Ei julaften eg vil hugse <3

25. desember 2015

«Kva skal vi gjere på no mamma??» spør to gutar på årets «kjedeligste dag»

Dei er nemleg ferdig med jul.

Den gjekk over klokka 1635 i går ettermiddag.

No er det berre kjedeleg, alt saman er kjedeleg, og der er 364 dagar igjen til neste jul.

blogg 25 des 3

Akkurat desse 364 dagane dei fokusere vi ikkje så mykje på, vi tar heller meir tak i ordet «kjedeleg»- det kan vi gjere noko med!

Brettspel, lese bøker i lag, og stormotivering oppimot filmen «Polar ekspressen» som kjem klokka 1650 på TV2 i dag.

Eg ber til høgare makter om at den i år og kjem med norsk tale, då snakkar vi håp om suksess!

Men tilbake til den store dagen.

Vi hadde i går ein gjest til med oss, som ikkje bor her til vanleg,(Iallefall ikkje heile tida) men som frå vi vakna om morgonen var hjerteleg til stades, han heiter « MR.Spenning».

Noko seier meg at det var mange heimar som hadde «MR. Spenning» på besøk i sine heimar i går.

Men den store forskjellen for oss frå året før og til i år, var at «MR.Spenning» ikkje tok over.

Vi balanserte heilt på kanten heile tida, men det gjekk ikkje over i fortviling og gråt i år, nei, vi gjekk liksom langs med heile tida.

Vi var til og med på julebesøk med mormor og morfar på formiddagen, då mormor har bursdag og på julaften.

Her i huset er det liksom mormor og Jesus julaften- side by side 😉

Og på veg heim passerte vi Måløybrua, som var stengt, og det blåste 34 sekundmeter. ( Brua stenger på 32 sekundmeter)

blogg 25 des 4

Var ei heftig jul vermessig her på Vestlandet, men som vi seie her ute med oss:

«Steikje bra veir ute te å vere inne i!»

Avtalen var at middagen skulle etast klokka 1600.

Og at vi kunne pakke opp pakkar etter middag, og ta desserten ei stund etter det.

Trur de nokon grein då middagen var ferdig 1530?

Haha! Trur det må vere einaste gongen eit kjærkomment avvik frå planen har oppstått!

Middagen vart slukt på ein flekk- eg tok meg i å ynskje at vi kunne hatt det slik dei 364 andre dagane i året, når middag er meir krise enn glede..

Men men- jul er jo jul.

Eg og mannjen prøvde jo å nyte eit «lengre» måltid, men vi måtte flirande gje oss på det.

No hadde vi strekt strikken lenge nok!

Gaver vart delt i 3 haugar, og klar-ferdig-gå!

blogg 25 des 2

POFF!

Gledeshyl! Like store over lego som sokkar:)

Taknemmlege gutar som stolt, om kvarandre, viste oss kva dei hadde fått.

Den største hiten var ei bok dei fekk i lag, nemleg denne:

blogg 25 des 1

Kun to pakkar med lego (mamma vart svært lukkeleg over det)- vi takla det helt fint!

Verken hamster eller marsvin, som sto høgt oppe på lista, låg under treet,- vi takla det helt fint det og vi 🙂

Og mens kyrkjeklokka ringte jula inn i Måløy, så kom det eit lettelses sukk frå ein liten gut, som ser opp på mammaen sin og seier:

« Riktig god jul mamma, dette har vert den beste julen i hele verden»

Samtidig forsvant «MR. Spenning» stille ut vindauget, og tilbake satt familien Larsen, som hadde fått den beste julaften dei nokon gong kunne drømt om å få:)

No skal vi berre ha det «kjedeleg» nokre dagar,fram til «MR Spenning» igjen bankar på døra ,nokre dagar før nyttårsaften.

 

Då skal vi vere klar!

blogg 25 des 5

 

GOD JUL 🙂

 

 

<3<3 Ragne Beate