Entries from desember 11th, 2015



Samspill-blant brødre<3

posted on: 11. desember 2015

I dag har eg lyst til å dele ei historie med de alle, som gjorde meg veldig rørt som mamma, men det fekk meg og til tenke litt på samfunnet vårt som det no er blitt.

At allerleis er blitt så skremmande!

Eg har skrive teksten i diktform, ei salig blanding av nynorsk, bokmål og dialekt, men eg trur alikevel at bodskapen kjem fram 🙂

 

Kanskje vi kan lære litt av søsken?

 

«Eg har alltid så mykje dårlig samvit

For deg som ei autisme har

Ser vi deg nok i kvardag

Eller misse du gode nok svar?

 

Ser vi deg nok når det stormer?

Er vi der for deg når du treng?

Eller dett du mellom to stolar for mange gonger..

Mammahjertet kvelast tidvis for deg..

 

Så kjem det plutseleg stunder

Der de to funkar ilag

Latteren rungar i huset

Spelet det fengar i dag!

 

I lag har de samspel og glede

Saman finn dei ting som er likt

Gjennom spelet finne de ro til å dele

Noko de i lag kan bygge på sikt.

 

Ein relasjon blir bygd gjennom spelet

Den er unik, og vanskeleg å forstå

For mamma som sitt nede på stua

Utan kunnskap til å kunne hjelpe på

 

Eg veit ikkje kven som kjempar mest

Om det er broren utan eller han med

Kjempar mot det som skiljer dei frå

Forskjellen som alltid vil vere ved..

 

Men det eg høyrer som mamma i stua

Er gleda de har i lag

Den stunda de funkar saman

Før det smell høgt opp i tak!

 

Herlighet kor glad eg er for stunda!

Eg prisgir den for alt det er verdt!

Eg leve i nuet og jublar

Dagen i dag den gjekk bra, har du sett??!!?

 

Eg spør broren som tusle ned frå loftet

Når den andre skal gå til ro

«Er du sliten av å vere med broren?»

Han svarer: «ja,litt, men vi kosa oss vi to»

 

Eg veit ikkje kven som var mest sliten

Om det var broren med autisme eller ei

Men ein ting veit eg sikkert

At relasjonen kom seg langt på vei <3

 

Som mamma sitt eg stolt tilbake

Eg er stolt av begge to!

Stolt av de samspel dei klarte

Når forskjellen er så stor!

 

Søsken er dei vi må verne

Men søren la oss og sjå ressurs!

La dei få bruke sine magiske evner

Eg har iallfall blitt helt satt ut!

 

«Dei er mine brødre» seier Jakob

Eg ser stolt av dei som dei er..

Litt rare litt sære og tverre

Men det er berre sånn det er!

 

Eg er stolt av storebroren

Eg trur verda kan lære av han

Annerleishet er ikkje enda på verda

Han vise oss alle at vi  kan <3″

 

«Han er ikkje tung- han er broren min <3″

 

 Jakob og Georg 2

 <3<3 Ragne Beate

Eg er ikkje sint, bare veldig veldig dritlei!

posted on: 9. desember 2015

Atter ein gong lyser det i mot meg i media:

«Kostholdet folkens, 80 % kan bli helt symptomfrie fra ADHD om dei berre et rett»

Til og med utan god dokumentasjon.

Artikkelen eg snakkar om kjem her:

http://www.adressa.no/nyheter/innenriks/article11573080.ece

For øvrig- heia ADHD Norge- god belyst!!

blogg 10 september 1

Eg kjenne det kokar over i topplokket mitt i dag.

Kanskje har det med å gjere ei tøff periode med masse reising, oppfyljing av BUP og utprøving av medisinar, slik at mine born skulle få rett dose.

Kanskje har det med at det har vore mang ei berg og dalbane på denne vegen før vi kom ut rett.

Kanskje kan det ha med å gjere at eg måtte ta innover med at vi fekk ei diagnose til å forholde oss til, og sjøl om eg er glad at utfordringa vart avdekka og tatt på alvor av hjelpeapparat rundt, så er det tøft!

Det er søren meg ikkje nokon dans på roser det her altså!

blogg 28 august 1

Vår ADHD kjem jo og med tilleggsvanskane autisme og persepsjonsvanske.

Eller kva kom eigentleg fyrst?

Var det autismen eller ADHD? Og når kom persepsjonsvansken? Var dei 2 år eller var det 4 år?

Eller, kom dei kanskje ilag??

Eg veit nemlig at mine søners utfording er MEDFØDT!- tenk på det!

Matintoleransen kom då eg slutta å amme- 6 mnd, det veit eg.

Måtte slutte då forresten, var sikkert feil det og, men eg såg ut som ei sild, avmagra og grå, så eg fekk oppmoding om at eg måtte slutte.

Borna skulle ha ei mamma , ikkje eit vandrande utslitt beinrangel.

blogg 26 nov 2

Så dei fekk mat, vanleg mat

Grove skiver, graut laga på morsmelk som eg hadde pumpa og fryse ned, sida då eg amma ,produserte så mykje melk at Tine kua hadde vore misunnleg.

Sanasol fekk dei og, og D-vitamin dropar.

Nei, eg gav dei ikkje tran-eg prøvde, men eg fekk det spytta attende rett i fleisen merkeleg nok.

Kan jo og legge til at dei sleit med tekstur på mat, og former, smakar, og har dårleg munnmotorikk.. så maten vart litt einsformig, dog – mora er kokk, så kreativiteten lenge levde i denne tida for å få i dei mat.

Ja, vi måtte leike den i dei.

Skal spare dykk for bleie skildingane på denne tida, det blir for grisete, men det var nokre heftige år.

Heilt til eg, aleine, utan noko form for hjelp eller veiledning tok vekk melk og gluten.

Då fekk vi det bedre- i magen.

Verken ADHD eller ASD putla seg vekk, bleiene vart vi kvitt då!

Det var ein seier det!

blogg 27 september

Eg vil tørre å påstå at eg har over middels kjennskap til kosthold, har til og med fagbrev som institusjonskokk.

Lagar god næringsrik mat til alle mine born, der eg tar hensyn til deira allergiar, og særegenheiter i henhold til ei mat vanske.

Ei vanske som autismen gir dei.

Eg gjere verkeleg så godt eg kan!

Også- kjem det susande at det ikkje er godt nok det heller!

Gutane mine skulle vore friske- symptomfrie- ute i den store verda og leika på enga ilag med alle dei andre!!

Om eg berre hadde gjett dei rett mat…

Eg spyr!

blogg 1 september 3

 

Kvifor skal det vere så galt å gje born ein tablett dei treng? Ein tablett som gjere deira liv så mykje lettare å handtere-for dei.

Som hjelpe dei med konsentrasjonen slik at dei kan lære, bruke sine fantastiske evner som dei har!

Skal eg nekte dei det?

Nektar man eit born med diabetes insulin?

Eg skal ,klok av skade, ikkje seie at ingen har godt av kostholds omlegging. Eg veit der finnast solskinnshistoriar der og.

Og har du møtt eit barn med ADHD  så har du møtt eit barn med ADHD.

Men 80%? NEVER!

Eg vil ikkje ha meir dårlig samvit, det har eg meir av nok av frå før.

Eg vil ha aksept for at eg prøve å gjere det beste for mine born!!

 

«Ikkje sint-berre veldig veldig dritlei!!!»

blogg 29 april 3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

Tap og vinn, med samme sinn- eller?

posted on: 8. desember 2015

Førjuls tida er til for familien, det er den tida vi skal kose oss og vente på det store som skal skje den 24 desember.

Og i den tida kan det vere kjekt og spele eit eller anna brettspel, ikkje sant?

blogg 8 des 1

Alle oppmodar jo oss om å leggje nettbretta i dvale, helst hive mobil telefonen så langt inni skapet med sengkle som overhode mogeleg, og ta tilbake livet.

Finne fram dei gamle spela, minner frå tida då straumen gjekk berre det blåste stiv kuling,og fast telefonen hadde teljeverk.

(Ja-vi hadde faktisk det heime hjå oss,teljeverk altså, då pappa jobba i televerket, så det var ikkje store rom for dei lange utsvevande samtalane der i gården nei;) )

Brettspel kan dog komme med ei og anna utfordring,når det kjem til definisjonen:

«Å kose seg med brett spill»

«Første problemstilling er at borna ikkje takle å tape, og vil gjere alt i si makt for at dette ikkje skal skje.

Heller gje opp og sende ludo brettet i rett linje gjennom rommet, mens brikkene haglar rundt oss, eller å gå på eit forsmedeleg tap.

Andre problem stilling er å sikre innlæring av rette reglar, på alle arenaer

Og tredje problemstilling er den vaksne-les meg- si innebygde evne til å takle særdeles dårleg at bornet mitt igjen skal gå på endå eit nederlag.»

«Dei har jo autisme må vite, dei slit jo sånn ellers, at HEIME skal dei i alle fall få lov til å vinne!»

Så kva gjere idioten-ja ,meg!

blogg 29 mai 4

Jo eg lagde mine eigne reglar til borna då vi skulle spele brett spel heime, der vi leikar oss igjennom spelet med liv og lyst, smilar og ler, og til slutt så endar jo det heile i ein lykkerus av ei anna verd, guten vinn!

Og eg sit meg ei god kjensle i magen over at eg har gitt bornet mitt ei god oppleving!

blogg 24 sept 2

Hurra- eller????

Du kan trygt seie at eg gjorde berre det ein gong.

For saken var den at då pappa kom heim frå sjøen, og skulle spele same brettspelet ilag med guten, med rette reglar,vel å merkje , så gjekk det her totalt dundas.

Guten fekk raseri utbrudd, pappa sat der som eit spørsmålsteikn og ante ikkje kvifor guten var så rasande, då reglane på spelet hadde vore slik sidan tidenes morgen- det hagla brikker, og vi brukte lang tid for å rette opp fadesen.

Og det enda med at eg satte meg  på kjøkkenet ,med tårer i augene ,og skamma meg.

Ja,det gjorde eg-eg skamma meg!

For kven var sitt samvit og kjensle eg hadde tekka denne dagen?

Jo mitt eige, for eg ville unngå styr og at guten ikkje tapte.

Eg ville unngå ein kamp.

Blogg 28 april 1

 

Så ,kva er moralen i dagens innlegg?

Jo, før det fyrste så er det mest tåpelege ein kan gjere mot eit born med funksjonshemming er å skjerme det for alle livets «harde» realitetar, og å tape i brettspel er og blir ein slik realitet.

Ingen kan vinne alltid,  ingen gjere det, om ein har autisme eller ikkje.

Lær borna rette yatzy reglar, eller ludo, og ta heller ei og anna flygande brikke, det blir betre etterkvart heldigvis- når bornet LÆRE at ein faktisk overleve om pappa vinn med 2 poeng meir.

«Det går bra, kanskje kan vi spele ein gong til?»

Og det gjeld  også hos besteforeldre, på skulen og hos den snille avlastaren.

Ein gjere berre alle ein bjørneteneste om ein ikkje held reglane.

Det er jo ein grunn for at dei er der, ikkje sant?

Og, mammahjertet er soft, av og til må vi bruke topplokket og.

blogg 5 juli 1

 

Det har i alle fall eg lært meg! THE HARD WAY!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Borna som ikkje kan ta ut eigenmelding

posted on: 6. desember 2015

Dagens tekst har ligge å murra i bakhovudet i fleire mnd, og eg bevege meg litt inn i fagfolket rekker igjen, men de får berre arrestere meg om eg går over grensa 😉 .

Det er lett å fokusere på frustrasjonsadferd og dei berømte «meltdown» som born med autisme kan få i det offentlege rom.

Dei er så synlege! Dei er så frustrerande og dei er så uhandterlege!

Dei vanskelege borna.

blogg 13 mai 2

Men, det finnast ei anna side og, med stresset, som eg som mor tykkjer er vel så fortvilande som frustrasjonsadferd, og det er funksjonstap.

Funksjonstap grunna stress og misforståing frå samfunnet rundt.

For, born med autisme kan ikkje ta eigenmelding og logge seg av livet kvar gong dei kjem til eit metningspunkt!

Tenk på det!

«Tenk korleis du hadde følt det om du var på ein karusell du ikkje klarte å kome deg av, du klarte ikkje å formidle at du var redd, at lyden frå karusellen skremte vettet av deg, og at du har byrja å bli kvalm.

Må spy.. det går rundt! Hjeeeelp!!!

Redd meg ein eller anna, kan ikkje nokon forstå???»

Blogg 18 mars 1

Fyrste gongen eg opplevde eit skikkeleg funksjonstap med eine guten vår, som då omtrent slutta å snakke, og trakk seg inn i eit skal vi ikkje fekk vere ein del av, så vart eg kjemperedd!

Trur aldri eg har vore så redd før.

Det var om sumaren, det var ferie, strukturen var annerleis enn resten av året, og eg var temmelig fersk i gamet.

Eg visste ikkje at sånt kunne skje..

Har han fått slag? – var min fyrste reaksjon.

Men alt anna var jo på plass, hender og føtter funka som dei skulle dei, og ikkje var han skeiv i anletet heller.

Men han hadde blikket.. draget over augene, som eg seinare i livet no tar som det fyrste tegnet på at vi må roe ned litt.

(Veit ikkje heilt kordan eg skal forklare det for at de skal skjøne, men det er eit eller anna som skjer frå augebryn og ned mot nasa, ilag med eit heilt spesielt blikk.)

«Mamma- eg er sliten»..

Ville eg nokon gong få han att? Var det varig? Er språket borte for alltid?

Det har jo hendt det, eg har lest om det og kjenner folk som har opplev det.

Er det vår tur no? Tusen tankar i hovudet, isande angst i magen!

Det var jo ikkje sånn heldigvis!

Språket kom att, blikket vendte tilbake til livet vårt, og alt falt tilbake til det normale- då vår kvardag igjen vart normal.

Det tok tid, det krevde skjerming, og det krevde at eg gav guten min eigenmelding frå vårt sjølvvalgte kjas og mas, i ei periode.

Og lot han synke båtar..

blogg 6 des 4

Trur aldri eg har sunke så mange båtar i heile mitt liv som den tida der.

Eg hugsar eg satt med ein pepsi max boks , kjøpt på Harry handel i Sverige, og såg på desse to podane mine som systematisk sank «Titanic» i eit lite vatn.. og tar meg i å tenke på  korleis boksen min ville synke når den var ferdig oppdrukken!

Det var heftige dagar..men eg visste ikkje andre måtar å gjere det på då.

Desember er komen og no er Titanic tilbake, ilag med litt dårligare språk, eit drag over augene,og dårlegare søvn.

Mamma Ragne er meir dreven i gamet, ho mistenke ikkje verken eplipsi eller slag- ho veit at syndaren er jul!

For sjølv om heimen ikkje stresse med jul, så stresse resten av verda med jul, og slikt tar born utan filter inn, om dei vil eller ikkje.

Så, no  har eg  gjett mine sine eigenmelding her heime, ikkje ute, men heime.

Dei skal få teikne Titanic, sjå på Titanic på tv, bygge titanic i lego, og snakke om båten som sank i Nordatlanterer havet den 14 april i 1912.

blogg 6 des 2

blogg 6 des 3

blogg 6 des 5

Eg skal tune meg inn på min selektive hørsel, og halde ut.

Verda utanfor er det vanskeleg å gjere noko med ,men verda heime er opp til oss sjølve.

På den måten vil eg prøve å motvirke funksjonstap som vert langvarig og frustrasjonsadferd fordi det renn over.

Desember er ein mnd som er slik for oss- å halde ut!

Nei, eg seier ikkje at borna skal få gjere som dei vil alltid, for særinteresse kan vere ein hemsko om man ikkje er obs.

Men akkurat NO- her hos oss, så skal vi roe ned og senke krava.

Alle endringar må takast på alvor, når ein har med born med autisme å gjere, også dei som ikkje innebere sinne og frustrasjon.

Og funksjonstap på grunn av stress er vanleg, også hos born med Asperger syndrom.

At ting ting går i sirup, at ein ikkje lenger klare å knyte skoa, at dusjinga tar 50 minutt istaden for 10.

Ta det på alvor! Ingenting skjer utan ein grunn, men dei klare ikkje å fikse grunnen sjølv, slik som born utan autisme somoftast gjere.

Dei kan i alle fall gje beskjed.

Det klarar ikkje borna med autisme.

Derfor må vi hjelpe dei med det.

Og sist men ikkje minst:

Ein kver familie er unik, det same er eit kvart born med autisme, det som er rett for oss er ikkje nødvendigvis rett for de andre.

Poenget mitt er å ta funkjsonstap på alvor 🙂

Blogg 6 des 1

 

Ha ein flott sundag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

Mitt «Perfekt»

posted on: 4. desember 2015

I mitt liv er det perfekte litt skakt

Litt skeivt, litt avlangt og brutt

Ikkje rund som sola på himmelen

Eller ringen som aldri tek slutt

 

Mitt perfekt gir meg opptur og nedtur

Berg og dalbane som lar meg hyle av fryd!

Lar med skrike av redsel og fortviling

Begge gir meg masse med lyd!

 

Gir meg lyd til å tale mine saker

Om dei er vonde, vanskelege eller så..

Andre gonger er det glade og lukkelege og fine

Eg likar dei sjølvsagt best då

 

I mitt perfekt må eg ta val som er vanskelege

Eg må snakke om underlige ting

Og Tianic som synk ned i havet

Og anna som folk ikkje syns kling

 

Sosialt er eg mykje aleine

Eg er mest sosial med meg sjølv

Eller via ein pc på benken

Eller telefonen som blinkar i sølv

 

Det er der eg når andre som skjønar

Korleis mitt liv på min måte blir «perfekt»

Mange opplev på ein måte det same

Ikkje likt, men kanskje litt på same dekk?

 

Eg har ikkje tid til å tenke på kilo

Som snik seg på ein sliten kropp

Eller på håret som veks ned om øyra

Eg har nok med å guide ein tropp

 

Eg veit eg burde tatt meg bedre tida

I mitt eige  lisje «perfekt»

Til å passe med sjølv og mitt ego

Finne tid til å danne eit nett

 

Eg har ikkje overskudd i havet

Eg har nok med mitt eige nett no

Nok med å orge og styre

Med ein heim som treng oversikt og ro

 

Ein dag kjem mi tid og mitt virke

Kanskje endrar mitt «perfekt» då seg

Til å handle meir om dei andre tinga

Som den dag i dag  ikkje affisere meg

 

Mitt «perfekt» har eit mål og ei meining

Eit mål eg går «all inn for»

Eg har valgt å gjere det til «mitt perfekte»

Og det valet angre eg ikkje det grann!

 

Eg har lagt ned mitt arbeid i mine gutar

Mi sjel, mitt liv,mitt «perfekt»

I håpet om å berge det som er der

Gje det meining, gje det mot og gje det respekt

 

Den dagen eg ikkje lenger er her

Eg håpar det igjen då står

Nokre gutar med vetet i haudet

Og den beste forståing som råd

 

Til å skjøne så mykje som mogeleg

Til å klare seg så godt som dei kan

Til å finne sitt eige «perfekte»

Til å være akkurat så perfekt som ein kan.

 

GOD HELG!

Blogg 12 april 2

 

 

 

 

 

Opphengt i 100%

posted on: 2. desember 2015

Visste de at det er umogleg å sjå på Ipad, viss den ikkje har 100% batteri?

Jepp- tru det eller ei, det er totalt umogeleg, og det er ingenting her i huset som generere meir frustrasjon enn når Ipad kjem under 90%- då må vi lade.

Vi er totalt opphengt i 100%!

Slik har vi vore lenge, eigentleg så lenge eg kan hugse, men det tok meg lang tid å skjøne kor viktig 100% faktisk er for gutane mine, og at ved å prøve å finne «100%» i dei fleste situasjonar- så kan vi unngå mykje frustrasjon.

Genserknappar skal for eksempel alltid knappast heilt opp, same med ytterjakka.

Glidelåsen skal HEILT opp i halsen, og hua trekkast heilt nedom øyrene.

Utan unntak hos eine guten vår.

Den andre er blitt litt meir fleksibel der, men han praktisere sin 100% visjon ved å alltid måtte kome fyrst- ergo må jo noko vike, og han har  kalkulert ut at viss han skippe å drage igjen glidelåsen- så vil han nå først.

blogg 18 nov 1

Hans 100%.

Ein annan ting er full tank på bilen, er vi nede på halv tank- då går sirena gitt!

Her i heimen er det totalt umogeleg å kjøyre frå punkt A til B utan at vi har full tank.

Som eine året då vi skulle reise nordover til svigermor og svigerfar- les 100 mil på hjul- og min mann svare guten vår ærleg når han spør om tanken er full – etter 10 min kjøyring:

«Nei, det er den ikkje, vi treng ikkje å fylle før på Otta- les 4 timar ut i turen»

«Ja, jaggu » tenkte eg i mitt stille- men eg sa ikkje noko høgt..

Men autopiloten til gutane var satt på:

«Kor lenge er det til vi kjem til Otta, er vi kommet til Otta no?? Pappaaaa!!jeg er redd!!! Kan vi fylle nååååå pappa?? Hvor lenge er det igjen nå pappa…. NEI PAPPA , det er 80 km her!!! Ikkje kjøre 82 km Pappa!!! Kan vi fylle noooooo??

Pappa, hvor mange minutter er det igjen nå pappa??»

Vi fylte tanken smekk full i Stryn vi- nøyaktig ein time og 10 minutt etter at setninga- «halv tank» var sagt.

«Smart valg»- tenkte mammaen på sidelinja.

Blogg 11 april 1

Det forklare og kvifor eine guten vår slit sånn med å gå med t-skjorter.

T-skjorter er ikkje heile, 100%, i forhold til ein gensar- har de tenkt på det nokon gong ?;)

ENTEN /ELLER visjonen , den er heilt hinsides facinerande, om ein  berre klarar å sjå den sånn, tenk å vere så svart-kvitt!

Og eg prøvar, eg verkeleg prøvar altså!

Men- kven et opp ladarane her heime?

For når vi treng ein ladar-ja då kan du ta deg katten på at den ladaren er like fordufta som 1000 lappen eg hadde i går- før eg handla på Rema 1000!

Borte vekk!

Eg har ikkje aning kor mykje tid eg har brukt på å leite etter ladarar sånn ein plass mellom klokka 7 og 8, og eg veit heller ikkje kor mange ladarar vi faktisk fysisk har hatt her i heimen.

For ein kan ikkje vakne om morgonen med 59% i batteri…

Eg har eit anna problem og, men det er ikkje heilt autisme relatert…

Det fenomenet trur eg heiter «husmors forbannelse»

Det gjeld sokkar…

blogg 2 des

 

Eg lar «Vinskvetten» få tale mi sak der..

«Eg har fir og tjue sokka ikkje to tå tei e par.
Eg har leita tusen gongar men dei andre ekje dar.
Eg har lagt på kne og skrekje
Eg har skjelt ut more mi.
Da får no vere grense for ka ein finn seg i.»

 

Fleire som ikkje klare seg utan 100% ? 😉

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Det er noko med den kjensla av meistring <3

posted on: 1. desember 2015

Åh! I dag sit eg med tastaturet, men tårer i augene og klumpen i halsen, rundt meg putlar det to overlukkelege gutar som viser meg ting frå ein knurvete Rema 1000 pose, og ein frå Bunnpris.

Ein kvar- viktig å skilje.

«Har vi ikkje vore flinke mamma? Sjå kva vi har klart å lage!»

«Nesten heilt aleine mamma, veit du, vi klarte det vi!»

blogg 1 des 5

Tåra kjem lurande ned anletet.

Herlighet eg er så stolt!!

Gutane har vore på juleverkstad i dag på skulen i nesten 2 timar!

Tenk- det klarte vi, nesten heilt utan styr!

Eg veit eigentlig ikkje kven som er mest stolt, om det er mora eller gutane.

Godt planlagt, fordelt mellom avlastarar og oss foreldre, der dei tok dei med den fyrste tida, og vi tok over etterpå.

Det er ikkje sjølvsagt, det er ingenting som er sjølvsagt her i verda, og i alle fall ikkje at vi skal klare ei slikt opplegg som gutane gjorde i dag.

Men jaggu gjekk det ikkje rett heim!

blogg 1 des 3

Og det å oppleve at MINE born meistrar, desse to gutane som satt å stirra apatisk ut i lufta for berre nokre år sida, utan språk.

Som med trening, trening,trening, knall hardt jobbing, repetering og forbereding har klart å kome seg så langt!

Modning, trygghet, glede <3

Det gjere alt så vel verdt kampen!

Uansett kor lei eg har vore, kor frustrert eg har vore mange gonger, kor fortvila og ikkje minst sint!

Rasande på verda har eg og vore- på ALT!

blogg 25 juni 1

Så kjem det susande dagar som i dag, dagar som du ikkje turte håpe heilt, der du tusla deg litt rundt på tuppa heile vegen. Vil det gå?

Plan-bakplan-bakplanens bakplan..

Også bare går det «all in!»

YES!!

I dag finne de ikkje stoltare dame, enn dama på holmen i vest, som har sett stjerner i augene på gutane sine, og som stolt kan seie:

«KLART VI OG KAN!!»

blogg 1 des 4

 

Different but not less <3

 

<3<3 Ragne Beate