Godt nyttår- ein ynskjeblogg :)

31. desember 2015

Teknisk sett er vi bikka siste dagen i året, det er midt på natta, vinden blese, og alle søve i huset anna enn eg.

Det gir meg tid til å skrive mitt aller siste blogg innlegg i 2015, oppsummere litt, og ikkje minst gje de alle mine ynskjer for eit heilt nytt år.

blogg 19 des 4

Året 2015 har vore i overkant heftig for oss på mange måter, nye diagnoser er komen på banen, vore mykje reising, mykje oppfyljing, rett og slett eit travelt år.

Men, det har gjett oss nye rekkjevidde, gjett oss andre perspektiv, og det har og gjett oss born som har det betre, fordi dei no har fått anna hjelp i sin kvardag, ved blant anna å få ADHD medisin.

Eg angrar ikkje på at vi turte å prøve, eg angrar ikkje på at eg ha stått på mitt heile vegen, på at det har vore «meir» enn berre autisme.

Tiltross for at ikkje alle har vore einige med meg i det.

Eg står, og det kjem eg og til å stå for i 2016 og, at eg kjenner mine best.

blogg 24 feb

Når det er sagt, så skal eg ikkje gå inn i 2016 med den innstillinga at eg kan alt, for det stemme ikkje.

Men eg skal stole på min eigen mage ja, den har hjelpt meg mykje.

For min eigen familie så håpar eg på meir ro i 2016.

Ro slik at vi får tid til å utvikle eigenskapane og styrkene til alle borna våre, ikkje berre dei eigenskapane som går på skule og fag, men og dei styrkene som dei vise oss gjennom teikning og ikkje minst fakta interessa.

Her skal eg bli flinkare, flinkare til å sjå desse styrkene som noko eg kan bruke konstruktivt, og ikkje minst for å fremme sjølvtillit.

Sjølvtillit er eit ord eg vil prøve å bestrebe i 2016- også når det gjeld megsjølv.

Det er vanskeleg å klare å sjå segsjølv oppi alt, når det heile tida storme, men eg skal prøve å finne meir tid til meg.

Og, kanskje er 2016 året eg klarar å ta steget inn i arbeidslivet igjen?

Eg har eit håp, eg vil halde det håpet inn i 2016.

Eg bør vel og skrive at eg skal ha eit mindre nært forhold til sjokolade, men eg er stygt redd det kjem til å skrote- dog, greit med alt som er skrive, ikkje sant?;)

ferie

Til de alle som les min blogg vil eg gje dykk fyljande ynskje frå meg inn i eit nytt år:

Eg håpar fagfolka rundt omkring i Noregs land for mogeleghet til å tileigne seg kunnskap.

At kommunal økonomi ikkje stoppar dykk frå å få kurs, tid til sjøl læring, og at de får nok resussursar til å klare den skule og barnehage kvardagen eg veit de ynskjer å ha- men diverre ikkje får, fordi de vert stoppa i forsøket.

Eit høgt mål eg veit det, eit høgt ynskje, men eg vil alikevel ynskje det!

Same til BUP, PPT, Barnehab.. eg ynskje de tid- tid til å møte mamma og pappa som kjem med bekymringa si- med bornet som dett ned mellom to stolar.

Bornet som etter utreiinga får ei diagnose- ha tid til dei!

Ikkje ei klapp på ei skulder og rett ut, men tid til å forbereie foreldra godt nok til den nye kvardagen.

For uansett, ein kan godt seie at borna er dei same, men kvardagen er ny- når det «rare» «vanskelege» og «slitsomme» har fått eit navn.

Ferie 2

Eg ynskjer at de får tid nok i 2016 til å ruste oss foreldre- den tida veit eg er gull verd på vegen foreldra skal ut på , og kan forebyggje mykje skade og frustrasjon.

Så, til alle mine «medsamanvorne» der ute, som leve liv som meg, nokre mykje verre, andre kanskje mindre, men ilag, som foreldre , leve «annerleis verda» kvar einaste dag.

Eg ynskje at det nye året 2016 gir de alle masse masse gode opplevingar.

Gode opplevingar med hjelpeapparat og skule, men og i heimen.

At dei små tinga som vi set så stor pris på, skal bli store!

Eg ynskjer de alle masse styrkje, håp og ikkje minst glede, og at dei utfordingane vi alle veit kjem, skal bli overkommelege og mogeleg å leve igjennom.

blogg 25 juni 1

Og, ei fanesak eg aldri legg ned:

«Ingen skal trenge å vere aleine!»

Til de som er drevne foreldre, prøv å fang opp dei som kjem nye inn, få dei med i foreldre grupper, link dei til Facebook grupper som de veit finnast på nett, og vern om dei.

For ein ting er i alle fall heilt sikkert, å vere aleine er det verste som kan skje, vi har det alle best når like born leikar <3

blogg div 10

«På Randen med Ragne»- sin Ragne Beate har skrive sitt siste innlegg i 2015, og poste det no midt på natta, då dagen i morgon er ein dag som trengs to hender, eit klart hovud og mykje tålmod.

 

Eg ynskjer de alle EIT RIKTIG GODT NYTTÅR!blogg 26 des 1

Og er klar for nye skriblerier i 2016 🙂

 

2016- let it be the year ,when the magic happends <3

blogg 23 okt 4

 

<3<3 Ragne Beate