Entries from januar 14th, 2016



Hjelpemiddel søknad for «tid og sånn»

posted on: 14. januar 2016

«Det er mykje rart som tek opp plass i garasja» pleie eg å seie til min mann når han finne ut at han treng eit nytt verktøy.

No skal det no seiast i hans favør at kvar gong han kjøpe eit verktøy så spare han oss for mykje pengar fordi han gjere det han skal sjølv, og ikkje leige inn folk, men eg prøve meg no alltid eg då, om det er i garasja det skal berre ligge dette «vidunderverktøyet» 😉

blogg div

(kremt!)

Litt det same forholdet har eg til hjelpemiddel. Det er ørten tusen ting ein kan søke på, men treng ein det?

Treng ein garasja full i hjelpemiddel, eller treng man hjelpemiddel med funksjon som faktisk hjelp borna i kvardagen?

Vi har minimalt med hjelpemiddel her heime, men det er nok fordi eg har vore sta og egen og brukt mest penn og papir til våre forbereingar.

Alarmar til dører fekk vi tak i på Claes Olshon, dei er no så falske etter år med bruk at eg trur ein innbruddtjuv hadde flira seg skvett forderva om han hadde prøvd å ta seg inn.

Men dei funke altså, då vi kjøpte dei for ein 4-5 år sida var dei 99 kr stk- slike magnet greier der ein feste eine te døra og andre til karmen, funka som fy!

Men, no har eg altså vore å «shoppa» med ergoterapauten i kommuna, og søkt om fleire timestokkar og handi.

«Handi Note 3 er en aktivitetskalender med tilpasset programvare.Den gir stor og tydelig oversikt over dagen og minner deg automatisk på dine gjøremål året rundt»- tatt frå albila si side.

http://www.abilia.com/nb/service-og-support/oversikt-produkter/handi-oversigt

Eg legg ved linken til albila, så de får sjå kva «handi» om de vil lese om den.

Om gutane er klare for «handi» er vi ikkje sikre på, men vi vel å prøve no, då dei er særs opptatt av duppedingsar.

Grunnen til «handi «no er at tid er blitt ei utfordring, og ein hemsko i forhold til at vi opplev at gutane vel vekk aktivitetar fordi dei ikkje veit blant anna tidsperspektiv og mistar kontoll.

ugle

 

«LÆR DEI KLOKKA»- var det ein smarting som sa.

«Dei kan klokka»- svarte eg, «men dei kan ikkje tidkjensle,».

Dei veit ikkje korleis starte, vere i og avslutte.

I tillegg kan «handi» vere ein trygghet for dei ute i det sosiale offentlege rom utan mamma og pappa- på sikt- når dei vert store- og skal vere aleine- noko eg ikkje vil tenke på akkurat no kjenne eg..

Blogg 28 april 1

Men ein gong må dei det og.

Kan ein bli for avhengig av duppedingsar?

Heilt sikkert, men viss alternativet er å velje vekk- så går eg no for duppedings!

Time stokk er det andre vi har bestilt- MED dusjhette!

http://www.abilia.com/nb/produkt/timestokken-8-minutter?product_category=9

Aha! Då skjønar de  kor eg skal bruke den i ei overgongsperiode 😉

Dusj er og blir ei utfordring, og mykje går på dette med tid, mengde med såpe, utrygghet osv osv.

Så, ved hjelp av timestokken skal vi no prøve om vi kan få dusj litt meir artig, oversikteleg og på sikt sjølvstendig.

Med diode som tel ned, så ein veit når ein startar dusj og når ein sluttar , det med å få inn den kjensla av meistring.

Om vi lykkast?

Anar ikkje, men den som intet vågar intet vinn tenkjer eg <3

Sjølvsagt skal ikkje gutane dusje åleine, men på sikt så må dei jo det- slike ADL ferdigheter føle eg er særs viktig å få inn tidleg.

Det har noko med verdighet å gjere kjenn eg på!

Hjelpemiddelsentralen har mykje løye, nyttig og bra, eg har fått god hjelp av vår ergoterapaut i kommuna, eg veit ikkje korleis det er organisert i andre kommuner, men det kan vere verdt ein prat om de føle de treng litt «duppedings hjelp» eller anna .

Eg føle det her blir ein «to be continued» sak- viss vi får produkta innvilga då- med NAV-det gjenstår å sjå!

 

Wish med luck ;);)

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

«Han kan no ikkje ha så veldig masse autisme-han ser jo rett på meg!»

posted on: 13. januar 2016

Den har eg hørt et par gonger, eg orke ikkje lenger kommentere det når det kjem.

Eg kunne brukt all tida mi på å forklare kor lang tid vi brukte på å få blikket opp, eg kunne ha sendt med vedkommande telefon nr til pedagogen, så ho kunne ha understøtt mi forklaring.

Eg kunne og ha brukt nokre timar på å forklare vedkommande at eit blikk ikkje alltid er eit blikk når det kjem til mine born med autisme.

Og at ein må tolke det man ser.

Men eg orka ikkje, vedkommande hadde bestemt seg.

For å vere heilt ærleg så var mennesket ikkje verdt energien, dette var nokon som visste meir enn meg tydeligvis, eller trudde.

Kanskje ho ville trøyste meg og, sei at det nok gjekk over-på sin måte?

Men eg er liksom litt ferdig med sånt eg- dog hadde det vore for 2 år sida hadde eg sikkert tatt bunntenning, blitt både sint, indignert og lei meg.

Eller om eg hadde hatt ein dårleg dag, det er endå dagar som er slik, eg er berre eit menneskje eg og.

blogg 26 nov 2

Men det fekk meg no til å tenkje litt då :

«Fokus er ei strevsom oppgåve for born med autisme, felles fokus er krevjande, for ikkje snakke om å halde fokus.

Kan det vere slik at det er slitsomt for dei å sjå på meg heile tida?

Kanskje er det difor dei prøve å lure meg?

Eine guten min kan « sjå» på meg, og eg kan sjå at han ikkje er tilstades alikevel.

Han har ikkje fokus rundt det vi skal ha fokus på, han har vandra vidare i «tenketanken» sin i hovudet, og er ein heilt annan plass.

Spesielt når han er trøtt .

Andre gonger går blikket litt på «skrå»- då er han med, men kanskje for sliten til å sjå rett på meg.

Akkurat det «skråblikket» er kanskje ein sjølvinnlært forsvarsmekanisme, det gjere jo at vi ikkje masar på : « sjå på meg» – ikkje sant?

Bare ein teori eg har.. det er vanskeleg å vete.

Men, når det er noko gutane vil ha, noko dei virkeleg ser det likt at dei berre MÅ ha tak i?

Ja, då er blikket sylkvast og intimsværa 2 mm- «Mamma- sjå på meg!»-seier dei då.:)

blogg 18 nov 1

Ser de?

Masse forskjellige måtar å bruke blikket på, i forskjellige settingar.

Og eg veit kva setting som er kva, fordi vi har forska oss fram til det etter mykje prøving og feiling.

Frå då borna våre satt med hovudet ned og ikkje løfta blikket i det heile, til dei to som i dag klarar å følge med i mykje større grad:)

(Og det er eg så glad for!For her har EIBI treninga verkeleg hjulpe, og fokuset vi har hatt heime på å finne vår veg.:))

Eg veit fordi dei er mine- eg kan mine, men eg kan ikkje dine sine born, det er ikkje sikkert dei bruke blikket slik som mine gjere.»

Alle er forskjellige, heldigvis!

 

« Det er lett å dømme det man ikkje kan sjå»- sa eg i Norsk Ukeblad

blogg 27 pril 4

 

Utan tvil seier eg i dag!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

Kva kan mamma forvente , nå du blir «stor»?

posted on: 11. januar 2016

« Mamma sit med ein kaffi og ser på sine søte små, eine teiknar båtar, «Wall of boats» på veggen aukar dag for dag, den andre sit og skriv ynskjeliste til bursdagen sin, med produkt nr og alt med, her vert ingenting overlatt til tilfeldigheitene.

blogg 11 januar 1

Begge desse aktivitetane har mamma satt de til å gjere. Oppmuntra til ynskjeliste skriving når du sa du kjeda deg, og henvist den andre til å teikne båtar, når snurringa tok overhand på golvet.

Mamma var der og guida, la til rette, skapte eit fokus, og skryt hemningslaust når de begge kjem med resultatet!

Og det var ikkje halvhjerta jubling, for mamma vert imponert og stolt, og ikkje så reint lite rørt over evna som ligg i de både, når evna berre får hjelp til å komme ut!

Mamma veit at ho har ein konkurent framover, ved navn «passitivitet».

Dess eldre de blir, dess meir heimekjær blir de, sletne av travle kvardagar, og dess meir må mamma leggje inn aktivitetar som gjere at de kjem de ut, og får oppleve.

Kampar mamma må ta, samstundes som ho sikrar at aktivitetane vert trygge og forutsigbare, og gjer meistring- slik at ein byggjer ein god relasjon til det som er «der ute»- og at det på den måten gir meirsmak.

Du kan trygt seie at mamma glede seg til campingsesongen startar! Eg håpar begge de gjere det og <3

blogg 17 mai 2

Men kva skjer når de vert «store»?

Når ikkje lenger mamma er der for å skape aktivitetar for dykk?

Finnaste det eit regelverk som sikrar de ein kvalitetsfull kvardag?

Vil de kunne dra nytte av ein BPA (Brukarstyrt personleg assistent)?

Evne de å klare å gje utrykk for eigne behov og ynskjer?

Mamma spekulere, det er for tidlig å seie..

Og kva om de skal bu i eit bufelleskap.

 Vil de få assistentar som tek de med på turar? Fisking frå kaia, tur til havet for å kaste stein i vatnet eller flyndrekasting?

Eller treningsturar på fjellet, der de spring som galne frå fluger og ropar høglytt når de ser ei ørn?

For slikt har de rønkensyn for, de kan sjå ørner på «mils» avstand <3

Blogg 29 april 1-3

Vil de få overnattingsturar på hytte eller i campingvogn? Kinobesøk?

Og kva med sumarferie? Har ein sumarferie i eit bufelleskap? Eller er det forventa at ein skal vere 365 dagar i same bygg, og det er bingo lotto om ein kjem seg nokon plass utanom , då det krevs at ein har foreldre som er friske og førige ,og som kan komme å hente med heim?

(Mamma kan ikkje garantere at ho er frisk om 20 år, like lite som ho kan spå kvar de havnar tilslutt…)

blogg 6 des 4

Er det rom for slike utskeielsar? Eller- er det berre rom for eit system?

Eit system som sikrar «det viktigaste»- og ikkje det som gir livskvalitet.

Det viktigaste i form av mat, ei seng, eit tak over hovudet, og nokon som passar på at de er på plass til natta.

Er det nok? Skal det ikkje vere noko meir? 

Mamma drikk kaffien sin ferdig, og i det ho snur seg kjem ein liten stor gut som gjer ho den beste klemmen ho kan få og som kviskrar : « Mamma, eg er glad i deg»..

Det er i det augeblikket mamma veit at eit system ikkje er godt nok, det kjem aldri til å bli godt nok- berre verdighet, livsutfolding og kvalitet er!

«Different but NOT less!!!»

blogg 13 mai 3

 

<3<3 Ragne Beate

Skøytehelg, mobilt breiband, og målgang med stil:)

posted on: 10. januar 2016

Vi har hatt ei aktiv ute helg denne helga:)

Gradestokken kraup med mot 10 minus, og skuleplassen her i bygda vart sprøyta med vatn så vi fekk skøyteis, så her var det berre å finne fram skøytene og utnytte tida før mildveret igjen er over oss på vestlandet.

Underteikna måtte gå til innkjøp av «Hello Kitty» skøyter, då det var det einaste som var å oppdrive i min størrelse både på øy og fastland.

blogg 10 jan 1

Men, det er vel eigentleg helt på sin plass at også familien Larsen får seg eit «Hello Kitty» produkt i heimen, gutane syntes i alle fall det var på sin plass 😉

Eg har vore heldig og fått tid med tvillingane, og aleine tid med dei to av dei eldste gutane våre.

Eg er jo stemamma til to, den eine bur her hos oss, mens den andre bor hos mammaen sin, og han var på besøk denne helga:)

Så Jakob på 10 syntes det var fantastisk kjekt å vere med storebroren på snart 16 på skøytebana, men gamla (les meg) på slep 😉

Eg hadde det vel så artig eg! Og set stor pris på denne tida og <3

Vi fekk tak i eit par med skøyter , så gutane skulle få prøve dei og.

Georg er ein tøffing- tvilling 1, den som går på, så han spente på seg skøytene, og det tok ikkje lange tida før han gjekk på skøyter som ein prest 🙂

blogg 10 jan 2

Laurits derimot er av ein heilt annan kategori, han er meir forsiktig,har ein heilt annan motorikk enn broren, og har heller ikkje same uthaldenheita.

Han lev meir i nuet, fokus tek tid.

Men han prøvde, og det er eg stolt av! Og sjølv om han ikkje fekk det heilt til denne gongen, så går det kanskje nesten gong?

Og ikkje minst, det viktigaste  er at han og kan kome på skulen på måndagen og fortelje pedagogen sin at han har gått på skøyter i helga, at han og har prøvd!

Meistringskjensle er så viktig!

Dog eg fekk meg jo ei utfordring i dag, då eg var aleine med gutane, eller dvs det var eg ikkje, for eg hadde med meg dei to store gutane og,(eg hadde ikkje prøvd utan at dei hadde vore med å hjelpt meg), men dei kan ikkje ha gutane aleine.

Georg meistra og ville skøyte meir, Laurits hadde fått nok og ville berre rømme heile plassen, han trengte ro og skjerming.

Korleis løyse det her slik at begge kunne få det dei trengte?

Jo, mi løysing heiter «mobilt breiband»- eller «campingvogn internettet vårt».

blogg 10 jan 3

Vi har eit mobilt breiband som vi bruke i campingvogna, men det er jo kun i bruk i 5 mnd i sesongen, SÅ- eg har tatt det mobile breibandet over i bilen min.

Betale for heile året gjere vi jo, så kvifor ikkje bruke det?

Bilen min kjøyrde eg så nær skøytebana som eg kunne ,så eg hadde full kontroll, så då Laurits hadde nådd si tålegrense, fekk han lov å sitje i bilen og ha pause-med ipad og internett, mens broren fekk gå seg ferdig på skøyter!

TAKK OG LOV FOR TEKNOLOGIEN!

Så kan de seie kva de vil om IPad bruk og internett og dagens born og ungdom!

For, her snakkar vi ikkje om «Uvetig Ipad bruk»- her snakkar vi om tilretteleggjing, funksjon og ein god avslutning på ein aktivitet som hadde gått frå bra til elendig for den eine om  han ikkje hadde fått pause, og frå bra til elendig for den andre om han ikkje hadde fått gått meir på skøyter.

Slik nådde vi vår målgang denne gongen med stil 🙂

No skal sekkane pakkast for morgen dagen, og eg har ei ny veke forran meg som grasenke, men klage det gjere eg ikkje, eg er berre glad mannjen endå ha jobb!

Ha ei god veke som kjem, så høyres vi 🙂

blogg 1 des 5

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

«Du må beise sjarken din gut, ellers søkk han!»

posted on: 7. januar 2016

Etter ei rotete natt, trøblete morning og dritsur Ragne, gav eg katten i husvask, klesvask og stakk på fjellet- det her kallast ikkje trening, men mental restitusjon, det funke kver gang!

blogg 7 januar 1

Med musikk på øyret og sola skinande i augene begynne sureriene og forsvinne og tankane å vandre.

Kvifor er det slik at vi menneske utan problem klarar å få aksept for at vi må ta vare på dei materielle tinga våre, men å klare å få nok ressurser til eit born  med funksjonhemming eller anna problematikk som treng kompetanse og støtte, det skal vere ein hurlumhei leik av ein anna verd?!?

Der skal alt vurderast opp og i mente medan tida berre tida går og går og går..

blogg 7 jan 6

Vi male huset vårt kvart 5 år- det må vi jo, ellers råtne jo huset, og viss huset råtne, jau- då vert vi jo huslause.

Vi hyle og skrik kvart eit einaste år over at vegane vert salta, då det øydelegge undersida på bilane , noko som gjere at bilane ruste, og tilslutt vert øydelagt.

Og det har vi jo ikkje råda til- det er jo dyrt å kjøpe ny!

For øvrig hyle eg like høgt om det ikkje vert strødd, då eg er ei pyse på vegen med ei Caravelle som likar å slengje seg i svingane- men det  er no ein heilt anna sak- eg er i hyelkoret eg og altså!

blogg 16 august 2

Vi forsikre oss for alt frå hummar til nykokt kanari- og vi er PÅLAGT å ha røyvarslarar, brannstigar og du gud bedre meg i huset vårt- slik at vi skal berge oss ut om  det vert brann.

Men, at bornet med Asberger skal få 2 timar ekstra assistent, eller at bornet med ADHD treng skjerming og tilrettelegging i gym, eller at ein treng assistent i FRIMINUTTET, fordi det er i FRIMINUTTET det er utfordrande å vere liten, og ikkje inne i klasserommet , der strukturen er god og fin, DET vert eit kjempeproblem, som trengs dokumentasjon omtrent på kongsnivå.

Mamma og pappa slit seg ut, lærar fortvile, og kva med bornet?

Det er jo bornet som lide mest dessverre, tenk over det ein gong til! Det er bornet som er taparen, ikkje eg,du eller systemet!

blogg 7 jan 3

Bli med meg på eit lite tankeekspriment:

« Sjå for de at ein brukar ein brannalarm som bilete på sikring av eit tiltak i skulen.

Eit tiltak i skulen der bornet treng meir enn «vanlege» born i normal skulen.

Ved å installere denne brannalarmen har bornet fått ei sikring, men det betyr ikkje at det er no er nok hjelp.

At vi no kan lene oss tilbake og tenkje at ved at den brannalarmen er satt inn så er vi klare for det meste, og kjem oss ut om det skulle byrja å brenne.

For alarmen vil gå.

Den vil gå ved store brann tilløp, ved små brann tilløp, den vil gå når andre trykkjer på knappen, og det vil gå falske alarmar.

Poenget er at sida vi har ein brann alarm så har ein mogeleghet til å setje inn tiltak før ein står i lys lue, meltdown er eit faktum og alt blir berre så forferdeleg leit!

I lange perioder kan ein og oppleve at brannalarmen ikkje går av i det heile tatt, men skrur du ned brannalarmen din heime om den ikkje har pipe siste 2 mnd?

Tenke at  no treng vi ikkje den lenger, for det har no ikkje brent her i huset til no?

Flåsete sagt eg veit det, men slik er tankegangen ofte i skulesystemet!»

blogg 21 septmeber 1

Utan «brannvarselar»,  utan ressurs kjem det ofte leie og dumme episodar.

Og etter ein episode skal det vere ein debrif.

Då går man igjennom kva som har skjedd, når det skjedde, kvifor det skjedde, og skal finne ein syndebukk.

Det er vi flinke til, kjempeflinke til å finne kven som har feilen, men kanskje ikkje kvifor feilen oppsto?

Forståinga om kva som gjorde at eit meltdown vart eit faktum.

For det var ingen som kunne varsle at det kom…

Eg håpe at tida no er moden for å sjå borna  våre, ta deira behov like alvorleg som å ta vare på bygningsmasse eller bil.

Spesielle born treng ein «spesiell» brann varslar, dei treng å bli sett og tatt på alvor.

«Viss du ikkje beise sjarken din gut, så søkk han»- sa bestefar

Dei flyt ikkje så godt borna heller-utan hjelp!!!!!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Kvifor er forskjellande så store?

posted on: 5. januar 2016

Fyrst vil eg takke for masse kjekke og fine tilbakemeldingar på artikkelen vår i Norsk Ukeblad.

Eg blir veldig glad når eg får høyre at folk kjenne seg att , eller føle dei får formidla noko gjennom det som vert skrive.

Det betyr mykje for meg,eg føle meg ikkje aleine sjølv heller då, når andre og har det slik og.

Fleire prosjekt er i emming, så de blir nok ikkje helt kvitt meg 😉

Norsk ukeblad 1

Eg er svært prega som mamma av historia om 13 åringen som døydde nyttårsaften.

Kjem ikkje til å ta nokon diskusjon på det i mitt blogg innlegg, då eg ikkje veit meir enn de alle andre gjere via media.

Men som ei tigermamma som kjempe for mine så er det vondt å lese om ei anna mamma som miste sitt born. Slikt gjere noko med ein, det gjere noko med meg, får meg til å tenke og reflektere, blir både redd, sint og lei meg.

Samstundes får eg høyre fleire andre historier og, det går på mobbing, det går på manglande avlastning, det går på sikring, på å bli trudd, høyrt og forstått.

Kvifor er forskjellane så store rundt om i Noregs land, på korleis ein blir møtt?

blogg 24 sept 1

Når det kjem til mobbing er det jo ein nasjonal kamp i skulane mot det, men alikevel klare vi ikkje å få bukt på det.

Og veit de, no kan det hende eg provosere de alle, men når eg ser kva som er skriven i kommentar felt på nett om saker som ligg der, så skjønar eg godt at vi slit med å få bukt med mobbing!

For er det nokon som mobbar, så er det vaksne folk!

Sånn—då var det sagt, så får vi håpe eg ikkje kastar stein i glas hus.

Har vi for lite kompetanse til å klare dei utfordringane som skulane og samfunnet står ovan for?

Har vi for lite pengar til å klare å handtere store klasser? For liten vaksentetthet i klasser som treng det lisje ekstra?

Går det på vilje frå oss vaksne til å møte born, lytte og agere?

Har vi nok ressurs til å sjå?

Går det på vilje- vaksen til vaksen- å evne å ta innover seg medmennesket si utfordring, og ilag gå inn for å prøve å løyse den?

Eller er det ingen som vil ta utfordringa, problemet, det vanskelege, så difor er det lettare å sende det vidare til ein ny etat, istaden for å ta det der og då.

Eg veit ikkje, eg berre stille fortvile over at samfunnet vårt er blitt slik!

Å bli møtt med forståing, respekt og toleranse er noko vi alle vil, om ein har det sånn eller slik.

blogg 1 des 5

Dette med å bli tatt på alvor når ein kjem med ei utfordring, dag 1- ikkje etter dag 100!

 

Mine gutar lære no i andre klasse fyljande:

 

« Ein skal vise ansvar-omsorg og respekt»

 

Vi har ein lang veg å gå for å oppnå det!

blogg 5 jan

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein hard start på skuleåret.

posted on: 4. januar 2016

Velkommen 4 januar, dagen då skulane begynn att, heile Noregs befolkning skal starte eit nytt og bedre liv ,der sjokoladen skal vike for brokkoli, utrente stinne julepølser av nokre kroppar skal ut i løypene, innta treningsentera, no skal vi få orden på skroget!

blogg 4 jan 2016

Eg hadde litt anna å stri med i dag enn å tenke på badevekta, for her ville vi ikkje gå på skulen.

Veit det kvifor eg ikkje likar feriar?

Det er vel nærliggande å tru at det er fordi det er travelt å vere heime med dei 24/7 og heile tida måtte ha oppsyn.

Og det er for så vidt og sant, men det er rutinebruddet som eg syntes er vanskeligast med ferie.

Det er ein overgong å komme seg inni feriemodus.

Og når ein endeleg har kommen dit, ja då er det ein ny overgong for å kome seg i skulemodus.

Ja, KVAR einaste ferie er slik, utan unntak!

Det er ikkje slik at borna mine «lære» frå haustferien til juleferien, at vi har ferie sånn og sånn, også etterpå så må vi sjølvsagt gå på skulen.

For dei er overgongen mellom ein ferie og ein skulestart like opprivande kvar gong.

blogg 30 juni 1

Tiltross for eit kongeopplegg på skulen, og ei over middels forbereidd mor her heime.

Januar er ekstra vanskeleg, fordi det er då vi voksne og så gjerne vil ha forandring, masse forandring!

Eg hadde meg lekse i dag tidleg, då eg kika inn i kjøleskapet og proklamerte høgt og tydeleg:

«No skal vi ha ei forandring her, det blir ikkje verken sjokolade eller anna før på laurdag, og vi skal ha skikkelige middagar framover- det skal eg bare love de alle, no blir det andre boller

Den eine guten min ser heilt fortvila opp på meg og seier: «Mamma, skal ingenting vere som før no lenger då?»

«Søren og Ragne»- tenkte eg! «Det der var ikkje smart!»

blogg 14 augst 2

Kva som bikka oss i dag, det veit eg ikkje, om det var spenning og angst for skulestart, mi eiga «forandrings tale» eller at vi var frykteleg trøtte i dag tidleg, det vart i alle fall ikkje så kjekt.

Gutane kom seg avgarde, men ikkje slik eg hadde ynskja å starte 2016.

Eg trur vi har ein tendens til å gløyme kor vanskeleg ein slik overgong kan være, eg trur vi og gløymer at born høyre kva vi seier.

Mine gutar har autisme- dei er ikkje døve.

 

Forandring fryder ikkje!

 

Vi satse på ein betre ettermiddag og ein ny start igjen i morgon 🙂

blogg 6 april 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

Tilbake til kvardagen fort som fy!

posted on: 1. januar 2016

Det finnast like mange tradisjonar i dei forskjellige heimane i Noreg, som det finnast heimar.

Nokre har tradisjon om å ha jul til 13 dag jul, andre skal ha jul til 20 dag jul.

Andre vil ha jul lengst mogeleg, mens andre vil ha den fortast mogeleg ut.

Eg er i UT kategorien, verken meir eller mindre.

1 nyttårsdag betyr vekk med juletre, ut med raudt, inn med kvardagen.

blogg 23 des 4

Og eg må berre seie at det er ikkje berre gutane mine som trekk eit langt lettelses sukk når jula går på hovudet ned i gjennomsiktige boksar med lokk.

blogg 1 jan 1

De kan no tenke dykk sjølve, når ein mentalt er ferdig med jula den 24 desember klokka 1735, så er det jo ei utruleg god kjensle når den fysisk og forsvinn.

Mange syns det her er merkeleg,at eg bruke fyrste dagen i året på å kvitte meg med alt som er raudt, og eg har fått nokre spørsmål oppigjennom om eg ikkje kan vente nokre dagar til.

Sanninga er at det kan eg ikkje, ikkje om eg hadde villa eingong.

For når det nye året startar, så må vi starte det rett.

blogg 1 jan 2

Og ein rett start på 2016 er at det igjen er over 300 dagar til neste jul,(difor må jula ut) det er 30 dagar til bursdag og 8 års dag.

Vi må avtale sumarferien fyrste dagen i det nye året, og leggje inn ynskjer for eventuelle campingturar.

Motorik parken i Lærdaø er allereie på lista, same er eit ynskje om Lillehammer og Hunderfossen.

Vi må snakke om kva vi ynskjer oss til bursdagen, og lage oss ei liste, og vi må finne fram ny kalendar for 2016, slik at vi kan krysse av kvar morgon klokka halv 7, slik at vi har kontroll.

Også tel vi ned dagane til skulen startar igjen.

Eg glede meg!

Eit heilt nytt år står ubrukt forran oss, og eg gler meg til å ta det i bruk!

Og, neste veke finn de oss i Norsk Ukeblad og, fant oss på forsida i dag gitt 😉

blogg 1 jan 3

4 sider autisme stoff finnast inni, ein liten del av historia vår.

 

Ha ei riktig god helg, og nyt siste dagane-med eller utan jul 🙂

 

<3<3 Ragne Beate