«Det vert ikkje barneselskap i år heller»

30. januar 2016

Provosert av overskrifta?

Hold your horses og lat meg forklare, det her er litt meir gjennomtenkt enn det kan høyres ut som.

blogg 30 jan 1

Å skrive det her blogginnlegget dagen før bursdagen til Georg og Laurits sit litt langt inne, eg hadde eigentleg bestemt meg for å la temaet ligge, då eg forklarte det fint for foreldra til klassa til gutane på foreldremøte i 1 klasse, det har aldri vore eit tema verken negativet eller anna verken mellom gutane og oss vaksne, eller mellom gutane og andre born.

Men eg har bestemt meg for å gjere det alikevel. Fordi det er eit alternativ.

Det er eit alternativ å ikkje invitere til barnebursdag.

Det betyr ikkje at du ikkje ynskjer at bornet ditt ikkje skal vere ein del av ei klasse eller eit klassemiljø, det betyr heller ikkje at du ynskjer å fråta bornet ditt gledja av å feire bursdagen sin ilag med klassekameratane sine.

For eg skulle veldig gjerne ha ynskja at begge mine gutar både kunne ha evna å gå i selskap og invitere i selskap.

Nei, dette handlar om å ha eit utbyte av eit selskap, å ha ei forståing av eit selskap, å ha ei gledje av eit selskap, og å kunne kose seg på sin eigen dag, utan at det vert ein stressfylt og overveldande oppleving.

Og der er vi ikkje endå.

blogg 30 jan 2

Det handlar og om å få heimen sin full  av andre, noko vi ikkje er komfortable med, om å få tinga sine omrokkert på, tatt på, leika med osv osv.

Eg trur eg har ei og annen mamma eller pappa som nikkar med meg no 😉

I år som i fjor satt eg meg ned og snakka med gutane om selskap, brukte teikn, bilete og forklarte kva det ville innebære med fest,men kom ingen veg.

Det vil ikkje seie at vi ikkje kjem dit, for det trur eg at vi gjere, men per no er vi ikkje der.

For ikkje mange år sida kvidde eg meg som ein hund til bursdagen til gutane, då heile dagen berre vart eit stort kaos.

Eg huske ein gong, eg trur det var 4 års dagen, då visste vi ikkje kva vi skulle gjere for å holde dei i ånde, dei roa seg ikkje før lysa på kaka var blåst ut.

Det var då det gjekk opp for meg at deiras definisjon av «bursdag» var å blåse ut lys- ikkje bursdag i seg sjølv!

I år har vi i forkant hatt ei kjempegreie med at vi ikkje skal ha krone i år, då vi går i andre klasse. Krone er forbehalden barnehagen, ein gong må vi stoppe med det og liksom.

Små ting for mange, men det er store bøygar for oss, og vi kan ikkje bere forsetje med ting heller, ein gong må vi stoppe og!

Skjønar de?!? Det her bursdags greiene er søren meg ikkje enkle saker!

I fjor var første året vi klarte eit ok gjennomført familieselskap.

I år håpe vi på eit ok+ selskap, kvart einaste år går det litt og litt betre.

Eg har blitt utfordra på «Titanitc» og «HMS Belfast» kake, eg trur de skal få sjå bilete av mine tapre forsøk i eit blogg innlegg i morgon 🙂

Selskap eller ikkje, velg sjølv!

Om de får det til, heilt topp! Om det ikkje får det til, så ikkje gå i kjellaren av den grunn, start i det små og bygg oppover <3

Kanskje etter eit ok+ familieselskap i år prøve eit barneselskap neste år?

Tida vil vise.

Poenget mitt er at det blir liksom forventa at ein skal og at ein må, og at ALLE må vel syntes at eit selskap er kjekt?

Vel, då får eg vel vere den sære dama som seie at det tykkjer ikkje eg!

Bursdag skal vere gøy og kjekt for den som har bursdag!

For når alt kjem til alt så er det bursdagsbornet(x2) som er 8 år.

Ikkje alle andre rundt!

 

Vi snakkes!

blogg 30 jan 3

 

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • Helga Iren

    Du fe gratulere supergutane med dagen frå meg, og du veit eg er så samd, så samd 🙂 bursdag er deira dag, og då bør/skal den feirast slik at dei kosar seg. So fe dei heller prøve å tilpasse seg når alle andre har bursdag. Men morgadagen e deira sin <3 ( og litt min 😉 )