«Håplaus»

26. januar 2016

Det finnast ein liten plass bak i hovudet

Kanskje ein fingerbøl stor

Men den kan dominere mykje og bråke

Når makteslausheita blir for stor

 

«Håplaus» kallar eg plassen som finnast

Ein foræderisk og dum liten plass

Som kviskrar stilt når det passar

Eller bråke som vilt når den kan

 

«Det her det får du aldri til!»-brøle stemma

«Det her klare de aldri uansett!»

«Du er dum, du er teit ,du er håplaus»

«Vere realist, ikkje håp på at skal ting blir rett

 

På dagar når alt går på tverke er det lett å gje «håplaus» meir plass

La han få gjennomsyre hovud og hjarte

Ta vekk tålmod,

og gledje må gje tapt

 

Då kjem kjensla av eit system som jobbar mot deg

Der finn du ei heller din plass

Plassen til å utvikle og vidareføre

Berre masse paragrafar og anna snikksnakk

 

Og menneskje i systemet dei seier

HALLO, VÅKN OPP,OG HØYR PÅ OSS!

For vi veit kva som er best for de i verda

Fagfolk er vi jo til tross!

 

Plutseleg er ikkje «håplaus» lenger liten

Den er blitt frykteleg stor

Utmattande og lammande for mange

Er man verkeleg så liten på jord?

 

Eg trur kjensla av å vere liten aldri vert borte

Men «håplaus» kan vi jobbe med

At den ikkje får ta over showet

Når kvardagens krav står ved

 

Vi er ikkje håplaus vi foreldre

Som vel å kjempe ein kamp

For det kjæraste vi nokon gong har eige

..ved å av og til ha ein skarp kant

 

Så får mange meine så mangt om mykje

Om kva «alle saman» treng

Av behov, tilretteleggjing og integrering

Og alt anna i fleng

 

Tving «håplaus» tilbake i ditt hovud

Du er god nok nett som du er

Som menneskje, som forelder, som mamma

Som fagmor, som fag far, som deg sjølv

 

Å ha draumer er lov her i verda

Å feile like så

Det som held meg oppe på ferda

Er tanken om å aldri gje opp <3

 

blogg 20

<3<3 Ragne Beate