Å bli hørt kan ofte vere nok .

17. januar 2016

Eg er nok som person ein liten «lonesome traveller», med det meine eg at eg trivast godt i mitt eige selskap.

Om eg alltid har vore sånn? Nja- jo eg trur det, men det har nok og utvikla seg med tanke på at eg er gift med ein sjømann, og er mykje åleine i periodar.

Det livet som er «på» på ein måte når vi er alle saman i hus, og «på» på den andre måten når eg er heime «åleine» med gutane.

Desse to verda skal og foreinast på ein eller annan måte, finne ein overgong frå å vere åleine med alt ansvar til å vere to.

For mannjen er verkelegheita å komme heim, og finne ut kva nytt vi har funne på no?

For tru det eller ei, vi finn på nye ting her og, forskjellen på oss og andre er at vi øve på dei nye tinga lenge lenge, før det vert ein «ny ting».

blogg 25 des 5

Så, for han som kjem rett i frå sine rutine på båten, så er det ikkje det enklaste alltid å plutseleg ramle inn i «Ragnes war one»- kampen for ein harmonisk heim med minimalt med utbrudd, lekseregime som funkar, osv osv.

Og eg mi høne, eg trur jo sjølvsagt at mannjen som kjem trøtt og sleten heim etter 5 veke på sjøen skal vere tankelesar og vete alt eg har gjort av endringar  på momanget!

Go Ragne Beate liksom- årets kjærring!(NOT)

blogg 17 jan 1

Må leggje til at det går seg fort til heldigvis:)

I det siste har eg lurt litt på om eg forvente for mykje av dei som er rundt meg og.

I dag var vi ein tur på legevakta med eine guten vår, ikkje noko alvorleg, berre noko vi ville ha sjekka.

Så eg ringte legevakt sentralen og gav beskjed at vi kom, fortalte personalia, problemet, lat til at guten var autist og at vi måtte få komme inn.

Eg forventa då uten å tenkje meg om at sjukepleiaren som sat i andre enden visste kva autisme var, at born med autisme slit med kommunikasjon, språk og sansevarhet, og at det ikkje var sikkert at vi i det heile ville klare å få bornet inn på legekontoret.

Berre ved å fortelje at guten har autisme.

Trur de alle med sjukepleiar utdanning veit korleis autisme fungerar?

Same då vi kom til lege, eg forklarte problem, la til at guten hadde autisme og at eg ville gjere sånn og sånn, slik at legen skulle få undersøke problemet.

Under mi utgreeing tok eg det for gitt at denne legen kunne sin autisme, at han hadde stålkontroll på korleis eit autistisk born kan oppføre seg, og at mi åtferd på dette legekontoret då vart sett på som «normal».

For det eg veit kan det hende legen syntes eg var heilt på trynet, men grei og flink var han!

Guten og, fantastisk flink! Så vi fekk sjekka og ordna ut.

Men kunne allmenn legen på legevakta sin autisme?

Ikkje veit eg, kanskje,kanskje ikkje, veit ikkje..

Men, det eg veit er at besøket, det gjekk bra det, fordi sjukepleiaren og legen på legevakta har ein ting til felles:

«Dei stolte på mi dømmekraft som mor»

Dei lytta til kva eg sa, og agerte deretter, og prøvde seg ikkje på andre sprell

YES!

Blogg 26 april 1-4

Nei, eg kan ikkje forvente at heile verda skal kunne sin autisme, eg kan heller ikkje gå ut i frå at alle andre har denne inngåande kunnskapen som eg sjølv no tar for gitt- fordi det er blitt ein del av livet mitt.

Ein gjennomgripande del av livet mitt, som berre må vere der for at vi alle skal komme oss opp og fram, og det er heilt ok!

Men, jammen er det til stor hjelp å bli lytta til når ein fyrst må til pers!

Ei oppleving som kunne blitt skikkeleg trasig, vart så bra fordi vi vart så godt tatt imot!

Det var ikkje meir som skulle til, enn eit øyre til den som sit med skoa på, og ein aksept for at slik er det berre <3

 

Det kan kanskje vere noko å tenkje på?

blogg 8 april 4

 

<3<3 Ragne Beate