«Heisann du med fyrverkeriet før 31 desember, veit du at eg vert frykteleg redd?»

26. desember 2015

«Heisann du med fyrverkeriet, hadde du igjen noko frå i fjor kanskje? Eller glede du deg hinsides til å kjøpe fyrverkeri på mandag.

Til nyttårsaften, nytt år, feire 2016 med eit smell!

Også klør du litt ekstra i fingrane desse dagane før  den 31 desember.

Det gjere vel ikkje noko om du fyre laus ein pinne? Kanskje ein hylar? Skal spare resten, planen er klar, men ein kan vel ikkje skade? Berre ein?

Ja, det er ulovleg, men ingen finn det vel ut, her er mange hus, og vinden står rett..

Så du bestemme deg, du med fyrverkeriet, om å fyre laust, nokre dagar før nyttårsaften.»

blogg 26 des 1

No skulle eg vel egenlig ha brukt resten av blogg innlegget mitt til å fortelje deg om kva slags ufin, ufølsom drittsekk du er ,som berre tenkjer på deg sjølv, og at eg gjerne skulle ha karnøfla deg dobbelt om eg fekk tak i deg, då det IKKJE var DU som måtte sitte oppe resten av natta med eit hysterisk born ,på grunn av DI rakettskyting.

Men eg skal ikkje gjere det.. eg skal heller prøve å forklare deg kvifor eg ber deg på mine kne, om at du lat vere å fyre laust før den 31 desember.

Du skjønar- eg har gutar som blir redde.

Livredde!

blogg 19 mai 2

Dei er i utgangspunktet redde for lydar dei ikkje har kontroll på.

Eg skal kome med eit døme, kanskje du syntes det er kjempeteit, men eg bruke det alikevel.

Når eg set på ein film her heime, så sit eine guten vår heilt fremst på stolen, med augene vidåpne og held seg for øyrene, klar til å springe.

Han er redd for at lyden som kjem ut av filmen vi set på er på engelsk- ikkje på norsk.

Den engelske lyden på filmen gjere han utrygg- det er lydar han ikkje er vande med.

Så då spring han å gjøymer seg, han er redd.

Han taklar lydar får Ipaden sin, viss han får styre dei sjølve, men han slit med broren sin Ipad sin lyd, den kan også skremme han veldig.

Veit du- kjære fyrverkeri entusiast, til og med skuleklokka er ein av dei livredd for, og den frykten er ikkje god å leve med, ikkje for guten, men heller ikkje for mamma, som synest det er knalltøft å sjå bornet sitt så redd!

På skulen der guten vår går bruke dei veldig mykje tid på å skjerme og forbereie slik at guten skal vere trygg på skulen.

blogg 23 okt 2

 

Så, kva trur du skjer  i ein liten kropp, når det plutseleg hylar avgarde ein rakett på nattehimmelen, som han ikkje visste kom?

Som han ikkje har fått mogeleghet til å skjerme seg for, verken med brille eller hørslevern.

Og kanskje er mamma og i eit anna rom, og ikkje der for å trøste og forklare?

Det er verkeleg ikkje nok kjekt å oppleve, det skal eg berre love deg!

Har du sett ein redd hund nokon gong? Vel-vi er minst like redde!MINST like redde!!

Så kjære du som elskar fyrverkeri, og som kjem til å tømme lommeboka di mandag, eg unne deg det!

Eg unne deg gleda av å fyre laust!

Men eg ber deg på mine kne om å vente til den 31 desember, får då er også vi klar!

Då kan vi også feire nyttårsaften med alt av «sikkerhetsutstyr» lett tilgjengeleg, og mamma og pappa er klare til dyst.. <3

 

Eg håpe du skjønar, eg vil ikkje vere partybrems- eg vil berre borna mine det beste <3

Blogg 28 april 1

 

God handel!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • kenneth silden

    Du er fantastisk, Ragne?

    • ragne

      Tusen takk 🙂 :-)God jul Kenneth,eg skal ha meg en tur te sørlandet te våren,så kanskje eg finn deg då 🙂

  • Ingrid

    Hei Ragne. Lenge sidan eg har vore inn på her no, men må få fortelle kor mykje innlegga dine rører meg. Sjølv om familien lever med å ta spesielle hensyn kvar dag, dukkar det vel alltid opp situasjoner som er vanskelege slik som du skriv om. Lurer litt på korleis gutane sitt forhold til dyr er då vi har sauer i nærheten av husa som dei kan få helse på. Dei må gjerne komme og så kan eg fikse brød til å mate med. God juletid vidare- no skal eg rope på sauene for å gje ei heil bøtte med godsaker. ? ? ?