Ei annerleis jul-bidrag til Autisme i dag :)

16. desember 2015

I dag vil eg dele teksen eg skreiv til Autisme i dag med de alle, sida eg har fått fleire spørsmål frå folk som ynskjer å lese den:)

Kanskje nokre av dykk allereie har lest den i bladet, (om de er medlemmer i AIN) men det tek eg sjangsen på:)

 

Det er 8 dager att til den store dagen, eg kjenner eg er begynt å bli litt sliten, det skal eg ærleg innrømme,men vi kjem nok i mål i år og!

 

<3<3  Ragne Beate

 

Ei annerleis jul.

 

Då eg fekk førespurnad frå kontoret om å skrive ein liten epistel om jul, så kjende eg at det vrei seg litt i meg.

For meg har jul vore vanskeleg.

Vanskeleg etter eg fekk born med autisme.

Det har seg nemleg sånn, at det før 2008 fantes det ikkje eit meir «julete» menneskje enn meg.

Eg var den som heilt fram til eg var vaksen og endå bodde heime, vakna klokka «o fy fasan»om morgonen, for å gå opp å sjå juletreet som mamma og pappa hadde pynta.

Heime hos meg då eg var liten, var tradisjonen at mamma og pappa pynta treet etter leggetid, og det var året høgdepunkt å springe opp om morgonen for å sjå det.

Så fekk eg min eigen heim å styre med, og eg ELSKA det!

Elska å bake, pynte,kjøpe gåver, kjenne på spenninga som sakte men sikkert bygde seg opp mot julaften.

Eg lo av alle andre som stressa, det her var jo berre gøy!

Så vart eg mamma sjølv, og som mamma så vil man jo gjerne videreføre dei tradisjonane som man er oppvokst med.

Det fekk ikkje eg lov til.

For eg fekk born som ikkje takla jul.

Som hata raude gardiner, som stressa med juletre, som sleit seg totalt ut på å ta inn alle andre sine forventingar og spenningar, og ikkje klare å bearbeide dei sjølve.

Jula som eg hadde gleda meg sånn til vart omgjort til eit kaos der livet gjekk ut på å strukturere, forbyggje og ikkje minst brannslukke alle eventuelle episodar.

Julepynten vart eit minimun, treet vart eit minimum, baksten vart eit minimun, og gleda sank nedover mot null.

Jul hadde blitt eit problem.

Og det verste problemet var at ingen skjønte det. Ingen skjønte kvifor vi ikkje gleda oss til jul, eg vart til og med anklaga for å vere negativ, og «det kan no umogleleg vere så gale»

JO! Det var faktisk så gale!

Men, at det var ein kombinasjon av mi eiga sorg over ei «tapt» jul, saman med bornas manglande forståing, som gjorde at alt vart så feil, det skal eg nok innrømme var tilfelle.

Heldigvis er livet enn sånn, at ein finn sine måtar å overleve på, finn sine eigne måtar å takle utfordringane på, og ein vert både klokare og sterkare for kvart år.

Så, etter kvart som åra gjekk så fant vi ut måtar å gjere den «umulige» jula leveleg.

At borna veit omtrent kva som er i julepakkane var og er eit «must».

Det er jo ingen vits med ei ynskjeliste viss ein ikkje får noko av det under juletreet, det skjønar jo til og med eg!

Fyring i ovn i desember må foregå i tidsrommet mellom 0820 og 1315 (skuletid) og ein skal helst ikkje bli avslørt verken før eller etter operasjonen.

Ein må ta hensyn til at julenissen skal ha klar passasje ned pipa på lisje julaften, og den må ikkje under nokon omstendigheit øydeleggast ved ei oppfyring.

Juletreet pyntar vi ilag, det ser ikkje ut når det er ferdig, men er eigentleg det vakraste treet eg nokon gong har sett- tenkjer eg vart år når gutane er ferdig med raidet sitt.

Vi fokusere på å halde oss rolige, og dempe forventingane, gjere dei levelege for gutane, og vi har ein tett kontakt med skulen slik at vi klarer å skjerme dei for ein del av inntrykka.

Også gjer eg 5-0 i kva alle andre meiner om korleis ein feire jul.

For det er uansett ingen som kan setje seg inn i korleis livet med autisme er, om ein ikkje har opplevd det sjølv, så eg gjere det på min måte.

Og min måte er god nok for oss!

Sakte men sikkert har jula snike seg innatt hos AS Larsen, forsiktig, men tilstades, og kjensla av å glede seg er tent igjen hos meg.

Som ein svak gnist..

Dog, den «julefreden som senkjer seg», den har eg endå til gode å møte;)

Eg vil ynskje de alle ei så god førjulstid som de kan ha, på eigne premissar, med minst mogeleg stress, mest mogeleg forståing, og aller mest glede.

 

 For hugs : «Di jul er god nok nett som den er <3»

 

blogg 16 des 6