke søner som er «homemade»- men ingen jenter.

Det er liksom ikkje det same å smelle på gutane skjorter bak fram, med glitter i håret, talglys og synge «Santa  Lucia» , dei er heller ikkje helt motiverte for det.

blogg 28 juli 1

Men mormor og Laurits hadde laga «Luciagris» i dag, gluten og melkefrie.

Deiga vart så laus at når dei skulle bake den ut, så vart det berre kliss, så kreativ som mormor er så fekk Laurits bruke julekake former til å lage Lucia bollar, og då vart det «Lucia gris» <3

blogg 13 desember 2

Siste avlastningshelga i 2015 har med andre ord gått fint fint for gutane ,og vi avslutta med kino ilag.

Vi såg « Snoopy og Charlie Brown filmen-Knøttene».

No skal eg ikkje avsløre handlinga i filmen, då nokre av de kanskje vil sjå den, men eg kan seie at det er ganske sært å gå på kino med sine søner, og midt i handlinga får fakta opplysningar om fly som flaug under fyrste verdenskrig- med årstall og nummer på andre allierte fly, tatt ut i frå handlinga i ein Snoopy film;)

Ta gjerne med avkom å sjå den! Vi troppa opp med hørselverna på, og det gjekk kjempeflott!

blogg 16 des 3

Stolt av gutane mine!

Men- tilbake til den spesielle dagen ,den 13 desember.

Uten den 13 desember i fjor, så hadde eg aldri hatt en blogg, for i dag er det 1 år sida eg fekk den i gåve.

Et år sida eg tok Exphil eksamen på NTNU, og hold på å daude av frustrasjon!

Og just for the record- eg fekk C, eg leve på den endå!

 

Eg skal ikkje ramse opp alle navna til dei eg fekk den med, for eg har ikkje hatt tid til å spørje om lov, men ein ting skal de vite, eg er framleis rørt over tiltrua.

At de trudde at eg ville få det til!

TUSEN TAKK!!

blogg 8 nov 2

Bloggen i segsjølv er ikkje 1 år før i februar, eg måtte gå nokre runde med megsjølv om korleis eg skulle gjere det her, korleis eg ville ha det, kva eg ville formidle, mitt annerleis liv.

Eg har lært så masse, kanskje aller mest om megsjølv.

I tillegg har eg og måtta reflektere heilt annerleis rundt oss som familie, det vert slik når ein plutseleg får tankar i eit hovud, ned på eit papir.

Eg ser framskritt hos borna mine, via mi skriving, som eg ikkje har tenkt over før.

Eg ser ei sorg eg bere på som eg ikkje visste var slik, men som kjem til syne på dagar der ting ikkje er ok.

Samstundes oppleve eg at felleskapet rundt autisme veks, eg står framleis for at ingen skal trenge å vere aleine <3

Også kjenne eg på ei ENORM stolthet for gutane mine og andre born med autisme som daglig kjempar kampar vi ikkje skjønar!

Men kanskje er vi komen litt på veg? Bitte litt??

 

TUSEN TAKK FOR GÅVA MI <3<3

 

Den har lært meg meir enn ord kan beskrive, og den gir meg driv til å forsette å skrive <3

blogg 6 august 1

 

 

«Til månen og tilbake- aldri kjem eg til å gje opp!»

 

<3<3 Ragne Beate