Entries from januar 31st, 2016



«Gratulerer med gutane dine Ragne, 8 år med utvikling, godt jobba!!»

posted on: 31. januar 2016

Fyrst og fremst! HIPP HIPP HIPP HURRA for dei to største heltane eg kjenner!

blogg 31 jan 3

To fantastiske fyrar som berike livet mitt på måtar eg aldri skulle tru at nokon kunne.

Som pushe mine grense til det hinsides, som utfordre meg som oppdragar og som medmennskje.

Det var ikkje før eg fekk dykk at eg skjønte at eg hadde noko som kallast tålmod eg og, ikkje berre litt, eg hadde tydelegvis lagra i 28 år, og eg hadde og fått ein eller annan laddeknapp, for når eg trudde at lageret måtte vere tomt, så har eg merkeleg nok ein og annan reserve alikevel.

blogg 31 jan 1

(Kanskje ikkje bare eg )

De har lært meg å finne vegar eg ikkje trudde eg ville gå, og de har lært med å heve hovudet mitt, og ikkje bry meg om kva alle andre meinte.

Eg har måtta lære meg å bli trygg på megsjølv og mine val, mine avgjersle og stå for dei, og de har vore drivkrafta mi.

De to, med behov som ikkje alle andre har, med utfordringar som har krevd litt anna tankegang og tilnærming, har fått meg som mamma til å jobbe smartare, kjappare, meir løysingsorientert og ikkje minst meir strukturert.

Men det har og krevd mykje.

Det har vore mang ei tåre på vegen, mykje fortviling og desperasjon, det har vore mang ein vegg å klarte over, og ein og annan vegg har eg og kjørt rett i.

Men eg har lært!

blogg 6 august 1

Og  kor de har utvikla dykk!

Heilt fantastisk! Eg har ikkje ord nok i mitt vokabular til å beskrive det <3

Ei heller kor stolt eg er av dykk begge to, for det er eg, uendeleg  stolt!

Overskrifta i blogginnlegget mitt i kveld er ei helsing frå ei anna autisme mamma til meg:

«Gratulerer med gutane dine Ragne, 8 år med utvikling, godt jobba!»

Det må ei autismemamma til å skrive ei slik helsing, den traff meg rett hjartet, og den gjorde meg godt, for ho har heilt rett:)

Men eg har ikkje gjort det heilt aleine;)

Vi har vore så heldige:)

I morgon er det 5 år sida autisme diagnosa vart satt, i 5 år ha vi jobba målretta i storm og i finver for gutane våre, med masse flotte støttespelarar rundt oss, og vi har hatt og har utvikling!

Her snakke vi alt i frå super kjekke taxi sjåførar som hentar oss kvar morning og kjøyre oss på skulen til medelevar som inkludere, skulepersonell, avlasterar og familie.

Alle er med og bidrar til inkludering og meistring som igjen gir positiv utvikling <3

Alt heng jo ihop.

Eg er ei takknemleg mor som sit sleten forran tastaturet i kveld, tusen takk!

Vi har hatt ei OK+ feiring, og det vart både «Titanic» kake og «HMS Belfast»

blogg 31 jan 2

Ingen veit kva som ventar bak neste sving, og med ein vissheit om at livet er ei berg og dalbane så er AS Larsen klar for å starte sitt nye liv som «8» år i morgon, for det er ein vesentleg forskjell frå «7» er eg blitt fortalt i kveld, av ein entusiastist veldig ny 8 åring.

Eg veit ikkje heilt kva som er forskjell- men den som lev får vel sjå  reknar eg med:)

Det som er heilt sikkert, er at det vert ikkje kjedeleg på turen!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

«Det vert ikkje barneselskap i år heller»

posted on: 30. januar 2016

Provosert av overskrifta?

Hold your horses og lat meg forklare, det her er litt meir gjennomtenkt enn det kan høyres ut som.

blogg 30 jan 1

Å skrive det her blogginnlegget dagen før bursdagen til Georg og Laurits sit litt langt inne, eg hadde eigentleg bestemt meg for å la temaet ligge, då eg forklarte det fint for foreldra til klassa til gutane på foreldremøte i 1 klasse, det har aldri vore eit tema verken negativet eller anna verken mellom gutane og oss vaksne, eller mellom gutane og andre born.

Men eg har bestemt meg for å gjere det alikevel. Fordi det er eit alternativ.

Det er eit alternativ å ikkje invitere til barnebursdag.

Det betyr ikkje at du ikkje ynskjer at bornet ditt ikkje skal vere ein del av ei klasse eller eit klassemiljø, det betyr heller ikkje at du ynskjer å fråta bornet ditt gledja av å feire bursdagen sin ilag med klassekameratane sine.

For eg skulle veldig gjerne ha ynskja at begge mine gutar både kunne ha evna å gå i selskap og invitere i selskap.

Nei, dette handlar om å ha eit utbyte av eit selskap, å ha ei forståing av eit selskap, å ha ei gledje av eit selskap, og å kunne kose seg på sin eigen dag, utan at det vert ein stressfylt og overveldande oppleving.

Og der er vi ikkje endå.

blogg 30 jan 2

Det handlar og om å få heimen sin full  av andre, noko vi ikkje er komfortable med, om å få tinga sine omrokkert på, tatt på, leika med osv osv.

Eg trur eg har ei og annen mamma eller pappa som nikkar med meg no 😉

I år som i fjor satt eg meg ned og snakka med gutane om selskap, brukte teikn, bilete og forklarte kva det ville innebære med fest,men kom ingen veg.

Det vil ikkje seie at vi ikkje kjem dit, for det trur eg at vi gjere, men per no er vi ikkje der.

For ikkje mange år sida kvidde eg meg som ein hund til bursdagen til gutane, då heile dagen berre vart eit stort kaos.

Eg huske ein gong, eg trur det var 4 års dagen, då visste vi ikkje kva vi skulle gjere for å holde dei i ånde, dei roa seg ikkje før lysa på kaka var blåst ut.

Det var då det gjekk opp for meg at deiras definisjon av «bursdag» var å blåse ut lys- ikkje bursdag i seg sjølv!

I år har vi i forkant hatt ei kjempegreie med at vi ikkje skal ha krone i år, då vi går i andre klasse. Krone er forbehalden barnehagen, ein gong må vi stoppe med det og liksom.

Små ting for mange, men det er store bøygar for oss, og vi kan ikkje bere forsetje med ting heller, ein gong må vi stoppe og!

Skjønar de?!? Det her bursdags greiene er søren meg ikkje enkle saker!

I fjor var første året vi klarte eit ok gjennomført familieselskap.

I år håpe vi på eit ok+ selskap, kvart einaste år går det litt og litt betre.

Eg har blitt utfordra på «Titanitc» og «HMS Belfast» kake, eg trur de skal få sjå bilete av mine tapre forsøk i eit blogg innlegg i morgon 🙂

Selskap eller ikkje, velg sjølv!

Om de får det til, heilt topp! Om det ikkje får det til, så ikkje gå i kjellaren av den grunn, start i det små og bygg oppover <3

Kanskje etter eit ok+ familieselskap i år prøve eit barneselskap neste år?

Tida vil vise.

Poenget mitt er at det blir liksom forventa at ein skal og at ein må, og at ALLE må vel syntes at eit selskap er kjekt?

Vel, då får eg vel vere den sære dama som seie at det tykkjer ikkje eg!

Bursdag skal vere gøy og kjekt for den som har bursdag!

For når alt kjem til alt så er det bursdagsbornet(x2) som er 8 år.

Ikkje alle andre rundt!

 

Vi snakkes!

blogg 30 jan 3

 

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

«Mamma- i dag har eg leika med..»

posted on: 27. januar 2016

Åh! Boble over lykke blogg innlegg kjem, så  herved er de advart!

Vi er tilbake til desse små tinga som får eit OL gull til å bleikne eller for den del å vinne i lotto- for ei mamma som meg.

Gutane har 1-1 ressurs, dei har vaksne med seg frå dei går ut døra til dei kjem heim. Dei er aldri åleine verken ute eller inne, heime eller vekke.

Og ergo er det vel mest naturleg at når dei kjem heim frå skulen så snakkar dei om den vaksne dei har vore ilag med.

Eller dagsplanen sin.

Eller frukta.

Eller:«takk for i dag»- for det betyr jo heim <3

Blogg 28 april 1

Viss dei i det heile tatt seier noko, som eg skreiv i eit blogg innlegg for lenge sida, det er sjeldan dei seier noko om skulekvardagen sin.

Anten enn : «eg veit ikkje».

Men, det er då det er så fantastisk med desse små augeblikka som plutseleg berre åpenbare seg ut av det blå, som i dag, når eine guten min kjem heim med taxien, går inn, får av seg kleda, og set seg i sofaen som han pleier.

Spør fint om å få låne Ipaden sin, noko han får.

Og etter å ha finne fram filmen om HMS «Belfast» som er den store lidenskapen for augeblinken, så ser han opp og seier:

«Mamma, eg har bygd demning med x i dag. Det var kjekt».

Og forsette å konsentrere seg om Ipaden.

Veit de, tårene sto i augene mine!

(Ikkje det, han har leika med born på skulen før han,med voksenstøtte sjølvsagt, periodevis er han flink til det, mens andre periode treng han mykje meir skjerming).

Tenk, guten min kom heim frå skulen og har leika med x og i TILLEGG så fortelle han det til meg sjølv på eige iniativ!

Herleghet altså, det her er ikkje kvardagskost!

Utan at eg masa, drog orda ut av han, sendte tekstmelding til skulen for å få vite, eller noko som helst.

Han formidla det sjølv.

Han forventa ingen stor reaksjon frå meg, han berre fortalte kva han hadde gjort.

Ei setning- den finaste eg har høyrt i år!!

blogg 26 des 1

Så lite skal til for å glede mammahjartet mitt, og  så lite skal til for å gje meg visshet om at det vi held på med vil bere frukter- det tek berre lang tid!

Og den tida må vi la borna få, samtidig som vi traust og trutt hjelpe dei vidare <3

Blogg 18 feb

Different but not less!!

 

<3<3 Ragne Beate

 

«Håplaus»

posted on: 26. januar 2016

Det finnast ein liten plass bak i hovudet

Kanskje ein fingerbøl stor

Men den kan dominere mykje og bråke

Når makteslausheita blir for stor

 

«Håplaus» kallar eg plassen som finnast

Ein foræderisk og dum liten plass

Som kviskrar stilt når det passar

Eller bråke som vilt når den kan

 

«Det her det får du aldri til!»-brøle stemma

«Det her klare de aldri uansett!»

«Du er dum, du er teit ,du er håplaus»

«Vere realist, ikkje håp på at skal ting blir rett

 

På dagar når alt går på tverke er det lett å gje «håplaus» meir plass

La han få gjennomsyre hovud og hjarte

Ta vekk tålmod,

og gledje må gje tapt

 

Då kjem kjensla av eit system som jobbar mot deg

Der finn du ei heller din plass

Plassen til å utvikle og vidareføre

Berre masse paragrafar og anna snikksnakk

 

Og menneskje i systemet dei seier

HALLO, VÅKN OPP,OG HØYR PÅ OSS!

For vi veit kva som er best for de i verda

Fagfolk er vi jo til tross!

 

Plutseleg er ikkje «håplaus» lenger liten

Den er blitt frykteleg stor

Utmattande og lammande for mange

Er man verkeleg så liten på jord?

 

Eg trur kjensla av å vere liten aldri vert borte

Men «håplaus» kan vi jobbe med

At den ikkje får ta over showet

Når kvardagens krav står ved

 

Vi er ikkje håplaus vi foreldre

Som vel å kjempe ein kamp

For det kjæraste vi nokon gong har eige

..ved å av og til ha ein skarp kant

 

Så får mange meine så mangt om mykje

Om kva «alle saman» treng

Av behov, tilretteleggjing og integrering

Og alt anna i fleng

 

Tving «håplaus» tilbake i ditt hovud

Du er god nok nett som du er

Som menneskje, som forelder, som mamma

Som fagmor, som fag far, som deg sjølv

 

Å ha draumer er lov her i verda

Å feile like så

Det som held meg oppe på ferda

Er tanken om å aldri gje opp <3

 

blogg 20

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva for ei rutine er viktigast?

posted on: 24. januar 2016

Eg fekk eit spørsmål om det frå ein av mine leserar her ein av dagane, om kva rutine eg meinte var viktigast for oss.

No skal det sant seiast at eg tykkjer at alle rutiner er viktige men om eg skal trekkje fram ei rutine eg ALDRI fire på, uansett kva som skjer, og det er faktisk ikkje tull heller, så er det leggetida.

Eg fire ikkje på leggetida, om vi er heime, i campingvogna, om det er jul, bursdag, påske eller at eg vinn i lotto.

Kveldsritualet er heilag!

blogg 1 okt 2

Mange syns eg er merkeleg som er så streng med akkurat leggetid, og meine eg er i overkant streng med borna mine.

Men, eg skal fortelje dykk det, at eg er «streng» av ein grunn, eller dvs eg er snill av ein grunn meinar no eg.

Eg har snakka om det før at vi har slitt mykje med søvn, både å få nok søvn, klare å roe oss om kvelden, ikkje vakne oppatt om natta, og heller ikkje tørne ut klokka 0400.

Her har eg kava, herlighet kor eg har kava! Det ligg mange tårer, uendeleg mange netter med dundrande haudeverk og ei intens trang til å berre sove.

KVIFOR KAN VI IKKJE BERRE SOVE???!!!??

ugle

Autisme er slik, for mange, og mange har hatt det 100 gongar verre enn oss og, og har det framleis.

Eg er livredd for å tulle med desse legge rutinane som vi har innarbeidd så nitidig, det er også difor eg kvart einaste år omtrent tar min død når vi må stille klokka anten fram eller tilbake.

Når vi skal utvide leggetid med alder må vi og ta det gradvis slik at det er så lite merkbart som overhovud mogeleg ,slik at det ikkje vert rot i systemet.

Gutane sjølve bestrebe og å halde rutinane sine, og dei følgje klokka sjølv om kvelden, går rett på loftet når klokka er 8.

Det er viktig for dei å ha det sånn, og det gir dei ei oversikt og ei tryggleik.

Så les vi nokre gonger, eller syng ein song, eller at dei får litt Ipad tid.

Om dei søv så mykje lenger? Njaaaaaa

Om dei sovne så mykje fortare? Njaaaaaaaaa

Om dei ikkje vaknar om natta? Njaaaaaaaa

Men, det dei i alle fall får ,er rom for ro, rom for å slappe av, og rom for å kvile.

Også, ikkje å leggje under ein stol det heller, så får vi vaksne litt kveld åleine, før vi må i seng.

Litt kvalitetstid, som vi treng for å puste.

Eller eventuelt sovne med fjernkontrollen i handa- det er vel helst det som skjer 😉

Eg held leggetida heilag <3

156499_10151570799216221_1001768353_n

Ha ein flott søndagskveld 🙂

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

OMG!Har du ADHD eller??!!??

posted on: 22. januar 2016

Kor mange gonger har du tenkt det?

Når du ser foran deg, eit tilsynelatande hyperaktivt born? Ein frekk liten sak som ikkje har kontroll på snakketøyet, eller som har «tenna i tapeten» og flyg høgt under taket.

Skjellsord!

Rett og slett, ADHD er blitt eit skjellsord.

Ei forklaring på det som er annerleis, ein «årsak» for det som ikkje er innanfor den berømmelege A4 boksen, og ei løysing.

«Han der må berre ha ADHD altså!»

Det er ingen som gidd å spørje verken bornet eller familien korleis dei eigentleg har det.

blogg 2 nov 1

Så får du høyre at eit anna born har fått ADHD diagnose, og du riste på hovudet ditt i sjokk og vanvare!

Går ikkje ann!

Dette bornet er jo ikkje hyper! Det har ikkje tenna i tapeten, eller flyg høgt under taket. Har foreldra mista totalt fotfestet?

Korleis kan det ha seg at dette bornet kan får ei ADHD diagnose?

Her må det vere noko riv ruskande gale!!

Assistent?- kvifor treng ditt born det?

Eg skulle veldig gjerne ha hatt ein assistent eg og til mitt born, så eg slapp å gjere lekse og styr heime, og bruke all den tida på krangling.

Kan ikkje fatte at ditt born treng så mykje meir en mitt?

Eg høyre du seie han har ADHD- men eg no søren meg ikkje så sikker på det altså!

Det er ingen som gidd å spørje verken born eller familie korleis dei eigentleg har det.

blogg 30 juni 1

Lærevanskar? Nei no må du gje deg! Han er lat, foreldra er late, det her er berre tull!

Motoriske vanskar? Pøh! Han klatre jo i tre som alle andre? Get a grip!

Sliten? Treng skjerming? Kom ikkje til meg å snakk om være sliten, her er det berre å ta seg saman å gje på!

Born i dag har søren meg ikkje mykje kustus nei, dei legg seg no ned for den minste ting!

Fokus? Altså hallo, det er jo berre å fokusere det, konsentrere seg om det som skjer framover, og ikkje alt anna som er på sidene, så ordna det seg det her veit du!

ADHD seie du? Og så?

 Det er ingen som gidd å spørje verken born eller familie korleis dei eigentleg har det.

blogg 30 juni 2

Samfunnet vårt fokusere no på mobbing, siste vekene spesielt, etter fleire tragiske hendingar.

Tenk kor mange born og familiar som opplev å både bli mistrudd og  sett ned på fordi ADHD diagnosa er blitt totalt misforstått.

Ei diagnose med masse variasjonar, masse tilleggvanskar,masse utfordringar på så forskjellige plan, men som er blitt eit akseptert «skjellsord» og forklaring på uønska eller rar adferd!

Mobba- fordi dei ikkje blir trudd..

OMG- har du ADHD eller???!??!

Herlighet, de skulle berre ha visst!

blogg 19 juni 2

«Det er lett å dømme noko ein ikkje kan sjå!»

 

<3<3 Ragne Beate

 

PS: Riktig info finnast her:

 

http://adhdnorge.no/

 

GOD HELG!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Man får ikkje autisme, den er du født med.

posted on: 20. januar 2016

I skrivande stund sit eg attåt kjøkkenbordet mitt i thermodress, med nykokt kaffi og har måke pause.

Det lava ned 35 cm med unyttig snø i natt og gitt!

Men men, nok om snø, og over til noko heilt anna.

Denne artikkelen her vart flittig delt på sosiale mediar i går, og gjentatte gonger i dag.

http://m.b.dk/?redirect=www.b.dk%2Fviden%2Fhjerneforsker-advarer-mod-ipad-frygter-en-hel-generation-af-autister&

Ein dansk hjerneforsker som advarar mot for mykje bruk av Ipad, og er redd vi er i ferd med å oppfostre ein heil haug med autistar.

blogg 14 augst 2

No er eg ikkje hjerneforskar, ei heller ein fagperson, berre ei fagmor med tidvis sterke meiningar, men hallo i luken!

Det her går ikkje eg med på altså.

Autisme er du født med, det dukkar ikkje opp etter x antall år forran ein skjerm.

Og eg likar ikkje tanken på at det kan bli brukt i mot born og.

«Viss du ser på Ipad så masse så kan du bli autist!»- eg gremmes!

Berre høyr den ordlyden!

Eller bornet med Asperger syndrom som treng ein Ipad på skulen som hjelpemiddel, og får slengt i seg frå ein uvitande at det er Ipad bruken som har gjort at han er som han er.

For Ipad er jo fyrst og fremst eit hjelpemiddel, ikkje eit leiketøy- og born med autisme har stor nytte av dette hjelpemiddelet.

Meininga med artikkelen, slik eg les den , er å vise eit varsku til foreldre om at born må aktiviserast også utan for dataverda, og at det ikkje er sunt å sitte for mykje forran Ipaden eller datamaskina.

Der kan vi vere einige.

blogg 12 juni 2

Men eg lure no eigentleg på kor mykje tid eit born som går i barnehagen frå halv 8 om morgonen til kvart over 4 på ettermiddagen og kanskje legg seg klokka 7 har av tid til å «bli autistisk» forran ein Ipad eg då.

Vi bruke Ipad her heime hos oss til motivering, til bygging av lego(gutane finn instruksjonar på youtube).

Ipad blir også brukt som belønning, og når dei treng å roe seg ned.

Mi erfaring med born som HAR  autisme er at Ipad kan vere ei  god avkobling frå vår verd, når det er nødvendig.

Guten min som ikkje har autisme er og glad i telefonen sin og Ipaden, men aller mest er han, akkurat slik som brødrene sine MED autisme, meir glad i å spele brettspel med mamma og pappa, vere ute å ake med venene sine no når vi har fått ein meter med unyttig snø, eller andre aktiviteter alt etter vind og føre.

Blogg 29 april 1-5

Data tid er ein fin ting tilpassa behovet i den einskilde familien sitt behov, tempo og utfordring.

Eg er blitt fortalt at ein kan få firkanta auge av å sjå for mykje på tv, men eg har ikkje fått det endå- merkeleg nok!

Og eg har sett mykje på tv eg altså 😉

Eg får nok ikkje autisme av Ipaden heller!

 

blogg 20 august 2

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

Nesj, berre kjøyr på, dei bryr seg sikkert ikkje!

posted on: 19. januar 2016

Vedtak blir skrivne, avgjersle tatt over små og store menneskje, alle til felles at dei har utfordingar, diagnosar, som gjere at dei treng hjelp frå andre.

Hjelp frå  mange instansar frå krybbe til grav- med alt det som fyljer med.

Men, tenkje vi på kva menneskje som treng hjelp vil? Eller tek vi frå dei mogelegheit, vilje, og ikkje minst sjanse til å dyrke sine eigne ting, sine eigne interesser, fordi vi TRUR at dei ikkje bryr seg?

Fordi dei ikkje bruke språket så mykje, eller kanskje ikkje har språk, eller at mimikken er så dåleg at ein berre tolke «mutt» i stadan for å sjå på augene.

For i auge finnast det mykje svar, om ein berre kjenn personen bak augene.

Auger er som eit speil innover, der det kan skimtast mørkt om ein ikkje har det bra, og tindre som stjerner så ein har det godt.

Ein treng ikkje alltid alle desse orda!

Eller- ein kan og klare seg med få ord!

blogg 18 mars 4

For menneskje med funksjonshemming bryr seg, det er ikkje berre å «kjøyre på

Mine gutar bryr seg, og dei bryr seg om mykje. Dei har og ting som er svært viktige for dei, som dei treng i sin kvardag for at den skal vere god og meiningsfull.

Eg skal fortelje dykk ei historie:

« De som har følje meg dette året eg har skrive «På Randen med Ragne» så har det fått med dykk at vi har eit over middels nært forhold til båten «Titanic»- eller det vil seie Laurits har det.

Laurits er også svært flink å teikne, og han produsere teikningar på løpande band.

Her snakkar vi teikningar primært av «Titanic», i alle vinklar og variantar.

Men stort sett når han søkk.

«Titanic» er teikna i fugleperspektiv, kun propell området, eller han lage byggesett med bygge teikningar over korleis han ein gong skal byggje ein «Titanic» båt, for det er hans livsoppgåve for augeblikket.

Han vil byggje «Titanic».

Den draumen tek eg ikkje frå han, eg lev draumen ilag med han <3

Han snakkar ikkje så mykje når han teiknar, han syng eindel.

«Nære deg min gud» er eine songen, (den er på ein del Youtube filmar i forbindelse med «Titanic») eller kan han nynne på songar dei har sunge på skulen.

Når han er ferdig med ei teikning kjem han til meg og seier:

«Mamma, se, jeg er ferdig»- «Titanic»- også vende han tilbake til arka sine.

blogg 19 jan 2

Dette skjer gong etter gong.

No trur eg ikkje at eg lyg viss eg seie at eg har 400 teikningar i heimen av «Titanic» i alle fasongar og former.

Tek de vare på alle teikningane som borna dykkar kjem heim med eller produsere heime?

Eg snakkar då om alt frå ubetydelege strek figurar og heilt til den store kunsten.

blogg 19 jan 1

Det gjorde ikkje eg.

Og, som eldst av 5 syskjen så trur eg heller ikkje mamma og pappa har tatt vare på alle teikningar dei har fått oppigjennom åra frå oss alle heller.

Men veit de, no må eg gjere det.

For Laurits hugsar kvar ei einaste teikning han har laga, og ei kvar teinking for han betyr noko.

Han er stolt av kvar ei einaste teikning han lagar av «Titanic», han er stolt av skipet, av historia, og han har ei meining med kvar ei einaste teikning han lagar.

Og det er ikkje tull!

Eg fekk megaproblem då det vart oppdaga at baksida av baugen til «Titanic «hadde blitt mamma sin handlelapp!

Eller då vi ikkje fant att instruksjonen han hadde teikna.

Guten var utrøsteleg!

Heldigvis fant vi att instruksjonen i haugen med aviser-på veg inn i «de evige krematorium-vedomnen»

Det berga kvelden <3»

Han bryr seg!

Ja, Laurits har autisme, men det betyr ikkje at han ikkje veit kva han vil, korleis han vil ha det, og at han vil verne om det som betyr noko for han!

Andre born på hans alder held med fotball lag, Laurits har «Titanic».

Dei andre borna hugsar nok ikkje sine 400 teikningar, men det gjere guten min.

For, dei betyr noko for han, dei er laga med ein misjon, og gudane skal vete kva som har føregått i hovudet på han når teikningane vart laga.

Ein meisterplan?

Vi kan ikkje berre «kjøyre på», vi kan ikkje berre fatte vedtak og sette i verk, vi kan ikkje tru, synse og spekulere rundt eit anna menneskje sitt liv.

FOR DEI BRYR SEG!- og det må vi alle få inn i hovudet jo før jo heller!

blogg 7 jan 3

 

Lytte, observere, lære og forstå <3

 

Different but not less!

 

<3<3 Ragne Beate

Å bli hørt kan ofte vere nok .

posted on: 17. januar 2016

Eg er nok som person ein liten «lonesome traveller», med det meine eg at eg trivast godt i mitt eige selskap.

Om eg alltid har vore sånn? Nja- jo eg trur det, men det har nok og utvikla seg med tanke på at eg er gift med ein sjømann, og er mykje åleine i periodar.

Det livet som er «på» på ein måte når vi er alle saman i hus, og «på» på den andre måten når eg er heime «åleine» med gutane.

Desse to verda skal og foreinast på ein eller annan måte, finne ein overgong frå å vere åleine med alt ansvar til å vere to.

For mannjen er verkelegheita å komme heim, og finne ut kva nytt vi har funne på no?

For tru det eller ei, vi finn på nye ting her og, forskjellen på oss og andre er at vi øve på dei nye tinga lenge lenge, før det vert ein «ny ting».

blogg 25 des 5

Så, for han som kjem rett i frå sine rutine på båten, så er det ikkje det enklaste alltid å plutseleg ramle inn i «Ragnes war one»- kampen for ein harmonisk heim med minimalt med utbrudd, lekseregime som funkar, osv osv.

Og eg mi høne, eg trur jo sjølvsagt at mannjen som kjem trøtt og sleten heim etter 5 veke på sjøen skal vere tankelesar og vete alt eg har gjort av endringar  på momanget!

Go Ragne Beate liksom- årets kjærring!(NOT)

blogg 17 jan 1

Må leggje til at det går seg fort til heldigvis:)

I det siste har eg lurt litt på om eg forvente for mykje av dei som er rundt meg og.

I dag var vi ein tur på legevakta med eine guten vår, ikkje noko alvorleg, berre noko vi ville ha sjekka.

Så eg ringte legevakt sentralen og gav beskjed at vi kom, fortalte personalia, problemet, lat til at guten var autist og at vi måtte få komme inn.

Eg forventa då uten å tenkje meg om at sjukepleiaren som sat i andre enden visste kva autisme var, at born med autisme slit med kommunikasjon, språk og sansevarhet, og at det ikkje var sikkert at vi i det heile ville klare å få bornet inn på legekontoret.

Berre ved å fortelje at guten har autisme.

Trur de alle med sjukepleiar utdanning veit korleis autisme fungerar?

Same då vi kom til lege, eg forklarte problem, la til at guten hadde autisme og at eg ville gjere sånn og sånn, slik at legen skulle få undersøke problemet.

Under mi utgreeing tok eg det for gitt at denne legen kunne sin autisme, at han hadde stålkontroll på korleis eit autistisk born kan oppføre seg, og at mi åtferd på dette legekontoret då vart sett på som «normal».

For det eg veit kan det hende legen syntes eg var heilt på trynet, men grei og flink var han!

Guten og, fantastisk flink! Så vi fekk sjekka og ordna ut.

Men kunne allmenn legen på legevakta sin autisme?

Ikkje veit eg, kanskje,kanskje ikkje, veit ikkje..

Men, det eg veit er at besøket, det gjekk bra det, fordi sjukepleiaren og legen på legevakta har ein ting til felles:

«Dei stolte på mi dømmekraft som mor»

Dei lytta til kva eg sa, og agerte deretter, og prøvde seg ikkje på andre sprell

YES!

Blogg 26 april 1-4

Nei, eg kan ikkje forvente at heile verda skal kunne sin autisme, eg kan heller ikkje gå ut i frå at alle andre har denne inngåande kunnskapen som eg sjølv no tar for gitt- fordi det er blitt ein del av livet mitt.

Ein gjennomgripande del av livet mitt, som berre må vere der for at vi alle skal komme oss opp og fram, og det er heilt ok!

Men, jammen er det til stor hjelp å bli lytta til når ein fyrst må til pers!

Ei oppleving som kunne blitt skikkeleg trasig, vart så bra fordi vi vart så godt tatt imot!

Det var ikkje meir som skulle til, enn eit øyre til den som sit med skoa på, og ein aksept for at slik er det berre <3

 

Det kan kanskje vere noko å tenkje på?

blogg 8 april 4

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

Kles kode blå og grønn

posted on: 15. januar 2016

Herlighet, det er helg igjen!

Tida fyke altså så fort no at eg slit med å klare å henge med, men bra er det og, dagane går fortare mot vår, småsko, lette jakker og klede.

Og her kjem vi innpå dagens tema, nemlig klede.

Eg skal komme med ei innrømming, eg har faktisk lurt på om folk mistenke meg for å aldri kjøpe nye kle til borna mine!

Haha! Det er sant! Eg har fleire gonger sitte å reflektert over akkurat det.

Då skal eg komme med ei innrømming til : Det gjere eg, men når gutane sine yndlingsbukser på Cubus kvar vår kjem på tilbod, ja då hamstrar eg!

Størrelse ingen hindring skulle eg te å seie, om det er 10 år,12 år eller kva det er, buksene kjem i handlekorga mi!

Buksene i fleire fargar, som kan regulerast i livet med strikk, og som held i 1000 klesvask <3

blogg 15 jan1

( Dei blå er for augeblikket i vask ;))

For når det kjem til kle, der har eg ikkje mykje å stille med, uansett kor mykje eg prøve, der er dei unge herrane svært bestemt, selektiv og kresen.

Eine likar blå. Det har han vel gjort sida han var ein 3-4 år kan eg tenkje meg.

Det var ei tid, den vare no litt endå, men ikkje like gale, at alt måtte vere blått, frå boxer til ytterjakke.

Noko anna var ikkje å diskutere.

Det har bedra seg, men basis må vere blått endå, sherrox og ytterjakke- det er nesten som han ser på det som sin identitet.

blogg 15 jan 2

Han likar ikkje genserar med glidelås, dei må vere heile.

Utallege gonger har eg tatt feil i hektiske morgonar og smelt av gårde ein hettegensar til han med glidelås og fått den lukt i retur.

Her må det vere heilt.

Broren derimot kan gjerne gå med hettegensar med glidelås, men han går ikkje med t-skjorte!

Eller-dvs vi fekk han til å bruke det i sommar, men det var berre eit par veke, så var det tilbake til langarma igjen.

Han er mest glad i grønn-men er ikkje like rigid med farge som broren.

Tynne langarma genserar er hannas greie.

Og som tidligare nevnt i blogg:

Dei einaste hol som er godkjent et holet der hovudet skal inn, hendene ha plass og føtene ha plass.

Utover det tar man ikkje på seg kle som har hol- end of story- uansett kor mikroskopisk det er!

I det siste har joggebukse vore «in». Eg skal heilt ærleg innrømme at eg prøve å begrense det.

Ikkje at jogge bukse er noko galt med, men dei andre buksene er så anvendelege om vi skal nokon plass anten gravgård, butikken eller kanskje på besøk ein sjeldan gong.

Cubus buksene framstår litt meir av den finare sorten enn ei joggebukse, om  de skjønar?

Og vi starta ikkje  med joggebukse heller, slik som mange andre har opplevd, ergo håpe eg at vi klare å halde Cubus pop ei stund til <3

Forresten kjøpte eg nye vinterjakker til gutane no før jul, superfornøgd var eg! Ei grønn og ei blå.

Den blå er i bruk så fort guten skal ut døra, den grønne har ikkje vore på meir enn ein gong.

Eg veit ikkje kva som er galt med den eg, eg tar den på guten om morgonen, og i det eg snur meg går guten ut døra og til taxien i gamlejakka si.

Den er litt kort, litt slitt, men veldig trygg og behageleg.

For med kle som med det meste anna:

«Vi forandre ikkje mamma, gjere vi vel

18 mars 3

 

 

Ha ein flott fredagskveld!!

 

<3<3 Ragne Beate